Kvar er mor? På leit etter mødrer i barnelitteraturen

Då eg vart mor byrja eg å lese barnebøker med ny interesse. Blant anna funderte eg på kvar mødrene fanst i barnelitteraturen. Og då eg las Hilde Kramer si bok Hvor er mamma? (2007) kjende eg meg att. For mødrene var som regel fråverande. Utan at eg forsto kvifor. Som hovudpersonen Marie i Kramers bok tenkte eg at eg måtte gå systematisk til verks. Kvar skulle eg leite? Det var kanskje naturleg å starte i heimen?

Eit blikk på folkediktinga

«Heime-ute-heime» kan seiast å vere «den grunnleggjande strukturen for store delar av den barnelitteraturen som handlar om å skaffe seg erfaring og å utvikle seg» (Birkeland og Mjør 2012:50). Ifølgje ei slik beskriving vert heime synonymt med staden der alt startar og alt vert avslutta. Men det er ikkje der spenninga eller utviklinga skjer, og difor er hovudhandlinga i ein slik forteljarstruktur lagt utanfor heimen, i det ukjende og ofte i reisa. Og sidan mor ofte er synonymt med heimen anten i overført eller konkret tyding, er ho på mange måtar utanfor hovudhandlinga. Ho er i staden i rammeforteljinga, i utkanten av historia. Og det er her eg startar leitinga mi etter mor.

Ein av dei sjangrane som tydlegast brukar den grunnleggjande narrative heime-ute-heime strukturen, er folkediktinga. Folkediktinga kan kallast sjølve «urlitteraturen», fordi den er knytt til ein før-skriftleg forteljartradisjon. I Noreg vart den nedskriven først på 1800-talet, og vart populær og samlande som nasjonal identitetsmarkør, sjølv om sjangeren har mange fellestrekk i dei fleste kulturar. I folkelitteraturen burde ein finne eit rikt utval av foreldre, sidan familien var og er den viktigaste eininga i samfunnet, den grunnleggjande måten å leve saman på. Fedrar finst det som regel ein del av i folkelitteraturen. Dei oppheld seg i rammeforteljinga, og er ofte knytt til rolla som oppdragsgjevar, eller dei er med i avslutninga av eventyret. Dei løner eller straffar.

Men kan vi finne mødrer i folkediktinga?  Janne Stigen Drangsholt hevdar at mødrene i folkediktinga opprinneleg kunne vere vonde, men at Rousseaus verk Emile (1762) bidrog til at morsportretta i folkediktinga endra seg:

Rousseaus verk bidro nok også i sin tid til at brødrene Grimm forandret på mange muntlige eventyrfortellinger om mødre som ville sine barn ille. Den opprinnelige fortellingen om Hans og Grete handlet for eksempel om en mor som etterlot sine egne barn i skogen, men fordi brødrene Grimm ikke klarte å slippe tanken om den gode moder, introduserte de stemoren eller ‘konen’ som en fordervet, egoistisk og unormal femme fatale som tar morens plass etter dennes død. (Drangsholt 2012).

Drangsholt viser vidare til den britiske litteraturforskaren Marina Warner som seier at eventyr skal hjelpe barna å «ta steget ut fra familiens trygge kår. Moren i disse eventyrene er ikke ond, sier Warner, men oppfattes slik av barnet som vil holde fast på egen barndom» (Drangsholt 2012). Mor er dermed både kopla til det heimlege, og til lausriving. Anten vart mora forlaten av barnet, og barnet forlét heimen av fri vilje, eller mora var den som forlét barnet og gav dermed barnet moglegheit til å måtte klare seg i verda – på godt og vondt.

Den barnelitterære kanon

Eg byrja å tenke på den barnelitterære kanon, og fokuserte først på dei engelskspråklege barnebøkene som Ei lita prinsesse (1904) og Den løyndomsfulle hagen (1911) av Francis Hodgson Burnett. Jentene her er foreldrelause og vert behandla av slektningar eller skulestyrarar som noko ein må tåle, men ikkje like. Det er ein tydleg sentimentalitet i skildringa, som ein også kan sjå i vaksenlitteraturen om barn frå 1800-talet; til dømes i Jane Eyre av Charlotte Brontë eller Charles Dickens sine portrett av den fattige Oliver Twist eller David Copperfield som mister mora, og vert offer for stefarens valdelege temperament, og seinare skulestyraren sin sadistiske maktbruk. I Heidi (1881–1882) av Johanna Spyri er også barnet foreldrelaust, og vert oppdratt hos bestefaren, onkel Heia. Med andre ord er det foreldrelause barnet ein tydeleg litterær skikkelse allereie på 1800-talet.

