Fabulerande feriespenning med moro og meining

Fabulerande feriespenning med moro og meining

Boktittel: Ingenting-ekspressen

Forfatter: Bjørn Ingvaldsen

Forlag: Gyldendal

Årstall: 2003

Antall sider: 128

Bjørn Ingvaldsen bør vere kjend for mange unge lesarar, ikkje minst for dei morosame bøkene

Bjørn Ingvaldsen bør vere kjend for mange unge lesarar, ikkje minst for dei morosame bøkene om den vandrande katastrofen Espen Herbert. No er han ute med ei ny bok for same lesargruppe, i same serie som dei føregåande, Gyldendal sine 10:12 –bøker. Og skal ein tru Reidar Kjelsen si fantasifulle omslagsteikning, så kjem det til å gå like vilt for seg denne gongen òg: Her kjem eit slags lastebil-tog omtrent i oppløysing i full fart nedover ei jernbaneline, ein eldre mann glor vantru ut av førarhuset, medan ein jentunge mest er vettskremt der ho stikk hovudet ut glaset i hytta bakpå denne løgne køyredoningen. (Ei ganske genial teikning, spør du meg!) Men fram til denne episoden i forteljinga er det eit godt og gale stykke.

Det heile byrjar med sommarferie, og to som sit på toget på veg til onkel og tante. For tolvårige Belinda, eller Bella som ho kallar seg, og bror hennar, åtteåringen Leo, må tilbringe første del av ferien i lag med onkel Birger og tante Tora, medan dei ventar på at den ordentlege ferien med mor og far og sydentur skal ta til seinare på sommaren. Onkel og tante bur på ein nedlagd jernbanestasjon, Trutlia, 14,5 m.o.h., ein plass som ikkje er som alle andre plassar, skal det vise seg. I byrjinga skjer det ikkje så mykje, og som den moderne jenta ho er, så sender Bella sms-meldingar til venninna si på ferie i Danmark og fortel om livet på landet:

    Ikke mye folk her, bare noen speisa gamlinger, må sykle til butikk, blir sikkert dønn hele ferien. Tid du kommer hjem? b

Men særleg dønn vert det ikkje, syner det seg. For denne onkel Birger, som eigentleg er onkelen til pappa og tidlegare stasjonsmeister, forsvinn ofte om natta og oppfører seg merkeleg. Dei to naboane, den tynne Kokken og den kulerunde tidlegare sporskiftekontrollør Jørgensen, er no heller ikkje som vanlege folk.

Ei natt fell Bella for freistinga til å følgje etter onkelen når han dreg av garde, og snart oppdagar ho ein tunnel, med jernbanespor i. Men ikkje vanlege skinner, dei er slike gamle smalspora. Tunnelen fører fram til ein bortgøymd dal. Og, viser det seg, dalen er full av gamalt jernbaneutstyr – skinnegangar, lokomotiv, vogner, perrongar og stasjonar. Og dei som bur her, og driv togtrafikk på hobbybasis mellom stasjonar som ”Ingenting”, ”Ubebodd” og ”Øde”, er alle tidlegare tilsette ved jernbanen. Dei har rett og slett teke vare på alt det som gamle NSB ville kvitte seg med, og laga seg eit eige tog-land i miniatyr. Så langt vel og bra. Men i alle idyllar lurar som kjend ein fiende. Her heiter han Liljedalen Utbyggingsselskap. Som vil fylle dalen med vatn og byggje turistsenter. Så vert det kamp mellom utbyggjarar og gamle jernbanefolk om å rekke først fram til hovudstaden for å få utysket Staten over på si side, og den før omtalte framsideteikninga syner Bella og Birger i full fart mot målet – ikkje utan overraskingar undervegs.

Bjørn Ingvaldsen slår altså til med ein real miljøthriller denne gongen, ein skulle mest tru boka var skriven på oppdrag frå ”Natur og ungdom” og ”Norsk jernbaneklubb”. Ein passeleg dose kjærleik til eit kommunikasjonssystem som synest å reise i frå kundane sine, kopla med ei sterk tru på opprør og revolt mot utbyggjar-kapitalisme og statleg dumskap. Det er ikkje ein gong meininga at boka skal vere balansert. For dette er ikkje ei realistisk bok. Med humor og store overdrivingar blanda godt i hop med effektar frå spenningsromanar (mystiske personar, spionasje, brannar, fangenskap og flukt) vil eg tru at leseløvene i slukealderen finn Bjørn Ingvaldsen si bok både morosam og spennande.

Bjørn Ingvaldsen har teke ei god, gamal barnebok-oppskrift, born + sommarferie + spenning, og laga sin eigen fabulerande vri. Det gjer han på ein god måte, etter mi meining. Han maktar både å gjere stoffet lett tilgjengeleg og ha ein kritisk kommentar til tendensar i samfunnet han ikkje er heilt nøgd med. Det er med andre ord meir enn berre lettbeint underhaldning. Ei stund undra eg meg på kvifor det var så viktig for Bella å sende alle desse tekstmeldingane til venninna si, ho fekk jo aldri noko svar. Men som den luring han er, så brukar han dette til å gje lesaren ei aldri så lita overrasking heilt til slutt. Jo, han kan sine knep!

Lars Helge Nilsen