Fantasien som redning

Fantasien som redning

Boktittel: Der ingen finn oss

Forfatter: Mathias Nyhagen Asplund

Forlag: Cappelen Damm

Årstall: 2018

Antall sider: 121

Ei sterk og vond forteljing om å flykte inn i fantasien når røynda blir for vanskeleg å takle. Debutboka til Mathias Nyhagen Asplund blir sitjande att i kroppen etter enda lesing.

Hovudpersonen i Der ingen finn oss er alvorleg sjuk. Han går ikkje på skulen, men er heime med mora i ei blokkleilegheit. Iblant går han ut til benken eller til leikestativet utanfor blokka, der han leikar fantasileikar med seg sjølv. Ein dag kjem ei ny jente bort til han. Ho er heller ikkje på skulen, og guten inviterer ho med på leiken, til å bli med til ein hemmeleg plass:

‘Skal me dra?’ seier ho høgt. Utolmodig.
‘Det er eit stort hus,’ seier han og ventar litt. ‘Nei, større enn det du ser for deg. Og mektigare. Det er eit slott,’ seier han. ‘Som ei diger borg. Ser du det?’
Ho ser på han. Han kjenner hjartet banke i brystet, redd for at ho ikkje skal forstå og synast han er dum. Men han kan sjå at ho utan å prøve ser borga inni hovudet sitt. Og medan han fortel, byrjar slottet vekse.

Plassen guten tar med jenta til, finst berre i fantasien. Slottet han tar ho med til, er berre det første i ein serie eventyr dei drar ut på saman, der både mot og kløkt blir sett på prøve.

Asplund speler med andre ord på barnas kreative evne, og evna til å la seg oppsluke av det dei sjølv diktar fram. Nett korleis samspelet og leiken fungerer, får vi inga vidare forklaring på, i staden lét Asplund grensene mellom leik og røynd vere flytande: når faren til jenta kjem køyrande, siver lukta av eksos inn i fantasien. Og som i røynda, sluttar eventyra når ungane må heim til kvelds.

Episodisk struktur

Både slottet og det underjordiske riket guten og jenta fantaserer fram, trer levande fram for lesaren. Sjølv om det er mindre som står på spel når ein veit at hovudpersonane fantaserer, fungerer «reisene» godt som sjølvstendige episodar med si eiga spenning og heilskaplege dramaturgi.

Likevel kjem forteljarevnene til Asplund først verkeleg til syne når han bryt med det episodiske mønsteret og lét fantasiane flyte saman i ei større rammehistorie, ei historie om dei som manar fantasiane fram: Jenta som ber på ein sårheit over at ho blir mobba på skulen, og som ikkje kjenner seg sett av faren. Guten som er sjuk og stadig blir sjukare, som kanskje snart skal døy. Kjenslene deira kjem til uttrykk gjennom fantasiane dei fortel kvarandre: ein draum om å flykte frå ein epidemi, ein fantasi om å bli ein beundra linedansar.

Denne typen symbolikk er til stades heile vegen gjennom boka, til dømes i bålet Asplund introduserer i starten av historia: «’Ein må øve på det’, seier han til jenta ein dag. ‘Fantasien er som eit bål. Du må mate bålet så det ikkje sloknar’.» Seinare dukkar bålet opp att i den siste forteljinga guten og jenta fortel kvarandre: «No må han snart skunde seg, elles brenn bålet ut, tenkjer jenta.»

Stillferdig og poetisk språk

Hovudkarakterane til Asplund har ikkje namn, dei blir gjennomgåande referert til som «han» og «ho», eller «guten» og «jenta». Den allvitande forteljaren til Asplund legg seg oftast tett opptil guten, men vik òg iblant frå perspektivet hans og gir lesaren tilgang til tankane til mellom anna mora. Denne typen vekslande perspektiv er ei krevjande forteljarform, men hos Asplund blir det tydeleg mot slutten kvifor det likevel er eit godt grep. Her lét han synsvinkelen gli over frå guten til jenta, slik at slutten blir håpefull og bodskapen i forteljinga blir tydeleg.

Språket til Asplund er knapt og poetisk, noko som kler den stillferdige historia godt. Når intensiteten i handlinga aukar, blir setningane hans kortare og teksten meir fragmentarisk: «Ropar og ropar om kapp med sirener og lyktestolpar. Tørkar jord av hendene. Ein benk. Græt. Ein stor bil kjem. Det stormar.» Denne vekslinga fungerer gjennomgåande godt, sjølv om den iblant gjer handlinga litt vanskeleg å følgje. Enkelte plassar glir Asplund likevel over mot det poetiserande og klisjéfulle, som i setninga: «Han pustar det litle pustet som er å puste.»

Lovande debut

Ikkje alt blir avklart i Der ingen finn oss. Til dømes får vi ikkje noko klart svar på kvifor forholdet mellom guten og mora er vanskeleg, eller kvifor jenta kjenner seg oversett av faren. Vi får heller ikkje vite kva slags sjukdom guten er råka av, eller om jenta får hjelp med å takle mobbinga. At desse trådane blir hengande lause når historia tar slutt, treng likevel ikkje vere ei innvending mot boka – med ein slik open slutt kan lesaren sjølv fantasere vidare rundt karakterane etter enda lesing.

Der ingen finn oss er debutboka til Mathias Nyhagen Asplund, og det er ingen tvil om at det er ein lovande debut. Både i tone og tematikk steller Asplund seg på akslene til Astrid Lindgren og Jostein Gaarder, som har skildra sjukdom og fantasirike i Brødrene Løvehjerte, Mio min Mio og I et speil, i en gåte. Samstundes lykkast han i å tilføre noko særeiget til tematikken, eit preg som er berre hans.

Gjennom å la lesaren få følgje hovudpersonane inn i eventyra dei sjølv skaper, syner Der ingen finn oss korleis fantasien kan tre fram som ei reddande kraft når ein treng den som aller mest.

Ingrid Senje

Født 1987. Bosatt i Milano. Master i nordisk litteratur fra Universitetet i Oslo. Årsstudium i skapande skriving ved Skrivekunstakademiet i Hordaland og nettstudium i samtidslitteratur for barn og unge ved Norsk barnebokinstitutt. Frilans anmelder, språkvasker og manuskonsulent.