«En mors omfavnelse». Adolphe Jourdan (1825-1889)

Slik det kunne vore: «En mors omfavnelse». Adolphe Jourdan (1825-1889)

Det er interessant at denne forma for sentimentalitet så sterkt er knytt til klassikarane innanfor barnelitteraturen. Men det er ikkje slik at dei foreldrelause barna slepp krav om danning og kultivering, for det er andre vaksne enn foreldra som fremjar desse krava. Heidi vert utsett for frøken Rottenmeier, David Copperfield for skulemeistaren, den vesle prinsessa Sara fell i klørne på den utspekulerte rektoren frøken Minchin på kostskulen. Så: sjølv om barna ikkje har foreldre, vert dei utsett for krav frå vaksne, som representerer institusjonar og dermed storsamfunnet. Fordi barna er foreldrelause vert dei kanskje ekstra sårbare i møte med danning- og sosialiseringskravet frå desse institusjonane. Det morlause eller foreldrelause barnet fører til at lesaren sympatiserer sterkt med hovudpersonen. Og det ligg sjølvsagt eit stort narrativt potensiale i eit slikt utgangspunkt for ei forteljing.

Det kan likevel vere fleire grunnar til at foreldra ikkje var viktige personar i mange av dei kanoniserte barneforteljingane på 1800-talet. Innanfor borgarstanden var ikkje verken mødrene eller fedrane særleg synlege i barneoppdraginga, og det var denne samfunnsklassa som vart oftast skildra og omtala i litteraturen på 1800-talet. Mødrene hadde få juridiske rettar i borgarklassen. John Stuart Mill hevda i boka The Subjection of Women» (1869) at slavane i Sør-Statane i USA hadde det langt betre enn gifte kvinner frå borgarklassa i Storbritannia. Alt dei eigde tilhøyrde mannen, også ungane. Mødrene hadde difor lite dei skulle ha sagt med omsyn til barneoppsedinga. Dei hadde ammer som tok seg av borna frå spedbarnsalder, og seinare fekk borna guvernanter som skulle ta seg av opplæringa og oppsedinga av dei. Barna kunne verte sende til foreldra ein gong for dag for inspeksjon og ein samtale under tilmålt tid. Ein annan grunn til at mødrene ikkje vert viktige litterære figurar i klassiske barnebøker kan vere fordi mange mødrer framleis døde i barsel, eller at store epidemiar råka landa i Europa til langt ut på 1900-talet. Dermed ville ikkje det foreldrelause eller morlause barnet vere uvanleg, for det var mange barn frå alle samfunnslag som hadde ein slik lagnad. Den viktigaste grunnen er likevel at det ofte ikkje er i heimen hovudhandlinga er lagt, men i den danningsferda som startar fordi ein av ulike grunnar er nøydd til å forlate heimen. Difor er ikkje mor ein viktig litterær karakter i heime-borte-heime litteraturen, det vil seie i mange av dei klassiske folkeeventyra (td hos Grimm) og mange av dei klassiske barneforteljingane.

Barneklassikarar i Norden

Kva så med barneklassikarane i Norden? Forteljingane til dei tidlege feministane og nordiske nestorane Astrid Lindgren og Tove Jansson? Det var ikkje så mange mødrer å finne der heller. Mødrene var reduserte til bakgrunnsfigurar, anten som vaktarar av den plettfrie heimen, eller som stumme englar bak gyldne skyer. For å illustrere påstanden kan eg ta for meg ei av dei mest kjende barnebøkene til Lindgren, nemleg Pippi Langstrømpe (1946). Der finn vi begge desse mødretypane. Den eine er den velstrokne, kvite 50-tals mora med Blenda-smil, Fru Settergren, – sjølve symbolet på husmorperfeksjonismen og det svenske «folkhemmet». Den andre er mora til Pippi, som er død og bur i himmelen. Det er ikkje lange vegen frå morsfråveret i Pippi Langstrømpe til morsfråveret i Snøkvit eller i Askepott.

