Feiring og framkalling

Per Olav Kaldestad er festivaldiktar under årets Falturiltu-festival på Stord, der temaet er dikt for barn. Hans eigne dikt for barn frå 1990 til 2004 er samla i ei ny utgjeving, og med «barn» skal forståast «alle».

– Redaktør Guri Vesaas i Samlaget hadde sett nokre barnedikt av meg i ein antologi, og spurde: Burde ikkje du skrive ei diktsamling for barn? Jo! svarte eg. Men det gjekk 10 år før det blei noko av, seier Per Olav Kaldestad.

sek-person-scid-1082

Per Olav Kaldestad. Foto: Cappelen Damm

I 1990 kom endeleg Sola klappar meg. I 1998 kom Denne jorda eg bur på, og i 2004 Når morgonfrosken syng. No er dei samla i ei ny utgjeving, med tittelen Når sola kjem dettande inn. Alle dikta kan seiast å vere for barn, men Kaldestad er ikkje så glad i å dele inn lyrikken i slike båsar.

– Eg vil heller kalle dei allalderbøker. Målgruppa for desse diktsamlingane er folk frå 3–93 år.

– Men ikkje for dei på 2 eller 94?

– Nei, viss ein er 94, må Gud heller forbarme seg, seier Kaldestad og ler med ei mine som seier: «Eg meinte ikkje det, men det var ikkje til å unngå å seie!»

Døden er ikkje eit tabu

– Det er mykje som er felles for barn og vaksne. Sola klappar meg skreiv eg med tanke på barn. Cover-jordaDenne jorda eg bur på skreiv eg for min eigen del, eg hadde ikkje tanke om målgruppe. Så blei eg meir og meir klar over at dikta passa også for barn. Men i korrekturen stod det ikkje noko om verken barn eller dikt. Og omslagsbildet er vakse, for ikkje å seie alderdommeleg. I Når morgonfrosken syng står det berre «vers for små og store».

– Er det heller ikkje forskjell på å skrive for barn eller vaksne, i sjølve skrivearbeidet?

– Nei, det er ingen forskjell. Anna enn at det gjerne blir meir språkleik for barn. Vaksne situasjonar kan ein òg skildre for barn.

 

Midt i leiken

Midt i leiken
når leiken er god,
tenkjer eg at det
alltid skal vera som no

Midt i leiken
når alle er med,
tenkjer eg at me
alltid skal leika i fred.

Midt i leiken
når leiken er gøy,
tenkjer eg brått at
alle ein gong skal døy.

Midt i leiken
når dagen er fin,
vil eg berre tenkja
på alle augo som skin.

 

Cover-morgonfrosken– Slik som døden, i diktet «Midt i leiken»?

– Ja, sjølvsagt kan ein skrive om døden til barn. Det hadde heller ikkje Guri Vesaas noko imot. Den plutselege tanken om døden i dette diktet var noko eg sjølv opplevde då eg var med bestefar på brislingfiske. Eg kom frå eit miljø der bedehuskulturen stod sterkt, og der det gjekk sterke rykte om dommedag. Eg hugsar eg stod der med bestefar, såg utover fiskeflåta, på alle fiskarane, og tenkte: Huffameg, skal alle desse døy?

– Du har elles eit stort spenn i det du skriv om, frå skulegardar til universet?

– Ja, i desse dikta har det vore eit medvite val å skrive ut eit spekter av typiske kjensler og situasjonar frå det kvardagslege livet, som avstand, lengt, møte, avskjed, og sinnstemningar som fryd, ettertanke og raseri. Så prøver eg òg å minne om universet av og til. Himmelen har mykje å fortelje. Og eit barneperspektiv vil vere å formidle: «Eg er liten, alt er stort». Det er ikkje barnsleg, men barnleg.

Fuglar og økologi

Kaldestad er også kjent for å vere ein musikalsk diktar. Ikkje berre skriv han sonettar, og dikt med andre faste rimmønster og taktreglar, dikta hans kan òg vere fulle av klang. Han har vore ein ynda diktar for mange visekomponistar, blant andre Vamp, Aftenlandet, Kenneth Sivertsen, Atle Hansen og Gabriel Fliflet. Han innrømmer sjølv at han «heilt tydeleg har eit oppheng i ting som går på fast rytme og rim».

Nina Goga skriv i etterordet til Når sola kjem dettande inn at Kaldestad viser «omsorg for barn og barnets omverden, men også for språket, den språklige hjerterytmen, for ord, lyd og lyst.»

– «Omsorg for språket» var jo gripande sagt. Men eg har tenkt at når ein vel å skrive for barn, er berre det beste godt nok.

– Ein annan ingrediens som dukkar opp overalt i diktinga di er fuglar. Kva er det med deg og dei fjørkledde?

Skjor (levande).

Skjor (levande).

