Tittel: Eg elsker Bergen
Tekst: Åshild Kanstad Johnsen
Forlag: Figenschou
Årstall: 2014
Antall sider: 12

Bergensguiden for dei minste

Bergen er ein skakk og sjarmerande småby fylt med rare skapningar i den nye myldreboka til Åshild Kanstad Johnsen. Her er det opp til lesaren sjølv å finne historiene.

Saman med Æ elske Trondhjæm av Tora Marie Norberg er boka først ut i ein ny serie myldrebøker frå Figenschou forlag. Dette er regionalt forankra by-bøker av lokalkjende illustratørar, klare til å finne ein plass under vestlandske og trønderske juletre. Forlaget, som starta opp i fjor, har allereie utlyst at dei er på jakt etter illustratørar til bøkene om Oslo, Tromsø og Stavanger.

Klassisk myldrebok
Åshild Kanstad Johnsen, mor til den kritikarroste trestokken Kubbe, står bak Bergens-utgåva. Boka er på mange måtar ei klassisk myldre- eller vrimlebok: i stort format, med pappsider som tåler ein støyt. Boka har ingen tekst, bortsett frå på utsida og integrert i sjølve bileta. Kvart oppslag er frittståande og viser ein kjend stad i byen, og det er i liten grad eit gjennomgåande narrativ. Teikningane er utførte i barnlege blyantstrekar og fargelagde digitalt, i ein noko lausare stil enn i bøkene om Kubbe.

Lett sjøsjuke
Bybileta presenterast i eit svakt og litt skeivt fugleperspektiv. Det gir overblikk, samtidig som vi kan vi kan gå ganske tett innpå. Det er som om ein måse kjem flygande inn Vågen, sveipar oppom Fløyfjellet, innom trehusa på Nordnes og Fisketorget før han slår seg til ro på taket av eitt av trehusa på Bryggen. Han avsluttar dagen med å skite på Holberg-statuen, og så laurdagsmatineen: mating av sjøløvene på Akvariet. Dette er for så vidt ein vanleg innfallsvinkel, både for myldrebøker flest, og ei standardrute for turistar i Bergen. Ovanfrå-perspektivet og dei skakke strekane passar perfekt til dei mange trehusa og smale smaua i byen.

Boka viser typiske turiststadar i sentrum – trekløveret Bryggen, Fisketorget, Akvariet er med – men det er vanskeleg å sjå føre seg at ein kunne valt særleg annleis. Noko av poenget med myldrebøker er nettopp å vise scener lesaren kan kjenne seg att i: byen, garden og dyrehagen er alle gjengangarar i sjangeren.

Organisere, kategorisere
Bøkene og appane om Kubbe handlar mykje om detaljar, om samlingar av pent organiserte småting. Slik sett er det òg eit myldreaspekt i hennar tidlegare utgjevingar, men der er det sett meir i system. Tinga er gjerne teikna på ein kvit bakgrunn som framhevar konturen og får kvar enkelt til å sjå tydelegare ut.

Denne boka har òg ein meir avgrensa fargepalett med mykje mørk blå, mørk grøn, oransje og brunt. Mange større felt på sidene har same farge anten det er snakk om karakterar eller bygningar. Dette er truleg eit grep for å roe ned myldre-preget i boka og gjere sidene lettare å orientere seg i. Men det gjer òg sitt til at desse områda verkar flatare, dei fangar ikkje interessa mi i like stor grad: det er som om hjernen sorterer dei som «bakgrunn», og blikket vandrar vidare mot fargefelta som skil seg ut. Dette er tydelegast i oppslaga om Akvariet og Bryggen.

Bergenske breiflabbar
Fisketorget er meir fantasi enn ei realistisk skildring av turistmagneten: borte er dei sveitte røykelaksrundstykka i plastfolie, trollsuvenirar og glorete strikkehuer. Her flyt bord og basseng over med breiflabb, og piperøykande skipparar legg til kai. Det er til og med ein luring som ser ut som om han prøver å selje fisk rett frå båten. Her er det verkeleg «breiflabb overalt», slik Knudsen og Ludvigsen syng.

Oversiktsbiletet fremst i boka brettar ut ein oversiktleg by mellom sju fjell. Her er det mykje å utforske, og mange kulturelle referansar for vaksne lesarar. Her er det vår i Bergen og det er Festspill, Nattjazz, 17.mai og 7-fjellstur samtidig medan Brann-bataljonen vandrar i marsjtakt mot stadion og studentane les til eksamen.

bergen

 

Meet the locals
Karakterane i boka er tidvis litt like. Dette gjer det vanskelegare å kjenne att gjengangarar i boka, og bli tilstrekkeleg involvert til å dikte vidare på deira historie. Kva gjer dei, kva vil dei? Til samanlikning er karakterane i både Kubbe-bøkene og Æ elske Trondhjæm i større grad individ med særtrekk og mimikk. Dette er ein hårfin balanse i myldrebøker.

Til gjengjeld finst det ei rekkje fantasifulle skapningar å oppdage og glede seg over i Kanstad Johnsens versjon av Bergen: fuglemenneske, troll, sjømonster, kaninar, fiskeliknande båtførarar, og ei heil røys Kubbeaktige pjokkar med balaklava. Pingvinane på Akvariet har blitt bergensarar som vandrar rundt på kvar side. Og kor mange kattar er det eigentleg i denne byen?

akvariet

 

 

Leite eller leike
Mange andre bøker i sjangeren føreslår gjerne konkrete oppgåver for lesaren – oftast ting eller personar ein skal finne i mylderet. Cornelia Rémi trekkjer her skiljet mellom såkalla leit-og-finn-bøker, og «wimmelbooks» eller myldrebøker på norsk («Reading as Playing: The Cognitive Challenge of the Wimmelbook»). Førstnemnde gjev slike oppgåver, medan den andre manglar klåre reglar og instruksjonar.

Det finst gråsoner mellom dei to, der Hvor er Willy?-bøkene plasserer seg i eine enden av skalaen, med sjekklister bak i boka som listar opp alt ein skal leite etter. Eg elsker Bergen, derimot, er heilt klart ei myldrebok etter Rémi sin definisjon. Her er det ingen oppgåver å løyse, ingen spørsmål, berre ei liste emneknaggar eller stikkord på baksida av boka. Ein del av desse er ting ein kan finne i boka, andre er kanskje meir for samtaletema å rekne.

Myldrebøker stolar på at lesaren er i stand til å finne vegen gjennom boka, og styrer ikkje merksemda ved å be henne løyse spesifikke oppgåver. Slik opnar dei opp for ulike lesemåtar, og oppmodar til aktiv involvering av lesaren og friare leik. Personleg er eg ingen stor tilhengjar av avkryssingsskjema i barnebøker, og set pris på den frie leseopplevinga boka legg opp til. For å støtte opp om dette kunne ein likevel ynskje seg noko høgare detaljnivå på enkelte oppslag, eller at boka hinta til litt meir narrativ for å lokke med seg lesaren.



Skrevet av:

Kommentarer

Oppdatert: .