Men Astrid Lindgren er eit ikon for mange av oss, og har hatt enorm påverknad på barnelitteraturen heilt fram til våre dagar. Difor leitar eg vidare. I bøkene om Emil i Lønneberget er det først og fremst forholdet til faren som står i fokus, og skapar driv i forteljingane. I Brødrene Løvehjerte er hovudhandlinga lagt til Nangijala, og brødrene si tapre motstand mot Tengil. Nokså fort kjem eg på mora til Ronja Røverdatter. Eit grepa kvinnfolk kan vi seie, like myndig og moden som faren er barnsleg og banal i si evige kiving med Borka. Mora kan leie kven det skal vere etter øyrene, ingen er så god til å skrubbe ryggar, eller kjefte på menn som henne, og ho er truleg eit spegelbilde av korleis Ronja vert som vaksen. Men når eg tenkjer etter er det ikkje forholdet mellom mor – dotter som er interessant – heller forholdet mellom far og dotter. Vi møter ein far som forgudar dottera si, men kranglar med henne og kjem på kant med henne. Det er her spenninga og dynamikken i historia ligg. Mora vert ein bakgrunnsfigur i konflikten i boka, til tross for at ho er myndig og uredd.

Kva med mødrefigurane i forfattarskapen til Tove Jansson? For å ta den mest kanoniserte mora i finsk barnelitteratur, Mummimamma i Mummidalen, er også ho solid planta i heimen. Og ho har mange av dei tydelegaste karaktertrekka som den tradisjonelle mora skal ha. Marie Alming viser i hovudoppgåva si at det er ein form for stabilitet over karakterane i Mummidalen (2008):

Det er lite tvetydighet hva gjelder karakterene i Mummidalen og deres trekk: Man vet at Mummimamma er klok og god og trygg; Mummipappa har et rastløst hjerte og en sterk eventyrtrang, samtidig som han er nokså bedagelig; Sniff er engstelig og eiesyk; Snusmumrikken er livredd for å eie ting og å selv bli eid; og Lille My er fryktløs og alltid ærlig (Alming 2008:17ff).

No kan ein hevde at det er merkeleg at Tove Jansson som blant anna var ein samfunnsengasjert forfattar og feminist kunne skape ei så tradisjonell mor som Mummimamma med forkle og handveske. Det kan kanskje henge saman med at andre trekk ved kvinnerolla viser seg i andre figurar i dette universet, og at dei kvinnelege karakterane har, som i eventyra, nokre få forstørra personlegdomstrekk – som at Mummifrøken er oppteken av å pynte seg, My av å kritisere og kommentere, Too-ticki er jordnær og rolig, og Hufsa er blant anna ein representant for einsemd, redsle og angst. Mammarolla er dermed knytt til dei tradisjonelle kjerneoppgåvene til mora: Ho er den personen ein kan lene seg mot, få trøyst og råd hos, og som stettar primærbehova som kjærleik, omsorg og mat.

Mummimamma kan sies å speile husmorrollen (…) siden hun har ansvar for å holde huset i orden, hun oppdrar barna, hun underbygger Mummipappas drømmer og ego, og er gjennom sin rolle den som gir trygghet og en følelse av hjemlighet til Mummihuset (Alming 2008:87).

Mummimamma er ein tidstypisk representant for husmorrolla i etterkrigstida, solid og først og fremst knytt til heimen.

Barnelitteratur i norsk etterkrigstid

Kva så med norske barnebokforfattarar frå same periode: Prøysen, Egner og Vestly? Det finst ikkje så mange mødrer i barnelitteraturen til verken Prøysen eller Egner. Prøysen har skrive mange fine viser for barn, og er i tillegg først og fremst kjend for bøkene om Teskjekjerringa, som er initiativrik, oppfinnsam og uredd. Men ho er ikkje mor, sjølv om ho har ein del prototypiske morstrekk.

