Velkommen til barnebokkritikk.no
Hjem Kontakt Om barnebokkritikk.no Bestill nyhetsbrev Ressursside Søk
Hovedmeny
· Anmeldelser
· Artikler
· Barnebokminne
· Debatt
· Fag og forskning
· God, ikke oversatt
· Likt og ulikt

BARNEBOKMINNE
Litteraturviter og kritiker Silje Stavrum minnes:


DESSUTEN...
* Bestill vårt gratis nyhetsbrev og hold deg à jour. Vi sender ut nyhetsbrevet hver gang vi oppdaterer sidene. >>>
* Vi tar sommerferie, men er tilbake 11. september.

   Utskriftsformat  Utskriftsformat    Tips en venn  Tips en venn

Tittel: Hunden Parabol tenkjer på månen

Tekst: Mary Bente Bringslid

Dikt
Mary Bente Bringslid
Hunden Parabol tenkjer på månen
67 sider
ISBN 978-82-521-6946-1
Samlaget 2006

Anmeldt av Guri Fjeldberg

Leikne dikt på snublande verseføter

Det er lita rettferd for nynorske barnedikt. Same kor gode dei er, og same kor høgt marknadskonsulentane hoppar, hamnar dei sjeldan i ein attraktiv bunke framfor bokhandlardisken. Debutboka til Mary Bente Bringslid, Dei blå revane (2003), hadde fortent ein plass der. Både design og illustrasjonar er av det særs inviterande slaget. Slik er det ikkje med denne andreboka. Ho er ryddig og grei, men langt frå så lokkande lekker. Spørsmålet er om slik ”billigproduksjon” berre er ein konsekvens av dei kåra nynorske barnedikt lever under. Eller medverkar det til å gjere dei upopulære? Framsida til illustratør Inger Lise Belsvik er leiken nok, men eit tamt sideoppsett utan illustrasjonar overlèt lesar og tekst til kvarandre åleine. Til alt hell maktar desse dikta å by lesaren opp til dans og tankespring heilt på eigne verseføter. Har du til dømes tenkt på korleis det er å snike seg inn i eit sniglehus?

”Ubedne gjester”

    Du og eg i sniglehuset,
    du innarst
    Eg held vakt ved utgangen
    for å sjå om nokon kjem
    Han kan vel ikkje vere langt unna
    når han går frå huset sitt slik?
    Men det er vel heller ikkje nokon fare
    for at han kjem stormande
Det er desse uventa vinklane å sjå verda ifrå, desse mange overraskande ”hovudpersonane”, som gjer dikta til Bringslid til slik fascinerande lesnad. Her kan du bli kva og kven som helst. Kva med ein skuffa kommode? Jo mindre ein er, desto større og meir forunderleg blir verda. Den barnlege undringa når heilt ned på bokstavnivå, til dømes der barnåla jamfører seg med ein barneål på vandring fra Sargassohavet: ”- Vi er veldig like, seier barnåla stolt,/- eg manglar då berre ein e!”

Slik språkleik inspirerer. Samstundes vil den nyfikne merke seg at ål kjem vandrande hit langs Atlanterhavsryggen. Bringslid er sosialantropolog og tilsett som førsteamanuensis ved universitetet i Bergen, så ho veit å lære frå seg. Men meir enn å undervise gjennom leiken, leiker ho seg her med undervisning: Bussleksi er når ord blir så gode bussar at alle vil vere med alle. Forfattaren formidlar den same gleda over ord som i Dei blå revane, boka ho fekk debutantprisen til Kulturdepartementet for.

Nyskapande bilete
Lite står på spel i leiken. Dikta skapar meir lune smil og rik fantasi enn drama og sterke kjensler. Motiva er mange av dei same som både ho og andre har skrive om før, til dømes hundar og månen. Det går fint så lenge ho tilfører noko nytt og uventa, som i ”Presang”:
    Månen er ein knuseleg ting
    pakka i silkepapir
    Skyene driv på himmelen,
    pakkar inn eller pakkar ut
    jordnattas gamle gåve
Problemet er at få dikt grip skikkeleg tak. Det litt sprikande mangfaldet er strukturert i fem bolkar på ni dikt kvar. ”Snusefred” er mest gjennomført, der alle ni dikta handlar om hund. Sjølv her skiftar synsvinkelen ofte. Eitt ”eg” tyder hunden Parabol som høyrer så godt at han må skaffe seg øyreproppar for å få snusefred. Eit anna ”eg” tyder forteljaren, på veg ut av butikken med ein nyskoten leverpostei. Tredjepersonshunden er ein ”han” som kan høyre himmelen. Det er ikkje forvirrande at ulike forteljarrøyster stadig avløyser kvarandre. Men dei små forteljingane som oppstår i samspelet mellom dikta, som bind dei saman, kjem ikkje tydeleg nok fram. Det legg band på innlevinga.

Ekstratrinn i dansen
Dei gode poenga i mange av dikta hadde festa seg betre dersom dei hadde fått fastare form. Visst kan Bringslid rime, og i blant klemmer ho til med taktfaste vers, men som regel gjer ho det lettare for seg ved å velje den ubundne forma. Kan hende innser ho sjølv at det fort blir snubletrinn i dansen:
    Eg er hunden Parabol,
    begge øyre snur mot sør
    Eg høyrer noko fabelaktig
    som eg ikkje hadde tenkt på før
Med denne samlinga stadfestar Bringslid at ho har funne det Gro Dahle kallar ”sin egen tut på hornet”. Då burde det ikkje skubbe sosialantropologen ut av stilen om eg foreslår å sende henne på dansekurs. Eg ønskjer ho ein streng instruktør på ein stol i hjørnet, ein som bankar stokken taktfast i golvet til ho får perfeksjonert verseføtene. Men det er vel tvilsamt om Samlaget spanderer såpass på ein skarve diktar.

Andre anmeldte bøker av Mary Bente Bringslid:

  • Dei blå revane
  • Anmeldelser av flere titler i sjanger: Dikt.

  • To diktsamlingar for ungdom
  • Haren Henriette og andre vers
  • Verdens størst gorilla og andre rim
  • Diktsamlinger fra Samlaget
  • God dag! Jeg er et dikt
  • Du kan også søke på sjanger: Dikt.

    Lagt til: 2007-03-01

    Relatert link: Om Guri Fjeldberg   

    [ Tilbake til anmeldelser | Send en kommentar til redaksjonen ]


      Web site engine's code is Copyright © 2002 by PHP-Nuke. All Rights Reserved. PHP-Nuke is Free Software released under the GNU/GPL license.
    Sidegenerering: 0.670 Sekunder