Ei litt trist, litt spennande, men mest av alt ei søt historie frå ein gong før i tida

Ei litt trist, litt spennande, men mest av alt ei søt historie frå ein gong før i tida

Boktittel: Frendelaus

Forfatter: Hector Malot

Forlag: Det norske samlaget

Årstall: 2003

Antall sider: 127

Den franske forfattaren Hector Malot (1830 – 1907) er nok mest kjend for historia om

Den franske forfattaren Hector Malot (1830 – 1907) er nok mest kjend for historia om hittebarnet Remi i forteljinga Frendelaus, som kom ut så tidleg som i 1878. Alt året etter kom denne boka i norsk omsetjing, i Cammermeyers «Miniaturbibliotek for Romanlæsning» under tittelen Uden slægt. Boka fikk raskt klassikar-stempel på line med Heidi-bøkene, boka om lille Lord Fountleroy og fleire. Frendelaus passa godt inn i det som var tendensen i norsk barnelitteratur rundt 1890 – «forteljingar om jenters og gutars oppvekstvilkår, om deira daglege liv i konflikt med autoritetar og samfunnsnormer».1

Boka vart umåteleg populær i si samtid, og fekk prisar i heimlandet Frankrike. Det synte seg dessutan at Frendelaus hadde eit godt grep om lesarane i generasjon etter generasjon, og den kom i stadig fleire utgåver og opplag, omsett til mange språk. Og her heime på femtitalet til dømes, let mange lyttarar seg lokke til radioen når laurdagsbarnetimen skulle til med dramatiseringa av ein ny episode i historia om fattigguten Remi. Ein serie som NRK trufast har sendt i reprise. Seinare kom det både film- og tv-versjonar.

Når Samlaget no, i 2003, gjev Frendelaus ut på ny i Johannes Horvei si nynorske omsetjing, gjer forlaget det vel vitande at dei kan hende kastar perler for svin. Ja, ikkje slik at ungane våre er grisungar, men dei er no svinaktig godt vande når det gjeld underhaldning, og kan fråtse i teikneseriar, video, tv-spel, dataspel, kino og kor mange tv-kanaler som helst. Og så bøker, då. Heldigvis. Ungane les bøker enno.

Kan Frendelaus ha ein sjanse her? Det vil eg håpe, men eg trur nok at det helst er foreldra, eller skal vi seie besteforeldra, som kan få seg ei god stund om dei les boka høgt for avkommet. For skal ein vere ærleg, så er Frendelaus i den utgåva som ligg føre her ei ganske så søt historie. Sjølv om det altså handlar om ein gut som veks opp i fattige kår, og åtte-ni år gamal vert «leigd ut» til signor Vitalis, ein gamal mann som dreg frå by til by med dyra sine og opptrer. Og sjølv om den gamle mannen seinare døyr, og to av hundane og apekatten Janko lir same lagnaden. For Remi har ei eiga evne til vende ulykke til lykke. Rett nok går det opp og ned for han nokre år, men som i alle gode eventyr får han både «prinsessa og halve kongeriket» til slutt. For hittebarnet Remi er, som mange veit, son til den rike familien Beaumont og vart stolen frå dei då han var liten gut. Berre rimeleg då, at han finn familien sin att, at han hjelper bestevennen Carlo til eit betre liv og at han gifter seg med vesle Lisa, dotter til gartnaren Remi arbeidde for ei stund, men som døyde så tragisk etter ei fall-ulykke. Lisa, som var stum, men som med Remi si hjelp fekk taleevna tilbake.

Frendelaus er bygd opp etter ein klassisk litterær formel omkring reisemotivet. På den eine sida reiser Remi omkring i Frankrike og vitjar store og små byar, innlandet og kyststrok, gruvesamfunn og hamner, kort sagt heile det vidgjetne franske landskapet. Og heilt til slutt dreg han til London, der han endeleg kjem heim. Som ein annan Odyssevs vender han tilbake etter år i utlegd og rik på dramatiske opplevingar. På den andre sida er boka ei reise gjennom ulike samfunnslag og sosiale klassar. Remi lever i lag med fattigfolk, arbeidarar, tjuvar og rikfolk, og må tene til føda både i gruvene, på gartneri og som gjøglar og artist. Men framfor alt er boka ei forteljing om barn sine oppvekstvilkår og korleis dei vert behandla av vaksne.

Det som gjer boka eventyrleg i staden for realistisk er sjølvsagt korleis Remi alltid vender ulykke til lykke, og det at han gjer gode gjerningar som berre ein eventyrfigur kan. Mellom anna reddar han fleire gruvearbeidarar frå å drukne, han gjer ein sjuk gut (sin eigen bror, skal det vise seg) frisk og lærer han å lese, han gjer ei stum jente talefør att og han gjer slik at politiet i London fangar ein tjuvebande. Det vonde og leie, alle lidingane som han trass alt opplever, vert fortalt kjapt og utan å gå i for mange vanskelege detaljar. Nokre raske glimt, og så er Remi klar for å kjempe vidare mot eit betre liv. Det som finst av sosialrealisme vert presentert nærmast som konkrete påpeikingar: Slik var det – men no: vidare! Den ansvarsfulle gutungen let seg ikkje knekkje av litt motgang.

Boka har som sagt komme i fleire utgåver opp gjennom åra. Også i Norge. Gyldendal gav den ut første gong i 1950, i ei omsetjing av Ingebjørg Sletten Fosstvedt, og har seinare nytta denne utgåva i fleire ulike seriar (GGG, Bra Bøker, UngdomsKlassikere osb). Ansgar nyttar seg av ei utgåve ved Ingrid Lang. Samlaget si utgåve, i omsetjing (frå engelsk!) ved Johannes Horvei er så langt den stuttaste. For opp gjennom åra har historia om Remi, som på originalspråket fransk kom i to band den gongen i 1878, vorte forkorta og tilpassa. Dei mange og kjærlege skildringane av fransk natur, som opphavleg tente som kontrast til alt det fæle og vonde som Remi opplevde, er for det meste skore bort. No er det dramatikken og handlinga som står att, som lesar skal vi kjenne korleis Remi har det og vere med han på ferda som den vesle riddaren han eigentleg er.

Kan hende er det raske sceneskift og sterke kjensler som må til for å få ungar av i dag til å lese slike heltesoger frå gamle dagar. Dei djupe tankane og alvorsame funderingane får vente til lesaren vert litt eldre. Ikkje veit eg. Men boka har sin sjarme, det kan ingen ta i frå den. Og eg unner både eigne og andre sine barn og barnebarn den gode lesaropplevinga Frendelaus trass alt gjev, og kor vennskap og gode gjerningar vert halde høgt.

1) Birkeland, Risa, VoldNorsk barnelitteraturhistorie, Samlaget 1997, s. 35

Lars Helge Nilsen