Mødrene i Egner sin forfattarskap er også tradisjonelle. I Klatremus og alle de andre dyrene i Hakkebakkeskogen er det mor til Brumlemann som har dei tradisjonelle morseigenskapane. Ho bekymrar seg, slik tradisjonelle mødrer gjer, og ho gir omsorg. Ein meir spenstig versjon av morsskikkelsen er bestemor Skogmus, som er oppfinnsam, uredd og kjem seg ut av alle kniper. I Folk og røvere i Kardemommeby fins det ingen mødrer, den tydlegaste kvinneskikkelsen er tante Sofie, som går frå å vere illsint og vrang til å la seg forføre av ein av røvarane.

Forfattarskapen til Vestly er derimot eit unntak når det gjeld skildringar av mødre på 1960- og 1970-talet. Erle, mammaen til Guro, er åleinemamma og enke. Ho er ein typisk representant for likestillinga som fekk sitt gjennombrot på 1960-talet, synleggjort ved at Erle vert vaktmeister, gjeng med kjeledress og handterer verktøy. Ho er skildra både som sterk og svak, og er på den måten ein dynamisk karakter. Ho vert difor ein kontrast til mange av dei mødrene eg har omtala. Karakterskildringa balanserer fint mellom fortvilinga ho kjenner på, og kvardagslivet som ho i all hovudsak meistrar. Vestly held fram med å vere utradisjonell og skildre sterke kvinner i bøkene om Aurora. Mammaen til Aurora er advokat og faren er heimeverande. I blokka der Aurora bur vert det utradisjonelle kjønnsrollemønsteret omtala av naboane. Når det gjeld å skildre mødre som dynamiske karakterar er Vestly tidleg ute.

Postmodernismen og to tendensar

Vi nærmar oss vår eiga tid. Det har vorte sagt at foreldra har gått gjennom ei barnleggjering, eller kanskje også ei latterleggjering i barnelitteraturen i postmodernismen. Eit av dei postmodernistiske grepa er nettopp ironiseringa over roller som vi går inn i, og kanskje særleg roller knytt til tradisjonell autoritet, som foreldrerolla. Spørsmålet er kva ein oppnår ved å gjere det. For nokre år sidan sat eg og mange med meg og akka oss over Liv Bernhoft Osa som ja ja og nei nei-a seg gjennom heile jula på Månetoppen. Mora vart framstilt som eit nærmast språklaust og latterleg me-he, som var engsteleg og såg mørkt på det meste. Ein del skildringar av fedre har vore like problematiske. Nok er det å trekkje fram den infantile faren Malvin i Jul i Svingen som medførte mange debattar om mannsrolla i ulike media.

I fjor kom Julekongen, som fekk svært god mottaking, men også her finn ein foreldre som er skildra som eindimensjonale. Faren til hovudpersonen Kevin summerer rekningar på ei gamal reknemaskin. Mora derimot er svært oppteken av at ho er politi, men er ikkje særleg kompetent i jobben sin. I tillegg møter vi mora til Peder Krohn, som er oppteken av materialistiske ting, men ikkje av sonen. No kan ein sjølvsagt hevde at eindimensjonale foreldre er ein måte å skape humoristiske innslag på i forteljinga, og borna har sikkert godt av å le av vaksne. Men ein slik framstilling kan også vise fram at foreldreportretta er fiksjon, ein strekkjer seg ikkje etter realistiske skildringar, men etter framandgjerande trekk som peikar ut over sjølve forteljinga. I Julekongen er metafiksjonelle element brukt i mange scener, til dømes i snømåkingsscenene som meir minner om innøvd koreografi, ein slags form for automatisert dans med sin eigen rytme og som rituell felleskapshandling for mennene i gata.

På den andre sida kan ein sjå ein motsett tendens i skildringa av foreldre i den postmoderne litteraturen. Foreldra vert i stadig oftare grad viste fram som fragmenterte individ. Dette har ført til ein ny tematikk også i barnelitteraturen, og gjeld både skildringa av vaksne og barn. Vaksenrolla er heller ikkje knytt til autoritet lenger. Tvert om, kan ein hevde. Vaksne slit med livet sitt, også i barnelitteraturen.

