Bakanfor sola

Bakanfor sola

Boktittel: Når sola kjem dettande inn

Forfatter: Per Olav Kaldestad

Forlag: Wigestrand

Årstall: 2017

Antall sider: 132

Per Olav Kaldestad inkluderer lesaren i energiske kjensler og trøblete tankar.  

I ein artikkel frå antologien Barnelyrikk (2015) stiller Hanne Bramness nokre kloke spørsmål til seg sjølv og barnelyrikken sin: «Jeg har vært opptatt av å vise fram det vakre, det overraskende, jeg har vært opptatt av ordlek og kunnskap om natur og ting, men har jeg virkelig tatt barnet med på ei indre reise? Har jeg vist temperament og tiltro? Har jeg turt å vise meg liten og redd, forvirret, søkende? Jeg har kanskje vært tilbakeskuende åpen, men har jeg tatt sjansen på å være virkelig inkluderende?» Sjølvransakinga til Bramness får fram at vegen til det gode diktet ikkje alltid er brulagd med gode intensjonar – verken poetiske eller pedagogiske – og at nærleik og ærlegheit ofte fører lengre.

Per Olav Kaldestads dikt er fulle av både overraskande vendingar, ordleik og kunnskap om natur og ting, men dei er også nære og inkluderande – både for «store og små», som det står på tittelsida til Når sola kjem dettande inn. Boka er ei samling av Kaldestads dikt som også, får eg understreke, er meint for barn. Dei tre samlingane har ganske ulike uttrykk, men det poetiske blikket til Kaldestad er gjenkjenneleg i dei alle.

Frie rim og bundne vers

Både i motivkrins og verkemiddel er det mykje som minner om poesien til Olav H. Hauge, Einar Økland og Ragnar Hovland, men Kaldestad finn sin eigen plass mellom dei. Medan Sola klappar meg (1990) inneheld ei blanding av haikuar, korthogde dikt og friare vers med rim, er Denne jorda eg bur på (1998) og Når morgonfrosken syng (2004) på ulike vis meir bundne i forma. Denne jorda eg bur på består av tre langdikt, delt i strofer med seks verselinjer. Dikta i Når morgonfrosken syng har tilsynelatande ei meir tradisjonelt bunden form, men når Kaldestad rimar, verkar det sjeldan stivt eller gammalmodig: «Eg er yr i dag / loppene i blodet kryr i dag / kjenner meg heilt på styr i dag». Dette kunne like gjerne stamma frå rima til ein moderne rappar som ein gammal rimsmed.

Alt i alt gir dei tre samlingane lesaren ei fin blanding av regler og meir kunstnarleg eksperimenterande poesi – gjerne i eitt og same dikt. For lesarar i alle leirar er Kaldestad nettopp det Nina Goga kallar han i etterordet til denne samleutgivinga: «Ei urokråke i språket».

Måne og sol, sinne og hat

For sjølv om Kaldestads dikt er lystige og inkluderande, er dei også eigna til å vekkje nokre trøblete tankar hos lesaren. Sola er det sentrale motivet i dikta hans, og den er varm og livgivande, men har også ei bakside, som kjem fram i opninga av diktet som nettopp ber tittelen «Sola»:

Eg er verdens største
atombombe,
eksploderer
gjer eg
heile
tida,
men
for deg
kan eg vera
varm og
god.

Dikta er ofte bygde opp rundt erfaringar dei fleste av oss deler, eller fenomen vi alle kjenner. Kaldestad koplar det som ligg oppe i dagen – som dyr og landskap, naturelement og årstider – til det vi alle, men kvar for oss, ber i oss av tankar og kjensler. Såleis er det nærliggjande å kalle dikta sentrallyriske, men dei viser også sterk vilje til å overraske lesaren gjennom bilete og ord – om det er ein nattbjørn som tassar i månelyset eller ei linerle som «trippar / og vippar / og svippar / og nippar / og blippar».

Særleg set eg pris på at Kaldestad ikkje berre skriv dikt som uttrykkjer kjensler som allereie er velkjende i barnelyrikken, som glede og kjærleik, einsemd og sorg, men også meir overrumplande kjensler som sinne og hat. Evna hans til å setje ord på slike kjensler bidreg også til at lesaren kjenner seg inkludert og tatt på alvor, til dømes i diktet «Eg hatar», som opnar på denne modige måten:

Eg hatar alle saman.
Eg hatar far og mor.
Eg hatar bror og søster.
Eg hatar katt og skjor.

I etterordet skriv Goga at ho gjerne vil ha diktet «Takkesong» inn i «den litterære kanon for tekster som oppfordrer til eller gir uttrykk for etisk bevissthet». Det kan eg skrive under på – «Takkesong» er ein sekulær tekst som viser takksemd til tilværet like så godt som noko religiøs bøn – men eg vil også hevde at eit dikt som «Eg hatar» kunne vere med i ein slik kanon. Sinne og hat finst, ikkje berre utanfor, men også i oss, og eit kvart etisk medvit bør nettopp vere medviten det. I dikta til Kaldestad får lesaren høve til å gjennomleve og reflektere rundt det som er vondt og vanskeleg.

Ein kløppar på kontrastar

I det heile er Kaldestad ein kløppar på å vise fram kontrastar, som når han lèt det sørgjelege diktet «Du skal reisa» følgjast av det muntert-frekke «Ha det-song», eller når «Fredssong» følgjer etter «Krigssong». Det er ikkje alle dikta i desse samlingane som treff like godt, og nokre stader fell Kaldestad for freistinga til å skrive det Henning Hagerup i ei samlemelding av Sola klappar meg og tre andre barnediktsamlingar har kalla eit «blautkakedikt»:

Eg skubbar den blå gardina
roleg til sides
og sola står plommeraud
inni kremgule skyer

Det finst andre slike blaute tekstar her, men dei er i fåtal. Uansett er det slåande å lese dette diktet opp imot eit anna dikt frå same samling, der Kaldestad etter mitt syn målar landskapet i fargar med større varsemd og større effekt:

Det vide havet er blått.
Himmelen over er lysare blå,
like lys som sola er gul

Dei tre små bøkene som er samla i Når sola kjem dettande inn inneheld i alle fall fleire dikt som den norske barnelyrikken ville vore fattigare utan, og det einaste eg verkeleg stussar på når det gjeld denne nye utgivinga, er kvifor den ikkje inneheld eit einaste nytt dikt, frå eit av dei mange åra som har gått sidan Når morgonfrosken syng kom ut i 2004.

Eivind Myklebust