Appkunst?

Appkunst?
Cover image

Bildebokapp
Tittel: Elleville Elfrid og sykkeltyven
Utviklet av: Ravn Studio og Kool Produktion
Utgitt: 2014

Elleville Elfrid og sykkeltyven

Ravn Studio og Kool Produktion

2014

["89"]


Cover image

Bildebokapp
Tittel: Mister Mjukis
Illustrasjon: Yngvill Hopen
Lest av: Erlend Nervold
Utviklet av: Aleksander L. Nordaas
Utgitt: 2015

Mister Mjukis

Aleksander L. Nordaas

2015

["89"]


Cover image

Bildebokapp
Tittel: Frøet
Tekst: Charlotte Bråten
Illustrasjoner: Rune Markhus
Utviklet av: Gyldendal
Utgitt: 2014

Frøet

Charlotte Bråten

Gyldendal

2014

["89"]


Dei tre barnebokappane Sykkeltyven, Mister Mjukis og Frøet kjem neppe til å bli ståande i barnelitteraturhistoria, men minst ein av dei ser i alle fall ut til å ha ambisjonar om å vere noko meir enn eit reint underhaldningsprodukt.

Å lage bokappar er dyrt. I tillegg til å lønne forfattaren, illustratøren, litterære konsulentar og redaktørar, skal programmerarar og grensesnittdesignarar ha betalt for arbeidet med å setje saman appen. Det er derfor lett å forstå dersom forlaga satsar på konvensjonelle historier med godt etablerte figurar i hovudrollene, men også ekstra gledeleg når dei vågar å satse på mindre kommersielle strategiar.

Elleville Elfrid og sykkeltyven

Barne-TV-helten Elleville Elfrid er ein slik etablert figur, og Sykkeltyven ein app i den første kategorien. Ambisjonen til Ravn Studio ser ut til å ha vore å lage ei spennande krimforteljing for dei minste. Det har dei fått til. Plottet fungerer svært godt: Henrik får ny sykkel til bursdagen, men allereie natta etter stikk nokon av med tohjulingen. Elfrid og Henrik er sympatiske detektivar det er lett å heie på, og dei potensielle skurkane er mange nok til at løysinga på sykkelmysteriet på ingen måte er opplagt.

Ved første gjennomgang er Sykkeltyven med andre ord svært spennande. Spørsmålet er berre i kor stor grad historia toler fleire gjennomlesingar? Når krimgåta er avslørt er det for eksempel lite å hente i teikningane. Illustrasjonane er fargesterke, men framstår utover det som rimeleg slappe.

Dette betyr ikkje at Sykkeltyven vil vere eit bomkjøp (appen inneheld både eit puslespel, bildelotto og moglegheiter til å fargelegge illustrasjonane i forteljinga), men som «appkunst» blir uttrykket for overflatisk. Teksten er for eksempel utelukkande til for å fortelje historia frå A til Å. Det same gjeld lydbilete. Bakgrunnsmusikken bidreg fint til spenninga, men er også svært konvensjonell: Vi får servert lyse tonar når karakterane er glade, og mørke tonar når spenninga skal intensiverast.

Sykkeltyven

Mister Mjukis

Der krimgåta i Sykkeltyven er godt strukturert ved hjelp av grep frå konvensjonell historieforteljing, er eventyret om Mister Mjukis mindre stramt komponert: Ei prinsesse arrangerer ein konkurranse for kjæledyr, men landsbyen lar ikkje Mister Mjukis få vere med. Mister Mjukis er nemleg ein slags monsterhund. Dette kunne vore utgangspunktet for eit dramatisk plott, men spenninga blir aldri utnytta. Prinsessa er av den tolerante typen, og det bli (for) raskt avklart at ho ikkje godtek at nokon blir halde utanfor gruppa fordi dei ser monsteraktige ut.

Under konkurransen dukkar ei ny fare opp. Ein drage angrip byen, og vil ete prinsessa. Også dette burde skape intensitet, men dei avgjerande scenene er for kjapt unnagjort til at spenninga blir godt nok bygd opp.

Moralen i forteljinga er dessutan velmeinande banal: Ingen må mobbe dei som ser rare ut, dei kan kome til å vere redninga vår når faren truar. Vi kjenner strukturen frå eventyret om Den stygge andungen, men i motsetning til andungen slepp Mjukis heldigvis å forvandle seg til ei svane for å bli akseptert.

Mjukis

Teknisk suveren

Når Mister Mjukis likevel er underhaldande er det altså ikkje på grunn av eventyret i seg sjølv, men forteljargrepa til Aleksander L. Nordaas og teamet hans. Mister Mjukis er overlegent den av dei tre appane som gjer mest ut av det digitale formatet. Appen har flest animasjonar, flest element å trykke på og flest lydeffektar. At perspketivet på kvart oppslag forandrar seg alt etter korleis du held ipaden bidreg til inntrykket av ein uvanleg avansert bokapp.

Illustratør Yngvill Hopen fangar blikket vårt med sterke fargar og serverer detaljerte oppslag ein kan bruke lang tid på. I motsetning til kva som er tilfelle i Elfrid-universet har teikningane til Hopen mykje tekstur. Tunga til Mister Mjukis er tydeleg raud og ru, og pelsen akkurat så flekkete og skitten som pelsen til eit motbydeleg monster skal vere. Illustratøren og dei andre appmakarane har også variert perspektiva på ein svært god måte: Frå landskapsbilete og store totale utsnitt, til nærbilete sett frå perspektivet til ein av karakterane.