Førstemamma på mars

Det har opna for fokus på problematiske forhold, oppløysinga av kjernefamilien, og tema som angst for sjukdom eller død, skilsmisse og nye partnarar, vald i heimen og ulike psykiske lidingar. Barnebøker som Sinna Mann, Pinnsvinmamma, Frøet, Du må klappe katten, Snill, Stripekalven, Krigen, Førstemamma på mars med fleire er opptekne av å vise ulike sider av forholdet mellom barn og vaksne. Det er viktig at denne tematikken er i fokus sidan mange barn har ein vanskeleg kvardag. Men det er også viktig at det finst annan litteratur som viser andre typar familieforhold.

Mødreskildringa på 2000-talet

Korleis vert så dei «fragmenterte» mødrene skildra i vår tids barnelitteratur? Det vert tatt eit oppgjer med morsrolla i fleire barnebøker etter 2000-talet. I Stripekalven (2008) av Marit Kaldhol vert kalven forlaten av mora som skal til byen og kjøpe seg sko. Kalven møter Nekut i skogen og Nekut er farleg og legg seg over han. Kalven vert deretter redda av Dori som streifar i skogen, og har grå pels og raud tunge og svarte labbar. Då Dori og kalven kjem til byen har mora fått ny kalv, og dei går tilbake til skogen utan at mora har sett dei. Dori tilbyr seg å vere vennen til kalven, og gir han brystmjølk. Det ligg ei rad tolkingslag i ei slik bok, sjølvsagt. Det viktigaste i vår samanheng er at mora forsvinn, og at kalven får ein annan inn i livet, som tek på seg morsrolla.

I ei anna bok, Pinnsvinmamma (2006) av Kari Saanum vert mor omskapt til eit pinnsvin etter at mora og dottera har krangla med kvarandre og dottera har klipt håret av mora. Mora er pinnsvin i store delar av boka. Å bli transformert til dyr er eit trekk frå folkediktinga som blant anna kan indikere at mennesket reagerer sterkt på endringar, og går inn i ein naturtilstand der ein er «av-kultivert». Det at mødrer ikkje strekk til, er altså typisk i vår tids barnelitteratur. Ofte må barna sjølv ordne opp. I Håret til mamma (2007) av Gro Dahle må dottera inn for å løyse opp i flokane i håret til mora, fordi mora ikkje klarer det sjølv. Barnet vert den ressurssterke i møtet med den vaksne som ikkje klarer omsorgsrolla si.

Dersom mor ikkje har psykiske problem er ho ofte død eller prega av sjukdom. I Annas himmel (2013) av Stian Hole er mor død: «Jeg kan ikke se mamma noe sted. Kanskje hun er ute og luker i paradis, sier Anna». Den døde mora har noko sentimentalt over seg, som viser tilbake på det foreldrelause barnet på 1800-tallet eller klassikarar som Pippi. Men ein viktig forskjell er at i Annas himmel er fråveret av mor eit hovudtema i boka.

I Gyrid Axe Øvsteng Førstemamma på mars (2013) er mora alvorleg sjuk, og fantasien hjelper dottera til å tenkje ut nye plassar mora kan vere.  Ho kan til dømes vere på planeten Mars i staden for på sjukehuset. Barns fantasi i kritiske situasjonar kan vere forløysande og frigjerande. Den kan vere ein stad der dei søkjer tilflukt, og ein stad dei finn opp fordi dei ikkje kan eller vil ta inn over seg realitetane om at mor er sjuk. I Axe Øvsteng si bok vert dottera til slutt med faren på sjukehuset. Ho ser realitetane i kvitauget, fantasien er ein tilfluktsstad, verkelegheita er vanskeleg, men noko ein må ta stilling til – også som barn. På sjukehuset finn ho mor si som er svært endra av medisin og sjukdom. Slik kan ein seie at mora og dottera møtast igjen, men boka avsluttar med ein open slutt: vil mora overleve eller ikkje? Med andre ord: Vil fråveret verte avslutta eller verte permanent?

