Fantastiske forteljingar frå ei anna tid

Fantastiske forteljingar frå ei anna tid

Anna Maria og påfuglen

Tekst: Eleanor Farjeon

Illustratør: Edward Ardizzone
Oversetter: Ebba Haslund

Damm, 1957
171 sider

Damm

1957

Mine sterkaste leseopplevingar frå barndommen kom nok ikkje frå nokon barnebok, og eg har nok lese langt fleire barnebøker som vaksen enn som barn. Men etter at eg lærte å lesa las eg absolutt alt eg kom over. I heimen hadde vi ikkje barnebøker, men frå bokhylla var det Snorres kongesoger , Bibelen og Nordahl Rolfsens lesebok eg likte best å lese.

På skulen meinte læraren min at eg burde øve meir på leksene enn å  bruke tida på forteljingar. Så eg fekk rasjonert boklåna på skulebiblioteket til ei bok i veka. Eg prioriterte innbundne årgangar av Norsk barneblad og barnebladet Magne, då desse  var svært innhaldsrike og varte ei stund. Men den dag i dag kan eg uhoveleg mange salmevers etter å ha vore utsatt for denne gulrotmetoden.

Eg ynskte meg bøker til alle bursdagar og som julegåver, men utan særleg hell. Det var fornuftige gåver som vart utveksla. Men foreldra mine gjekk lei av maset mitt, så eit år fekk eg altså ei barnebok. Eg vart jublande glad då eg pakka ut Anna Maria og påfuglen av  forfattaren Eleanor Farjeon , med illustrasjonar av Edward Ardizzone. Boka er ei samling forteljingar og vart fyrste gong utgjeven i  1955. Eleanor Farjeon fekk  den fyrste H.C.Andersen Award for denne samlinga,  og boka  vant og den prestisjetunge Carnegie Medal .

Boka er altså svært prisbeløna, og er ei eineståande samling av eventyr og historier som kan inspirere til både draumar og undring. Nett det eg ville ha som niåring! Boka har for meg medført ein  livsvarig fasinasjon for fantasy og eventyr som ligg langt vekk frå det heimlege og trauste kvardagslivet.

Det er sagt at Eleanor Farjeon byrja å fortelje historiar til familien allereie før ho greide å halde i ein blyant eller å lese, og faren, som var forfattar, skreiv ned desse historiane. Då ho var atten fekk ho framførd tekstar ho hadde skrive til ein operette som broren hadde komponert. Då ho var nitten fekk ho si fyrste diktarløn. Eleanor Farjeon har skrive svært mange barnebøker, men og diktsamlingar. I dag er ho hugsa for å ha skrive teksten til songen «Morning has broken» som Cat Steven har gjort verdskjend.

anna maria forsideAnna Maria og påfuglen vart utgjeve då Eleanor Farjeon var over sytti år. I boka valde ho ut forteljingar som ho meinte hadde tidlaus appell for born. Forteljingane liknar lite på kjende norske folkeeventyr. Her finst rett nok både konger og prinsesser, men kongane er tjukkfalne og nokså  dumme. Og prinsessene er heilt vanlege jenter, ofte med ein ekstra porsjon nysgjerrighet og trong til å vandre ut på eventyr. Og det er heilt klårt for mange prinsar og prinsessar i høve til kva dagens unge likar å lese, sjølv om dei tekstlege kvalitetane har halde seg.

Forteljingane minner ellers mykje om H. C. Andersen sine eventyr, og som desse har dei framleis ein kvalitet i friskhet og originalitet. Ho koblar og sidestiller to verdener, fusjonerar støvklutar med eventyrleg måneskin , alltid netthendt og vellukka. Ho har og den makelause evna som H.C. Andersen har med å namngje objekt som symboliserar den verkelege verda eller verda av magi. Typisk nok er det kvardagsliv med støvkostar og synåler som er verkelegheita, og rom med opne vindauge som leiar ut til draumar og dikt og naturens tryllerier som måneskin og regnbogar.

Anna Maria og påfuglen, eller The little Bookroom som boka heiter på engelsk, er ei sjarmerande bok som både kan begeistra og glede sine lesarar. Forteljinga om kongens dotter som gret for å få månen, om dei seks prinsessene som lever for sitt lange hår og den sjuande som stikk av, og mange, mange fleire. Ei av historiane eg hugsar best er om  Tom som finn ein penny på veg heim frå barnehagen og straks traskar uti verda for å omsetje mynten. Han vil teste sjokoladeautomaten på togstasjonen der han har vore ein gong tidlegare. Sjokoladen derifrå må nå smake så mykje betre enn den i butikken. Berre spenninga med å trekkje i handtaket er verdt pengane. Som de kan tenkje virkar ikkje automaten, men Tom får ei eventyrleg oppleving, og sjokolade til slutt.

Og ikkje minst hugsar eg historia om landet vestanfor som er inngjerda av eit langt  plankegjerde lik den kinesiske mur. Om ein berre kjenner trikset med den sjuhundreogsyttiande planken som er laus, kan ein  kome inn og oppleve alle barn sine draumar.

Så lenge ein kan tenkje seg ei meir fantastisk verd bortom plankegjerdet, så lenge vil ein alltid kunne verta fortrylla av fantastisk barnelitteratur!

Vil de lese meir om  Eleanor Farjeon kan eg anbefale essasyet “Room with a View” av Frances Claire Sayers. Utgjeve  i  1956 i  The Horn Book.

Anna Maria og påfuglen kan lesast i bokhylla.no eller lånast frå Bergen Offentlige Bibliotek. Boka er framleis til sals i engelsk utgåve.

Foto: Kristin von Hirsch
Foto: Kristin von Hirsch

Leikny Haga Indergaard jobber ved Bergen Bibliotek. Hun sender stafettpinnen videre til Jan Landro, tidlegare journalist i Bergens Tidende.

Nina Aalstad

2 thoughts on “Fantastiske forteljingar frå ei anna tid

Comments are closed.