Fart og sjølvtillit!

Falturiltu-festivalen på Stord er ein arena for formidling, men også ein stad for refleksjon rundt formidlinga.

Det skjer nokre temposkifte i løpet av eit liv, og nokre få av dei kan ein sjå attende og setje ein metaforisk finger på – nøyaktig på augneblinken då tidsopplevinga, om enn ikkje tida sjølv, endra seg radikalt. cover-tonjeNei, det er verken barnefødslar eller naturkatastrofar eg tenkjer på. Eg tenkjer på augneblinken då ein til dømes har gått inn døra til Stord Kulturhus klokka 17.55 og trudd ein har all verdas tid før framsyninga skal byrje 18.30, men brått oppdagar at det ikkje er på Kulturhuset, men på Høgskulen, som ligg i ein heller lite gangbar avstand, at musikalen skal føregå. Her lyt ein hive seg rundt – fart og sjølvtillit!

«Fart og sjølvtillit» var årets festivaltema på Falturiltu-festivalen på Stord. Mange lesarar veit truleg at slagordet er henta frå Tonje Glimmerdal av Maria Parr, som var festivaldiktar på årets festival. Det var nettopp Tonje Glimmerdal musikk- og kunst og handverkstudentane ved Høgskulen Stord/Haugesund hadde laga musikal av, og for å kome meg tidsnok til premiereframsyninga måtte eg først følgje ein buss eit stykke på veg (til Ådland, for dei som er lokalkjende, noko eg ikkje var), før eg med eigne bein måtte jogge ei meir eller mindre bein strekning til Høgskulen på Rommetveit. Vestlandet er mørkt i november, og det regnar gjerne. Då eg passerte eit grendahus med ordet «Samhald» pryda på veggen, var den blaute hjernen min raskare ute enn verdiane mine, og parerte raskt: «Åleinegang!». Men eg rakk framsyninga – sveitt og våt, og nøgd med eigen prestasjon, om enn førebels ikkje fullt så begeistra for å vere her.

Lokalt og regionalt engasjement

Tonje Glimmerdal-musikal. Foto: Falturiltu

Tonje Glimmerdal-musikal. Foto: Falturiltu

Tonje Glimmerdal-musikalen hjelpte på humøret. I fleire år har studentane ved Høgskulen Stord/Haugesund brukt «Write an opera»-malen for å setje i stand eit syngespel i løpet av fem korte veker. Med sjølvsnekra scenografi og sjølvlaga kostymer blei Parr-adaptasjonen ei fin oppleving. Ikkje minst var det godt å starte festivalopphaldet med ei oppfrisking av romanuniverset til festivaldiktaren. Glimmerdalen har tidlegare blitt overført til både TV (NRK) og scene (Det norske teatret), og det var artig å sjå kva slags val studentane hadde gjort i sin eigen versjon. Etter framsyninga fann journalisten ein buss som gjekk heile vegen heim til hotellet, og både enden og allting var godt.

The Vikings

The Vikings. Foto: Falturiltu

Men dette var berre starten på visa. Morgonen etter var det seminar om festivaltemaet «Fart og sjølvtillit» på Høgskulen, som i dagslys viste seg å vere meir naturskjønn enn den mørke kvelden før hadde avslørt. Den unge rockegruppa The Vikings fekk opne seminaret – med gitarar, bass og trommer som preventiv kur mot seminarblues – etter at direktør ved HSH Tage Båtsvik innleia kort om Falturiltu-festivalen si målsetjing: å synleggjere nynorsk barne- og ungdomslitteratur. For eigen del vil eg leggje til at også aktivering av lokale og regionale utøvarar i alle aldrar synest å vere eit underliggjande mål.

