Mager nynorsk bokvår

Den nynorske barnelitteraturen har lenge overlevd ved å vere best. Mengda og breidda kan enno kome. Sjølv om den manglar i språkåret 2013.

Janne Karin Støylen er litteraturformidlar ved Nasjonalt ressurssenter for nynorsk i opplæringa.

Petra J. Helgesen er kritikar hos Barnebokkritkk.

Sidan tidleg syttital har det vore drive eit framifrå arbeid for å få fram nye forfattarar og fleire utgjevingar for barn og ungdom på nynorsk. Programerklæringa lyder «Skal den nynorske barnelitteraturen overleve, må han vere best!» Forfattarar og forlag har prioritert dei litterære kvalitetane høgt og arbeidet har gjeve resultat. Sjølv om dei nynorske titlane utgjer rundt ti prosent av dei samla utgjevingane, mottar nynorsk barne- og ungdomslitteratur tretti prosent av dei litterære prisane.

Låge utlånstal

Vi veit at det ikkje er realistisk å tenke oss halvt om halvt med skjønnlitteratur på nynorsk og bokmål. Nynorsk er eit mindre brukt språk, og eit språk som blir motarbeida. «Eit sant mirakel» kalla Kjartan Fløgstad det, i ein kronikk i Aftenposten i fjor sommar, at det sidan årtusenskiftet har debutert nærare hundre nye nynorskskrivande forfattarar. Samstundes viser statistikken at talet på nynorske utgjevingar for barn og unge går svakt nedover. På utlånstoppen i biblioteket utgjer dei nynorske barnebøkene omlag ein prosent. Mange av dei nye, prislønte nynorske barnebøkene har knapt lesarar!

Berre 13 titlar

Kvar vår og kvar haust kan vi leite gjennom forlagskatalogane og finne bøker verdt å løfte fram – i kritikk, i omtalar, i formidling. Når vi ser spesielt etter dei nynorske titlane, plar vi finne dei. Men ikkje denne våren. Ikkje i språkåret 2013. I år som nynorsken, og dei andre mindre brukte språka våre, skal løftast fram, er det lite å finne. Burde ikkje forlaga vere med på denne satsinga?

Store forlag som Gyldendal og Aschehoug har ikkje ein einaste nynorsk barne- og ungdomsbok å vise fram i vårkatologen. Cappelen Damm har ei. Hadde det ikkje vore for Det norske samlaget og barnebokforlaget Mangschou hadde våren vore nær fri for ny nynorsk barne- og ungdomslitteratur. Til saman fortel katalogane at nynorsklesande barn og unge har 13 nye titlar å velje mellom. Tyder det ulykke?

Slutten for Blåmann

Ved årtusenskiftet vart den nynorske barnebokklubben Blåmann etablert. Etter nokre driftsår med statsstøtte hadde bokklubben stor nok medlemsmasse til at det var butikk for dei tre største forlaga, Gyldendal, Cappelen og Aschehoug, å omsette klassikarar av Roald Dahl, Astrid Lindgren og Tove Jansson til nynorsk. Gummi-Tarzan dukka også opp i nynorsk språkdrakt.

Men verken statsstøtte eller klassikarane berga Blåmann. Utpå haustparten i fjor blei det klart at landets einaste nynorske barnebokklubb hadde lagt ned drifta – siste utsending var i september. Er det ein samanheng mellom at denne salskanalen er borte og dei smålåtne tala på nynorske utgjevingar denne våren? Burde ikkje dei store forlaga ha andre insentiv for å gi ut nynorsk barne- og ungdomslitteratur?

Etterlyser lettlesen nynorsk

Som formidlarar av nye barnebøker møter vi lærarar, bibliotekarar, foreldre og andre vaksne som alle arbeider for fleire og betre møter mellom boka og barnet. Ei etterlysing er hyppigare enn andre: Det finst for få lettlesne bøker på nynorsk! Dette kan løysast på mange måtar. Mykje brukte lettlesseriar som leseløvebøkene eller lesehesten har nokre få nynorske titlar mellom ei mengde utgjevingar. Nokre vert gjevne ut i parallellutgåver på begge målformene. Det paradoksale er at det då er dei få nynorske titlane som får «æra» av å bli gjevne ut på begge målformer og ikkje motsett. Atle Hansen si fine forteljing om Amanda sin medisin, og den populære Knoterud-serien til Lars Mæhle, blir begge omsett til bokmål. Kvifor blir ikkje til dømes dei raude lesehestane til Unni Lindell eller Jon Ewos bøker om Otto Monster omsett til nynorsk?

Leselandet ventar

Når ein skal lære å lese, treng ein mange bøker – ein treng bøker med emne som interesserer og ein treng lange seriar som fylgjer trygge formlar og same mønster i bok etter bok etter bok. Dei nynorske forfattarane kan ikkje ta eineansvaret for å levere lesetreningsbøker til nynorske barn. Det norske samlaget har derfor tatt på seg arbeidet med å lage ein serie med omsett lettleslitteratur. Mens det på bokmål finst ei rad med slike bøker, har dette altså mangla på nynorsk. Dei ti første titlane i den nye serien Leseland er klare for trykk, dei har vore klare i over eit år, men forlaget får ikkje gitt dei ut.

Omslag frå den upubliserte Leseland-serien.

Finansieringa er ikkje god nok. Det norske samlaget har no starta utgivinga av den nye serien i ein utradisjonell ende. Dei kjem med åtte appar i staden for bøker.

Økonomisk ansvar

Tilfanget av lettlesne tekstar spesielt, og ny litteratur på nynorsk generelt, kan heller ikkje vere avhengig av eitt enkelt forlag sin økonomiske kapasitet. Kva gjer Kunnskapsdepartementet og Utdanningsdirektoratet? Dei har ansvaret for implementeringa av den reviderte læreplanen som nettopp har vore ute til høyring. Har dei pengar å gi?

Mellom kompetansemåla etter fjerde årstrinn finn vi denne formuleringa under mål for opplæringa for skriftleg kommunikasjon: «Lese tekster av ulike typer på bokmål og nynorsk med sammenheng og forståelse». Allereie etter andre årstrinn finn vi ei målformulering knytt til kompetansemål i munnleg kommunikasjon som seier at eleven skal kunne «Lytte til tekster på bokmål og nynorsk og samtale om dem». Begge målformuleringane styrker nynorskaspektet. Skal det bli muleg å nå dei nye kompetansemåla i læreplanen, må departementet og direktoratet bruke meir pengar på mengde og breidde i barnelitteraturen.

For kven andre kan ta det økonomiske ansvaret for norsk språkpolitikk? Kulturrådet gjer det ikkje. Dei gir pengar til den nynorske litteraturen fordi den er best, og det skal dei halde fram med. Dei er mindre opptekne av kvantitet eller marknadstilpassing. Sjølv om dei har gitt støtte til peikebøker, lettlestbøker og serielitteratur, gir dei i liten grad støtte til fagbøker for barn og unge, og i enno mindre grad til dei omsette bøkene. Norsk kvalitet er og blir det viktigaste.

Om korkje Kunnskapsdepartementet eller Kulturdepartementet har ansvaret for å gi nynorske barn og unge den litteraturen dei treng for å bli sterke og trygge lesarar, kven har det da? Om det ikkje finst ekstra pengar til tiltak i språkåret 2013, kva tid finst det?

Kan vi få ein ny vår til hausten? Vi håpar det!



,

Kommentarer

Oppdatert: .