Er du inne eller ute?

Er du inne eller ute?

Utanforskap er ein tydeleg tendens i dei norske barne- og ungdomsromanane i 2017. Den unge skal ikkje stå aleine, men bli inkludert i samfunnet.

Eg har no lese nesten alle barne- og ungdomsromanane frå i år. I mange bøker er forfattarane opptatte av utanforskap og inkludering. Ei jente eller ein gut som står aleine, skal bli ein del av fellesskapen. Det kjem fram på tre måtar.

Utanfor gjengen

Cover-apetryneÅ stå utanfor gjengen er ei form for utanforskap. Å bli mobba er den verste forma. I Atle Hansens roman Apetryne (Samlaget) blir Arne filma, erta og ledd av. Sjølv greier han ikkje løyse problemet, men får etter ei tid hjelp av bror sin og av Anna, ei jente som er på ferie og som han dessutan er forelska i. Det endar med at han dessutan og mot alle råd gjev mobbaren ei handsrekning, og aller sist blir han faktisk kjæraste med Anna. Ingen mobbar lenger, og Arne er innanfor gjengen.

Også i Marit O. Kaldhols Z for Sorry (Samlaget) er utanforskapen påtvungen. Bakgrunnen er, som i dei fleste andre bøkene, geografisk mobilitet. Susan har flytta til byen for å gå på danselinja på vidaregåande, men blir fryst ut av elevane i den nye klassen. Ho blir einsam, men etter eit samanbrot blir det opna for ein ny fellesskap med iallfall to av jentene, kanskje fleire. Zlatan, ein elev på elektro, og hybelvertinna, er gode og omsorgsfulle hjelparar.

Cover-hjertetMen utanforskapen kan også vere sjølvvalt. I Hjertet er en knyttneve (Aschehoug) av Ingrid Ovedie Volden er Oliver er eit naturleg midtpunkt i klassen mens Aline har flytta til staden og vel å stå utanfor. Ho er ny, saknar dei gamle vennane sine og er dessutan sjenert fordi ho har eit fødselsmerke på kinnet. Ho bestemmer seg for å ikkje snakke med nokon på skolen, iallfall ikkje få vennar eller bli forelska. Men når far til Oliver blir sjuk, kjem ho til for å hjelpe. Felles omsorg fører dei to ungdommane saman. På dei siste boksidene er Aline innanfor og dessutan kjæraste med Oliver.

Utanfor alt

Ein variant, gjerne i bøker for barn, er når hovudpersonen er aleine, ikkje berre i venneflokken, men i sjølve tilværet, og etter kvart finn tilhøyrsle. I bildeboka Stormfugler (Cappelen Damm) av Jill Moursund har Ester og mora flytta til ein ny stad. Ester mislikar huset, mora, maten, veret og til og med luktene på den nye staden. Ho gruer seg til å møte den nye klassen og er overtydd om at ho kjem til å vere aleine resten av livet. Så finn ho ein fugl som også er kommen ut av kurs. Fuglen fortel at han aldri kjenner nokon når han landar på ein ny stad. «Jeg flyr omkring, bare, og ser hva som skjer.» Ester skjønar, og neste dag begynner ho på den nye skolen.

Cover-corneliaI Cornelia og jungelmaskinen (Aschehoug) av Nora Brech er utgangspunktet det same. Også Cornelia har flytta til ein ny stad, og allereie på første side slår ho bestemt fast: «Jeg vil ikke bo her». Men når ho møter naboguten Fredrik som har konstruert ein jungelmaskin, skiftar ho meining. Saman med han kan Cornelia utforske ein ekte jungel, svinge seg i lianar, fly på ryggen av ein stor fugl og segle nedetter fossestryk. Etterpå vil ikkje Cornelia fortelje foreldra kva som har skjedd, men den nye staden er blitt til å leve med.