Utvald, stikk i strid

Maria Parr. Foto: Falturiltu

Maria Parr. Foto: Falturiltu

Maria Parr heldt det første innlegget på seminaret, og snakka både praktisk og teoretisk om heltar og heltinner i barnelitteraturen. Med utgangspunkt i J. A. Appleyards Becoming a Reader (1991) skildra ho si eiga utvikling som lesar, frå møtet med Hardy-gutane, via Kong David i teikneserie-versjonen av Bibelen, til hennar eigne heltar og heltinner i Glimmerdalen og Knert-Mathilde. Parr drog fram det barnlege behovet for å førestille seg sjølv som helt, og snakka om korleis vi gjer litterære personar til både meir og mindre umedvitne analogiar til våre eigne liv. Dette eksistensielle behovet er ikkje berre spegla i litteraturen sitt innhald, men også – og like viktig – i forma, til dømes i dei mange forteljingane som er strukturert etter same rørsla: Helten eller heltinna reiser frå ein trygg heim, ut i ei utrygg verd, og kjem seg endeleg attende til den trygge heimen.

Historia om David skildra Parr som det største menneskelege fallet ho til då hadde opplevd. Gjennom å kjempe ned Goliat og bli konge gjorde David seg til ein heltetype som er lett å sympatisere med: Han blei utvald, stikk i strid med føresetnadane sine. Men med sviket mot Uria og Batseba fall han – i all si menneskelegheit – til det lågaste, og det å få oppleve dette fallet, varsla om noko nytt for den unge lesaren Parr, som til då hadde heldt seg til Frøken detektiv og Hardy-gutane. På veg inn i ungdomstida utviklar lesaren seg til ein tenkjar, som Appleyard skriv – til ein som brukar litteraturen for å sortere i livet.

Parr fortalde også at Tonje Glimmerdal eigentleg heitte Tore Glimmerdal, men at ho endra namn og kjønn då ho oppdaga kor få heltinner som fanst i samtidslitteraturen. Med sitt lesarforhold til David understreka ho at born må få høve til å identifisere seg på tvers av kjønn – og på tvers av andre kategoriar – men underslo likevel ikkje den utruleg viktige rolla Astrid Lindgren har spela for den litterære likestillinga i Norden. Det er truleg mange som har skimta eitt og anna personlegdomsdrag frå Ronja Røverdatter i Tonje Glimmerdal. Parrs presentasjon av Kong David gav i alle fall denne lesaren nokre nye blikk på dei menneskelege veikskapane i Gunnvald si historie frå den same romanen.

Lite tendensiøst

Øystein Espe Bae. Foto: Falturiltu

Øystein Espe Bae. Foto: Falturiltu

Falturiltu er altså ein nynorsk barne- og ungdomslitteraturfestival, og naturleg nok orientert mot samtidslitteraturen. Øystein Espe Bae frå Norsk barnebokinstitutt hadde fått i oppgåve å snakke om tendensane i denne samtidslitteraturen. Som prosjektleiar for eit nettstudium i samtidslitteratur for barn og unge har Espe Bae god oversikt over feltet, og kunne – prøvande og lite bastant – leggje fram nokre påstandar om kva som føregår i dei nynorske tekstane i vår tid. Espe Bae innleia med å minne om at det ikkje er uproblematisk å snakke om «tendensar», og heller ikkje om «nynorsk litteratur». Slike ord kan gjerne skape kunstige grenser, der litteraturen i røynda er meir grenselaus. Grenseløyse er eit godt ord, og nettopp noko Espe Bae meinte barne- og ungdomslitteraturen bevegar seg mot: Mange av dei etablerte grensene er i desse dagar i ferd med å forvitre, sa han.

Vidare drog Espe Bae fram remediering (altså auken i litterære applikasjonar og filmadaptasjonar av litteratur) og serialisering (eit ofte kommersielt tilskunda fenomen) som moglege tendensar i samtidslitteraturen. Han meinte òg å kunne sjå at målgruppetenkinga er mindre vektlagd, og at fleire og fleire bøker appellerer på tvers av aldersgrupperingar. Den høgvyrde forfattarposisjonen er også i endring, meinte Espe Bae, og viste til fenomen som sjølvpublisering og såkalla «fan fiction». Respekten for Maria Parr som dette seminaret vitna om, tyder rett nok på at forfattaren framleis har ein viss posisjon, også i barne- og ungdomslitteraturen, men kanskje er dette først og fremst eit vaksenfenomen?

