Drivstoff og fyllstoff

Drivstoff og fyllstoff

Fagdagen om ungdomslitteratur og formidling verka som ein tradisjon allereie før den hadde byrja. Men heile fagmiljøet kan tene på ein meir kritisk grunntone neste gong.

salEg fekk kjensla av å vere vitne til ein tradisjonsstartar på Litteraturhuset i Oslo 31. august, då biblioteka i Skedsmo og Sørum kommune slo seg saman med Ubok og Foreningen !les for å arrangere fagdag om ungdomslitteratur og formidling. Der sat 200 personar i Wergeland-salen, og arrangøren melde at fleire ikkje hadde fått plass, men at dei heldigvis kunne følgje arrangementet gjennom streaming.

I løpet av dagen fekk lærarar, bibliotekarar og andre formidlande fagfolk både tips og inspirasjon gjennom ei rekkje dyktige formidlarar som delte erfaringar, utfordringar, gleder og frustrasjonar. Ei gledeleg overrasking blei også delt av Nina Aalstad, som driv Ubok.no: I 2016 kjem ei handbok for formidlarar, der fleire av dei som deltok på fagdagen er bidragsytarar. I same slengen kunne Aalstad avdekkje ein oppdatert versjon av ubok.no, samt ein ny nettstad med tenester for formidlarar, www.ubokformidling.no. Dette blir utan tvil nyttig stoff for alle som jobbar med ungdomslitteratur.

Smått fandenivoldsk haldning

Mest matnyttig var nok første delen av programmet, der Vidar Olav Haraldsen-Jupskås, Ragnhild Malfang og Gjertrud Øvland alle delte raust av både seg sjølv og erfaringane sine. Haraldsen-Jupskås, som er lærar på Rommen skole, understreka kor sentral lesinga er for læringa, og at han får fnatt av å høyre lærarar som snakkar om at dei ikkje har tid til å prioritere det: «Lesing er essensen av alt!», sa han. Sei det igjen!, seier eg. «Sleng beina på pulten!» var ei anna oppmoding frå Haraldsen-Jupskås, og med det meinte han at det er viktig å skape gode lesetilhøve for elevane. Vidare understreka han kor viktig det er å opne litteraturen for ungdomen, og til dømes bruke paratekstane – gode omslag og baksidetekstar – som vegvisarar til teksten. Haraldsen-Jupskås viste også ei frisk haldning til kva læraren kan gjere så snart teksten er opna for elevane. Ta aktivt del i litteraturen til elevane, var oppmodinga hans: Om elevane er misnøgde med utviklinga i romanen, så be dei skrive sitt eige framhald. Ei slik frisk og smått fandenivoldsk haldning rimar iallfall godt med mi erfaring av litteraturformidling til ungdom, og ikkje minst med eit moderne litteratursyn som er opptatt av litteraturen som ei verksemd så vel som eit verk.

Også Ragnhild Malfang frå Sørum bibliotek var opptatt av å møte ungdomane der dei er, og viste eit utvalg «gamer»-litteratur som ho hadde nytte av for å få med seg mindre motiverte elevar. Den avsluttande replikken hennar – «Les, lær, lev» – var nok i beste fall ei powerpoint-sanning («planlegg, prioriter, presenter» har kanskje ikkje heilt den same schwungen), men entusiasmen hennar smitta like fullt over på publikum.

Gjertrud Øvland snakka på si side om kva som skjer når entusiasmen til formidlaren ikkje smittar over på publikum: «Når det ikke går helt slik du planla det» var tittelen på innlegget hennar. Øvland vann i 2012 NM i litteraturformidling, og ein kunne såleis tenkje at ho ikkje hadde så mykje erfaring med å mislukkast. Det hadde ho. Ho oppmoda om å ikkje la seg knekke av grøftekøyrde formidlingsopplegg – det blir stundom slik, ganske ofte faktisk, det er heilt uunngåeleg – men heller vere merksam og lære av det.