– Eg har hatt eit merkeleg forhold til fuglar frå eg var liten. Det var nok fordi dei kunne fly, og stort sett ikkje var å sjå. Plutseleg såg ein dei. Eg samla egg som eg la i bomull, prøvde å fø opp fuglar, mellom anna ei skjor. Men eg gav dei antakeleg Wittenberger, så dei fekk vel tarmslyng. Dei vaks i alle høve ikkje opp. Eg var ei dårleg mor. Eg hadde ein slektning som hadde ei tam kråke, som han hadde klart å fø opp, det ville eg prøve òg. Eg klarte det nesten. Den kråkeungen var den einaste som lenge overlevde dietten min. Så prøvde eg med ein kjøtmeis, det gjekk ikkje.

Det merkelegaste var kanskje ikkje at han gav fuglane mat som ikkje passa dei, men at han åt dei sjølv.

– Det var vanleg at eg sette snarar, fanga traster og åt dei opp. Eg måtte drepe dei om dei ikkje var døde i fella, så tok eg duna av dei, og gav fuglen til mor så ho kunne tilberede han. Det var berre eg som åt, dei andre ville ikkje ha. Eg sat åleine og åt steikt trast i brun saus.

– Men du har aldri alt opp eller ete ein Fuglekonge?

– Nei, dei har eg aldri fått tak i, seier Kaldestad.

Fuglekongen har ein heilt spesiell plass i hjartet hans, får vi tru, i alle fall i diktinga. Den ørvesle fuglen er berar av mang ein bodskap i dikta for barn og vaksne. I Sola klappar meg har diktsuiten om Fuglekongen eit økologisk perspektiv.

– Fuglekongen blir ein indikator på korleis det står til. Eg viser at så lenge Fuglekongen klarer å overleve, klarer naturen å regenerere. Eg har alltid vore opptatt av økologi og naturvern. Min generasjon blei veldig merksame på det – at det går ei grense for vekst. Men i staden for å henge opp varselplakatar, vil eg som forfattar framkalle dei små liva, vere med på å bevare gleda over det som finst. Så kan dette igjen bli eit mogleg utgangspunkt for handling – for vern av dei små liva som held det store livet oppe. Det er ei feiring og ei framkalling, seier han.

Svev og stev skal bli

Per Olav Kaldestad arbeidde ved Stord Lærarhøgskule fram til 1997, og har sidan vore forfattar på heiltid. Han har vore leiar i Norske Barne- og Ungdomsbokforfattere (NBU), og medredaktør i Årboka litteratur for barn og unge. Saman med Hanne Knutsen gav han ut Diktboka i 1984, ei innføring i kvifor og korleis undervise i lyrikk i skulen.

– Eg har aldri slutta å vere pedagog. Som NBU-leiar var eg opptatt av å få litteraturen ut, formidle han. Diktboka sitt prosjekt er også å få variasjonen i lyrikken fram, dele han, peika på ulike innfallsvinklar til diktlesing. Eg trur dei fleste lærarskular brukar denne boka no.

Cover-solaTemaet for årets Falturiltu-festival er «dikt for barn», med overordna tittel «Svev og stev». I løpet av festivaldagane skal Kaldestad presentere dikta sine i ulike samanhengar. Musikalske innslag er sjølvsagt ein del av programmet. Det blir utstilling saman med kunstnaren Rolf Monsen, som Kaldestad har samarbeidd med fleire gongar før. Det blir òg utstilling med bildebøker saman med illustratøren Hilde Kramer, som han har laga bøker saman med. Det blir skulebesøk og føredrag. Publikum kan finne dikt av Kaldestad rundt omkring i Leirvik – i trea, utanfor galleriet, på hurtigbåtkaia. Han gler seg, men registrerer at det blir travelt.

Sjølv var han ein av pådrivarane bak denne «verdas einaste nynorske barnebokfestival» for 11 år sidan.

– Det var Atle Hansen som fann på det. Han fekk Stord kommune med på ideen. Så lokka han med seg meg og Helga Gunerius Eriksen. Det er faktisk mange, også i Sunnhordland, som ikkje trur at det finst god barnelitteratur på nynorsk, så det er viktig å vise han fram, spreie ryktet.

Han sat i Falturiltu-leiinga i 3–4 år, før sonen Roald Kaldestad «overtok som familierepresentant» som han seier – og som festivalleiar. No er Per Olav Kaldestad glad for å kunne lunte (eller springe) rundt som festivaldiktar i staden for å sørge for at alle tilreisande får plass å bu og kjem seg på rett buss eller blir frakta av frivillige til rett lokale.

– «Svev og stev» skal bli oppfylt, seier han.

 

Festivalen held fram til 11. november. Her finn du programmet.

Foto av Per Olav Kaldestad på banner: Elise Løvereide/Framtida.



Skrevet av:

Kommentarer

Oppdatert: .