Vi fekk også høyre om nokre tematiske tendensar. Det er lett å generalisere og leggje alle under same lupe når ein meiner å ha oppdaga ein tendens, men Espe Bae heldt fast på at det er eit mangfaldig tematisk landskap i samtidslitteraturen, og at til dømes identitetsspørsmål, psykologiske skildringar og skildringar av det å bli vaksen, av mobbing og utanforskap framleis står sterkt, sjølv i ei tid der fantastikken og dei dystopiske forteljingane florerer. Han peika likevel på ei ny tilnærming til det biologiske og økologiske mangfaldet, og såleis på ein mindre antroposentrisk litteratur. I tillegg skildra han ei aukande interesse for kjønnsspørsmål, klårast eksemplifisert med Harald Nortuns Eksperimentet (2015), som handlar om tvillingane Amund og Amanda som bytar namn og klede for å lure besteforeldra til å tru at den eine er den andre. Alt i alt gav Espe Bae seminardeltakarane oversikt over eit mangslunge felt, og peikte på tendensar utan å gjere det tendensiøst.

Det «usømelege»

elefantSeminaret avslutta med Hans Sande og Rune Belsvik, som fekk snakke om sine opplevingar med grensesetjing i barnelitteraturen. Sande har blitt religiøst arrestert for sin snabel-parabel om Jesus og elefantane i Elefantevangeliet (1999) og politisk arrestert for skildringa av Israel-Palestina-konflikten i Pappa er sjørøvar (2011). Belsvik har på si side møtt motstand for skildringane av seksualitet i barnelitteraturen, mest kjent frå reaksjonane på Tjuven frå 2008. Han fortalde personleg om sin eigen barndom, og insisterte på å skrive til åtte-åringen Rune, som hadde både eitt og anna han lurte på, men ikkje torde spørje nokon om, når det galdt seksualitet. Ei liknande barndomspakt kunne også Sande skrive under på, om enn med ein annan innfallsvinkel: Skriv og snakk om det som er vanskeleg og interessant, utan å drive «vaksen-imperialisme», var oppmodinga hans. tjuvenTil slutt samtala Sande og Belsvik med Per Olav Kaldestad, og når samtalen var over, stod det klårt fram at også det «usømelege» høyrer heime i barnelitteraturen. Problemstillinga er både relevant og interessant, og i forsamlinga sakna eg stundom ein kverulant, sjølv om eg sjølv i stor grad sympatiserte med Sande og Belsvik sine synspunkt. Eg er rett og slett nysgjerrig på synspunkt frå andre enn dei direkte involverte, og tek meg i å håpe at Falturiltu ryddar plass til paneldebatt om eit liknande emne til neste års festival.

Frå ungdomen

Fredag morgon var det også seminar, denne gongen på Kulturhuset. Eg var mentalt på veg attende til Høgskulen, men denne gongen fekk eg avverga nye sveittetokter før det var for seint, og kunne traske roleg den korte avstanden frå Grand Hotell til seminarsalen. Hovudattraksjonen – det er trass alt festival, dette, ein må kunne bruke slike ord – var Janne Karin Støylen, som er profesjonell lesar av barne- og ungdomslitteratur, løna av Nynorsksenteret i Volda. I salen sat der elevar frå ungdomsskulane i Nordbygdo, Nysæter og Stord, og Støylen innleia på fornøyeleg vis med å snakke om arbeidsdagen sin, som inneber å vente på posten, før ho brukar resten av dagen på å lese boka som kjem med den. Slik påpeika ho for ungdomen – som etter mitt syn såg både forundra og forventingsfulle ut – at det er mogleg å jobbe med og leve av litteratur om det er det ein verkeleg vil, og at det er mogleg å finne eigne vegar inn i ei slik arbeidskarriere.

Seminaret skulle handle om ungdom og formidling, og Støylen sin viktigaste påstand var at ungdomslesaren veit noko om den gode ungdomsboka som ikkje den vaksne lesaren veit. Dette har ho utforska i masteroppgåva «Kulturar for kvalitet kring nyare norsk ungdomslitteratur» (Høgskulen i Bergen, 2014), og på grunnlag av vurderingane som ungdom har gjort i samband med utdelinga av Uprisen frå 2007 til 2011 hadde ho funne fram til nokre kriterier som ungdomen sjølv brukar når dei skal forklare kvifor dei likar eller ikkje likar ei bok.