Det er mange barn som er svært opptekne av døden. Dei opplever kanskje at dei mister personar i nær familie, vanlegvis besteforeldre, eller dei mister dyr dei er glade i. Men å miste mor er kanskje ein av dei verste fantasiane barnet kan ha. Døden vert dermed noko som er truande, og noko ein ikkje kan forstå. Tematikken er difor viktig og aktuell for barn, men det er interessant at det oftast er mor som skal ut av teksten eller som skal idylliserast og sentimentaliserast på denne måten.

Ein annan måte morsfråveret kan skrivast ut på er ved å la mødrene vere bortreiste. Dette er ofte fordi dei gjer karriere. Som nemnt er mora til Aurora i Aurora-bøkene advokat. I Tonje Glimmerdal (2011) er mora på Grønland og forskar, og i Kven er snillast av far og mor?(2012) av Inger Bråtveit er mora forretningskvinne. Det er vanskeleg å sjå dette som ein kritikk av at mor er den av foreldra som gjer karriere. Det er heller ein moderne måte å løyse morsfråveret på. I Inger Bråtveit si bok er mor knytt til fråvær, konferansar, stiletthelar og telefonsamtalar. Ho kompenserer med å gi sonen ein hund.

Den internasjonale litteraturen har kanskje dei same tendensane når det gjeld morsfråvær? Ein av dei største barneboksuksessane gjennom tidene, Harry Potter-serien av J.K. Rowling, har fråvær av begge foreldra som eit sentralt element i forteljinga. Men det er likevel morsfråveret som vert viktigast, fordi det er knytt til morsofferet. Og morsofferet vert den beste medisinen mot vondskapen i verda, symbolisert gjennom Lord Voldemort.

Det er heller ikkje slik at barneboka er den einaste sjangeren som har ei fråverande mor. I nyare barne – eller familiefilmar ser vi same tendensane. Mødrene er anten harmoniserande og stabiliserande faktorar som ikkje driv spenninga framover, til dømes i Croods (2013) der hovudkonflikten er mellom dottera og faren. Eller dei er fråverande og barnet må legge ut på reise, som i Epic (2013). Hovudpersonen er skilsmissebarn og flyttar inn hos den eksentriske faren fordi mora døyr.

Kvifor eksisterer morsfråveret?

Fråveret av mor er interessant. I spedbarnsstadiet er ho den av omsorgspersonane som er nærmast barnet og lever i eit symbiotisk forhold til det. Mor er knytt til det bestandige, og til primærbehova. Ho vil alltid vere knytt til heimen. Iallfall i småbarnsfasen. Og dersom mor er borte i ei forteljing, skapar det ei sterk spenning i teksten. Det gir ein sympati for barnehelten i forteljinga. Morsfråveret representerer ei utfordring for barnet, og barnet vert meir sårbart. Det skapar også eit brot med dei tradisjonelle forventningane til kvar mor skal vere, dvs nær barnet. Fråveret av mor representerer også sorg. Difor kan mor i fleire forteljingar knytast til lengt. Lengt etter at alt skal normalisere seg. Lengt etter vanlege kvardagar der mor er frisk eller der mor taklar livet sitt. Det vert uendeleg skremmande når mor ikkje meistrar omsorgsrolla si, eller når ho er borte for godt.

Men morsfråveret representerer også eit narrativt potensiale i forteljinga, nemleg at fråveret driv hovudpersonen ut av det trygge og inn i det ukjende. Det er fråveret som gjer forteljinga spennande, og det vert såleis barnet si utfordring å ta kontrollen over livet sitt. Men det betyr nødvendigvis ikkje at barnet får tilbake mor si, men at barnet må inn i nye roller, til dømes omsorgsrolla, eller at barnet må klare å leve utan mor.

Fråver er ein slik forløysande faktor som medfører mobilitet. Og den omskiftelege postmoderne verda krev at vi som individ er omskiftelege, og kan tilpasse oss nye situasjonar. Mavis Reimer (2013) skriv at kjensla av å vere heimlaus er eit viktig tema i barnelitteraturen i postmodernismen. Korleis skal ein kunne forhalde seg til «heim», dersom dette omgrepet endrar seg stadig? Korleis skal ein forhalde seg til vaksne dersom vaksne er sjuke, anten psykisk eller fysisk? Slik kan vi seie at den nye barnelitteraturen avspeglar ulike sider ved den postmoderne verda, der alle roller, inklusiv forholdet til heimen som omgrep, og mors- og farsrolla, er problematisert.