Historia om Mjukis merkar seg også ut ved å vere fortalt på verseform. Grepet er godt gjennomført og svært underhaldande. Skal eg vere streng framstår det kanskje litt som ein fiks idé utan ein nødvendig motivasjon, men det vil neppe unge appkonsumentar tenke på.

Slik høyres det ut når prinsessa kjeftar på folket sitt:

Dere er rablende gale.

Dette kommer ikke på tale.

Hva er dette for slags arroganse.

Alle fortjener hver sin sjanse.

Fire poter eller ti –

det har vel ingen ting å si?

Jeg krever at det vises toleranse!

Teksten over er min transkripsjon av framføringa til Erlend Nervold. Mister Mjukis har nemleg ikkje tekst på skjermen, berre forteljarstemme. Også dette grepet fungerer godt, men ein bør altså styre unna denne appen dersom målet er lesetrening.

Dyktig forteljar

Der musikken i Sykkeltyven er brukt godt til å bygge opp stemninga, serverer Mister Mjukis oss innhaldslaus og repetativ fløytemusikk som i liten grad bidreg til å skape kjensler hos publikum. Den nemnde forteljarstemma til Erlend Nervold er derimot tydeleg og godt variert. På sitt beste er Nervold når han må hoste og harke fordi skjermen har blitt fylt av røyk frå den skumle dragen. Dette oppslaget framstår som eit glitrande døme på korleis opplesinga og animasjonane kan samarbeide og gjere appen til noko meir enn berre ei papirbok på skjerm.

Frøet

Frøet av forfattar Charlotte Bråten og illustratør Rune Markhus er ei stemningsfull og orginal skilsmissehistorie. Vesle Sandra finn eit frø på gata som ho plantar i ei blomsterpotte og plasserer ved sidan av senga. Ut av potta veks det ikkje ein plante, men ein hest.

Alvoret i forteljinga er stort: «Når jeg er hos mamma, så mangler pappa. Og når jeg er hos pappa, så mangler mamma», seier Sandra ein stad og legg til: «Og mamma er helt alene. Stakkars, stakkars, mamma.» Når Frøet likevel skil seg ut frå andre nesten parodisk alvorlege barnebøker med ambisjon om å fortelje skilsmissebarn at nokon ser korleis dei har det, er det nettopp på grunn av frøhesten. Miff har kome til verda for å muntre opp Sandra, men er ikkje – og dette er det orginale i forteljinga – ein skybert, men ein heilt verkeleg hest som har vekse ut av ei blomsterpotte. Også dei vaksne ser Miff, og pratar med han. Alt anna i forteljinga er svært alvorleg, trist og realistisk skildra både visuelt og språkleg, men Miff tilfører fantasi og humor: «Du skjønner nok ingen ting av dette, du som er hest. Har du skilte foreldre kanskje?» seier Sandra til Miff. «Det kunne jo hende jeg var en skilsmissehest?» svarar Miff.

Stemningsskapande og tvetydig

Frøet opnar med to svært stemningsfulle oppslag: Vi ser utover eit blåfarga småbylandskap og høyrer «kjenningsmusiken» til appen – eit litt for kort gitarstykke som blir spelt fleire gongar i løpet av forteljinga. Også resten av oppslaga er stemningsfulle, prega av melankolien Sandra kjenner fordi foreldra ikkje klarar å bu saman. Forteljarstilen er mykje meir tvetydig enn i Sykkeltyven og Mister Mjukis. Her eit eksempel frå starten av boka der Sandra ringer pappaen og spør om ho kan møte han, men blir avvist: «Det er ikke min dag. Det mamma sin dag i dag. Dere heldiggrisene.» Lesaren må sjølv avgjere om pappaen verkeleg ikkje vil møte Sandra, eller om han prøver å vere snill mot mammaen.

Her er også mykje djupne i illustrasjonane, og det er nesten alltid ein ny detalj å oppdage ved andre og tredje gangs gjennomlesing. Savnar eg noko måtte det vere at det – trass fleire fine animasjonar – er lite å trykke på. Utbytte av appen er først og fremst den linjære historia om Sandra og Miff, men det held uansett lenge.

Det einaste verkeleg store minuset med Frøet blir derfor at for mange av dei stemningsfulle oppslaga stoppar brått – opplesinga av teksten på skjermen er ferdig og musikken, bakgrunnslyden og animasjonane stoppar. Det er sjølvsagt berre å bla vidare til neste skjermbilde, men «hakkinga» gjer det likevel lett å kome ut av stemninga appen legg opp til.

Froet

Gjer inntrykk

Mister Mjukis og Elleville Elfrid: Sykkeltyven er begge underhaldande appar i «nuet». Medan Sykkeltyven tilbyr ei svært tradisjonell, men spennande historie, er Mister Mjukis ein overraskande avansert app som tilbyr mykje å oppdage og mykje å trykke på. Teknisk bør Mister Mjukis framstå som eit førebilete for andre norske appmakarar.

Av dei tre appane omtala i denne gjennomgangen er det likevel berre Frøet som maktar å skape ei verkeleg sterk lesaroppleving. Med appforteljinga om Sandra og Miff har Gyldendal vist at dei vågar å satse på eit digitalt uttrykk som skaper sitt eige univers, framfor å køyre på med velkjente figurar, miljø og forteljarstrukturar. Resultatet er ein app som vil gjere inntrykk på mange berre dei får sjansen til å klikke seg gjennom han, og det første eksempelet eg har møtt på at ein app kan vere kunst.

Atle Berge

One thought on “Appkunst?

Comments are closed.