Ungdom er opptekne av at boka skal vere «umogleg å leggje frå seg», men også at den bør «passe for alle». Innleving og identifikasjon er med andre ord viktig, men boka må samstundes snakke til meir enn berre den eine lesaren. Vidare må boka vere original, men nett kva ungdom legg i eit ord som originalitet, er truleg annleis enn det den vaksne og røynde lesaren gjer. Det må i alle fall ikkje gå utover moglegheita til å bli oppslukt av historia.

Denne «oppslukte lesemåten» pregar også kva ungdomen legg i uttrykket «godt språk». Språket må vere attkjenneleg, røyndomsnært, og bere historia med integritet. Til dømes reagerer ungdom ofte – overraskande nok – på at det er for mykje banning i tekstane. Forfattarar kan vere redde for å ha for stor avstand til ungdomsspråket, og difor prøve for hardt å nærme seg dette språket. Slik fyk ein kanskje frå den eine grøfta til den andre.

I den siste delen av seminaret gjekk ungdomen sjølv på scena, og viste arbeidet dei hadde gjort med tekstar av Rune Belsvik, Bente Bratlund og Tor Arve Røssland. Belsvik og Bratlund fekk tekstane sine dramatiserte, medan Røssland sin forfattarskap blei presentert. Etter ei av framsyningane blei nokre av dei unge skodespelarane intervjua på scena, og salen fekk stadfesta at mykje av det Støylen hadde funne fram til, stemde: Dei unge lesarane gav uttrykk for at innleving og spenning er avgjerande for om dei orkar lese vidare. Samstundes viste framsyningane i seg sjølv at ungdom – sjølv dei som hevdar at dei ikkje likar å lese – kan lære verkeleg å verdsetje litteraturen, med litt innsats frå lærarar og andre formidlarar.

Superstjerneformidlarar

Ein ekte superstjerneformidlar fekk eg høyre om bord på bokbåten Epos, som hadde tatt turen frå Bergen. Odd Nordstoga hadde snekra saman ei lita framsyning for born, før han skulle avslutte Falturiltu-festivalen på Kulturhuset seinare på kvelden. I det vesle båtbiblioteket las Nordstoga boka si Eg og Pontus går for gull (2013) for borna, og spelte og song eit utval av dei kjæraste barnesongane sine. Det var beint fram rørande å høyre borna spontant – og praktisk talt frå første akkord av – slengje seg med på allsong på «Svingensongen».

odd

Odd Nordstoga på bokbåten Epos. Foto: Falturiltu

Samstundes slo det meg at det ikkje naudsynleg er så stor skilnad på denne fine stunda med Nordstoga og dei mange fine stundene som lærarar, bibliotekarar og andre formidlarar dagleg har med borna – på skular og kulturskular, bibliotek og sofakrokar rundt om i landet. Det er mange stjerneformidlarar i dette landet, og berre eit fåtal av dei er på TV. Det minna meg på, heilt på tampen av festivalen, at det ikkje først og fremst er formidlaren sitt storslegne talent det kjem an på. Ved å snakke parallelt på sitt eige og på barna sine nivå, kan formidlaren engasjere og involvere, og leggje til rette for at borna tør prøve seg fram sjølve. Men formidlarane treng – i alle fall som eit bakanforliggjande prinsipp for formidlinga – fart og sjølvtillit. Det trong jammen eg òg, som sat og grunna over dette på bokbåten, når eg eigentleg burde sitje på bussen som snart skulle køyre meg heim.

 

Artikkelen er laget med midler fra prosjektet Periskop, som handler om å utvikle og styrke kritikk av kunst for barn og unge. Scenekunst, Kunstkritikk, Barnebokkritikk og Ballade er eiere av prosjektet og nettsiden Periskop.no, som har finansiering fra Norsk kulturråd.



Skrevet av:
Kommentarer

Oppdatert: .