Gode rammer for debatt og kritisk tenking

Saman viste programpostane eit mangfald av formidlingssituasjonar og –utfordringar. Sjølv sakna eg at problematikken dei kvervla opp, blei følgd av debattar og kritisk tenking rundt spørsmåla. Dette kunne gjerne kome i staden for dei meir presentasjonsprega programpostane, til dømes då Foreningen !les presenterte bøkene i tXt-aksjonen (bøker som formidlingsmiljøet truleg kjenner godt til frå før). Med eit heilt fagmiljø til stades i salen – eit fagmiljø som treng drivstoff framfor fyllstoff – er rammene gode for å diskutere og stille spørsmål ved faglege «sanningar» og rammevilkår. Dei tre formidlarane var til dømes skjønt samde om at det er viktig å møte ungdomane der dei er, og ikkje prakke på dei bøker dei ikkje vil ha. Litt flåsete kan eg presentere anekdotisk motbevis på Haraldsen-Jupskås sin påstand om at ungdomar ikkje lese Herman av Lars Saabye Christensen berre fordi læraren meiner det er ei knallgod bok: Min eigen lærar prakka nettopp denne boka på meg på ungdomsskulen, og den sit godt i meg framleis, sjølv om eg sjølvsagt ser det klårare no enn eg gjorde då (og nei, sjølv om eg er litteraturkritikar i dag, var det ikkje slik at eg var spesielt interessert i bøker då eg var ung). Poenget er uansett at den kritiske diskusjonen mangla. Til ein viss grad er oppgåva til lærarar og formidlarar også å manipulere ungdomen, og formidle også den litteraturen som ikkje er i vinden (i den grad litteratur i det heile er i vinden blant ungdom). I kva grad skal ein prioritere det? Og korleis får ein det til å fungere?

Dette ynsket om å møte elevane på deira eigne premiss, var gjennomgåande i heile konferansen. Når vurderingar skulle siterast, var det oftast ungdomens eigne vurderingar (frå Uprisen.no) som blei siterte. Dette er i høgste grad relevant, men for min del melde det seg også spørsmål om kva samanheng mange av desse vurderingane blir til i – på skulen, på oppfordring, som oppgåve, som plikt? – og korleis denne samanhengen pregar dei.

«Den oppslukte lesemåten»

Også forfattaren Lars Mæhle snakka om ungdomens eigne vurderingar. Mæhle blanda fint litterære refleksjonar med faglege spørsmål, og vekte også her til live ynsket mitt om ein vidare debatt. «Den oppslukte lesemåten» er eit ideal for Mæhle, som rosa årets Upris-vinnar Sigbjørn Mostue for å ha lukkast med å leggje til rette for ein slik lesemåte i I morgen er alt mørkt.

F.v. Nina Aalstad, Lars Mæhle, Neha Naveen og Annette Münch. Foto: Ane Cornelia Schøyen
F.v. Nina Aalstad, Lars Mæhle, Neha Naveen og Annette Münch. Foto: Ane Cornelia Schøyen

At det ligg ei sentral sanning om ungdom og lesing her, er eg heilt overtydd om, men som kritikar vil eg samstundes utfordre den urokkelege statusen som denne sanninga synest å få. Sett halvveges frå utsida, framstår det som eit paradoks i fagmiljøet at målgruppetenking rår samstundes som dei fleste insisterer på at også ungdomslitteratur er «vanleg» litteratur. Som kritikar strevar eg med dette i nær sagt alle meldingar eg skriv om barne- og ungdomslitteratur, og eg trur Lars Mæhle sin påstand kunne vore eit tydeleg startskot for ein debatt om dette: Det finst mange gode ungdomsbøker som berre er gode for ungdom, og ikkje for vaksne samstundes, sa han. I ein slik debatt kan ein også ta med seg noko anna Mæhle minte om, nemleg at ungdom faktisk er ei utruleg brokete forsamling, med heilt ulike interesser og vurderingar, ofte godt gøymde bak ei tilsynelatande konform innstilling til litteratur og lesing.

Det er eit levande og kunnskapsrikt fagmiljø rundt ungdomslitteraturen i Norge, og eg tek det nærast for gitt at denne fagdagen var innleiinga til ein ny og god tradisjon. Og fagtradisjonar flest utviklar seg best med kritiske konferansar som drivstoff.

prat
Foto: Ane Cornelia Schøyen

 

 

 

Eivind Myklebust