I Maria Parrs «Tonje Glimmerdal» er mor utearbeidende. Fra Det Norske Teatrets oppsetning. Foto: Erik Aavatsmark

I Maria Parrs «Tonje Glimmerdal» er mor utearbeidande og far heime. Frå Det Norske Teatrets oppsetjing. Foto: Erik Aavatsmark

 

Det har også vore påpeika at mangel på mødrer er tydleg i deler av den vaksne skjønnlitteraturen. I Janne Stigen Drangsholt sin artikkel frå Aftenposten (2012) stiller ho spørsmålet «Hvor blir det av mor i litteraturen?». Her etterlyser ho morsportrett i skjønnlitteraturen og brukar romanar frå forfattarskapane til Tore Renberg, Karl Ove Knausgård, Per Petterson og Cormac McCarthy som døme på at mødrene er fråverande og fedrane dominante.

Eit anna trekk ved morsfråveret er at det er nødvendig for at helten skal få utvikle seg. Ikkje berre fordi ei mor som er fråverande gir barnet moglegheit til å klare livet sjølv, men også fordi ei fråverande mor er den einaste tydelege feministiske rollemodellen eit barn kan ha.

I masteroppgåva til Nina Méd peikar Méd på nettopp dette trekket ved moderne norsk barnelitteratur:

– Med mindre mor er en sterk feministisk mor, er hun ikke en identifikasjonsfigur som en heltinne kan bruke.  (http://fortellingeromhenne.no/artikkel/vis.html?tid=62165)

Méd sin konklusjon peikar på to sørgjelege faktum: ho viser at det finst få jenter som både er hovudperson og helt i barnelitteraturen, og jenter har generelt få mødrer som dei kan bruke som rollemodellar.

Nokre avsluttande kommentarar

Det morlause eller foreldrelause barnet har alltid eksistert i barnelitteraturen. Derfor er ikkje morsfråver berre eit postmoderne trekk i litteraturen for unge lesarar. Det er eit viktig trekk ved barnelitteratur generelt. Og i barnelitteraturen på 2000-talet er morsfråveret ofte knytt til sjukdom, død, psykiske lidingar eller karriere. Så kan ein argumentere med at fråver i barnelitterære forteljingar gir mora mykje fokus, fordi den personen som er fråverande er ein av dei viktigaste omsorgspersonane for hovudpersonen, og difor vert fråveret så tydeleg. Men eg ser fråveret av mødrer også som eit uttrykk for at det er vanskeleg å skrive om mødrer. Og må difor spørje: Kvifor er det det?

Tilbake til Hilde Kramer si bok Hvor er mamma? (2007) som var utgangspunktet for denne refleksjonen. I boka til Kramer dukkar mora til slutt opp på toppen av taket, fordi ho skal redde katten som har forvilla seg opp dit. Mødrene må ut av heimen, men også ut av rammeforteljinga. Dei må ikkje vere interessante berre fordi dei av ulike grunnar er fråverande. Dette fråveret gjer mødrene til passive litterære karakterar. Mødrene fortener ei meir nyansert framstilling i barnelitteraturen enn dei har i dag.

Kjeldeliste:

Alming, Marie (2008): «Den Fantastiske Mummidalen – et barnevennlig paradis? usynlige, uhyggelige og (u-)hjemlige rom i Mummihuset», UiO

Birkeland, Tone og Mjør, Ingeborg (2012): «Barnelitteratur – sjangrar og teksttypar», Cappelen Damm

Drangsholt, Janne Stigen (2012): «Hvor blir det av mor i litteraturen?», Aftenposten 3. mars

Méd, Nina: «For få heltinner i norsk barnelitteratur», nedlasta 10.10.2013

Reimer, Mavis (2013): «”No place like home”: The facts and figures of homelessness in contemporary texts for young people» i Barnelitterært forskningstidsskrift/Nordic Journal of Childlit Aestetics vol 4/2013

 

Denne artikkelen vart først publisert på periskop.no 8. januar i år.



Skrevet av:
Kommentarer

Oppdatert: .