Også i Bobla (Gyldendal) av Siri Pettersen er livet til å begynne med fælt. Det er ein roman om mobbing, etter kvart om psykose. Tolv år gamle Kine blir kalla Bobla. Ho er utanfor, og dessutan hatar ho byen, skolen, klassen, maten, kroppen sin, eigentleg heile verda. Så finn ho ei glaskule som veks til – ja, til ei boble, og som ho flyttar inn i. Bobla kan fly og oppfylle alle ønske, men inneheld også ei merkeleg dokke, og til slutt vel Kine å komme ut av eksilet og inn i fellesskapen der Jarle, Aurora, Vivi og dei andre i 6B er. Det same inkluderande temaet finn vi i Torill Koves Tråder (Cappelen Damm). Her blir det spurt: «Hva strekker vi oss etter?» Forteljaren svarar med å strekke seg etter ein tråd som drar henne opp i lufta og fører henne fram til eit einsamt barn i graset. Barnet blir hjelpt trygt vidare til mat, kvile, leik med andre barn – og etter kvart til eit sjølvstendig liv. Også her er det berre éin veg. Til fellesskapen.

Utanfor det norske samfunnet

Cover-tonyDei siste åra har det komme ein tredje variant, bøkene om flyktningane. Dei kjem til Noreg og skal bli inkluderte. I Erna Oslands Bestem deg, Tony T, bestem deg! (Samlaget) handlar det om to ungdommar, Tony og Silja, som er på sommarferie hos bestefaren. Han skjuler ein ulovleg flyktning, ei jente som heiter Asia og er frå Afghanistan. Når Tony oppdagar Asia, blir han i tvil. Skal han følgje lova og melde frå til politiet eller skal han ta omsyn til jenta? I første omgang prøver han å hjelpe henne, og først når det er klart at Asia vil få bli i landet, blir dilemmaet løyst.

Cover-sommerTaran Bjørnstads Sommer i Norge (Aschehoug) handlar om éin av dei mange asylsøkarane som kom til Noreg i toppåret 2015. Vi følgjer Nokokure frå ho kjem til Oslo sentralstasjon og eit halvt år framover. I denne prosessen trør forteljaren tilsynelatande eit steg tilbake og gjev i staden ordet til asylsøkaren sjølv og dei tilsette i UDI/mottaket. Det blir ein vev av sikre og usikre opplysningar, kvite løgner og mørke sanningar. Til slutt får Nokokure det positive vedtaket og er samtidig ved å bli integrert gjennom vennskapen med ein gammal bonde og stell av hesten hans. Også ho kjem innanfor. I Randi Fuglehaug og Jill Moursunds bildebok Papelina (Samlaget) handlar det berre om sjølve flukta. Det er ei burlesk historie som kan minne om den italienske filmen La vida es bella frå 1997.  Det endar godt. Papegøyane kjem fram til mottaket og blir berga.

Å komme innanfor

Det finst fleire bøker med same tendens i år. Eg las i si tid bøkene frå 2015 og 2016, og inntrykket var det same. Mange av barne- og ungdomsromanene er varierte når det gjeld stoff, komposisjon, språk, personskildring og miljø, men har dét til felles at utanforskap er negativt og inkludering er positivt. Geografisk mobilitet ligg bak, og den lange vegen til vennegjengen, tilværet og det norske samfunnet følgjer av omsorg og kjærleik frå dei som allereie er innanfor.

Det er sant at å stå utanfor kan vere vondt. I politikken heiter det dessutan at «alle skal med». Då ligg det i solidaritetstanken at dei som er innanfor bør hjelpe dei som er utanfor. Men her har det sin pris. Mange barne- og ungdomsromanar kan likne ein pedagogisk peikefinger – ein seigliva og ikkje udelt fin tradisjon i barne- og ungdomslitteraturen.

Eit viktig poeng er at ikkje alle barn og ungdommar ønsker å vere ein del av fellesskapen. Nokon vil helst stå aleine, og dei som likevel vil vere saman med andre, kan ikkje rekne med andres omsorg. Dei må greie det sjølv, altså hive seg utpå, vise fantasi for å bli kjent med dei andre, vinne tillit og etter kvart vennskap. Etter kvart går dei vidare til nye vennar og andre miljø. Dette frie og sosiale mangfaldet finn vi i f. eks. dei amerikanske high school-filmane, og det er grunnen til at handlinga blir så open, karakterane så dynamiske og handlinga så spanande der. Ikkje rart at filmane er populære. At dei har andre svake sider, er eg likevel einig i.

Tore Elias Hoel