Velkommen til barnebokkritikk.no
Hjem Kontakt Om barnebokkritikk.no Bestill nyhetsbrev Ressursside Søk
Hovedmeny
· Anmeldelser
· Artikler
· Barnebokminne
· Debatt
· Fag og forskning
· God, ikke oversatt
· Likt og ulikt

BARNEBOKMINNE
Forfatter og illustratør Inger Lise Belsvik minnes:


DESSUTEN...
* MERK NY ADRESSE FOR ANMELDER-EKSEMPLAR!
* Bestill vårt gratis nyhetsbrev og hold deg à jour. Vi sender ut nyhetsbrevet hver gang vi oppdaterer sidene. >>>
* Vi tar sommerferie, men er tilbake 9. september.

   Utskriftsformat  Utskriftsformat    Tips en venn  Tips en venn

Tittel: Berre du som veit

Tekst: Erna Osland

Barnebok
Noveller
127 sider
Det Norske Samlaget 2003

Meld av Lars Helge Nilsen

Den vanskelege skulevegen…

Erna Osland er ein produktiv forfattar, ikkje mindre enn 27 bøker har ho skrive for born og ungdom sidan debuten i 1987 (om eg har talt rett), og no kjem ho for første gong med ei novellesamling. Berre du som veit heiter den, og med ein slik tittel skjønar lesaren at her har ein med løyndommar å gjere. Slikt er forlokkande, slikt kan ein ikkje stå for. No skal ein få høyre noko som er spennande, kan hende farleg, noko trist, noko kjekt, noko pinleg, noko fælt eller noko som er vanskeleg å halde for seg sjølv.

Erna Osland byd på alt dette, i ei bok som tek utgangspunkt i skulekvardagen, eller skal vi seie, vegen til og frå skulen, som det handlar mest om her. Det er som om Erna Osland har sete bakom glaset i eit hus tett ved skulen, og sett dei ulike ungane komme og gå, aleine eller i lag, glade eller alvorsame, med lette føter eller med tunge steg, og så har ho undra seg: kva for en lagnad har nett du med deg i sekken din? Ved å nytte novella som form kan ho lett og utan omvegar og forklaringar stogge opp - til dømes ved ho som går med kniv i skulesekken, kvifor gjer ho det? Og han som alltid må lure seg til skulen, ikkje fordi han er redd, men fordi han er forelska. Og dei to som går lange omvegar heim frå skulen, dei to som finn ut at dei likar kvarandre. Og om tynne Tommy, som ikkje tør å gå aleine, og Ronny som har lova å hjelpe han, sjølv om han angrar då han skjønar kvifor Tommy er redd – det er han dei kallar Kongen. Men er no Kongen så farleg? Og så er det Sigurd, som har ein far som er fyllik, berre at ingen veit at denne fylliken er far hans.

Ti slike historier har Erna Osland plukka fram, ti historier som alle har mykje dramatikk, men som har svært lite detaljar. Ein veit lite om korleis desse ungane ser ut (bortsett frå at Tommy er uvanleg tynn, då), eller kva for klasse dei går i. Dei har namn, og dei går i bygater (gatenamna er no forresten frå Sandviken i Bergen – og med ei lei feilstaving), det er omtrent det lesaren får vite om dei. Og så desse hemmelege tankane deira, då, det mystiske og det dulde. Dei med den gode spenninga dirrande i kroppen, og dei med angsten og redsla. Nett slike kjensler alle ungar møter ein eller fleire gonger i løpet av skuletida si. Og det er dette allmenne ved historiene som gjer det lett å ta dei fram etter at dei er lesne, for å samtale om dei. Dei egner seg godt til den bruken, etter som Erna Osland legg så mykje ope - her er inga fasitsvar som seier slik og slik gjekk det. Men korleis kan det ha gått? Og kvifor vert det ofte slik som i desse små forteljingane? Ta til dømes novella Fisketur, om gutane som finn ein fyllik i parken, ein fyr som attpå til søv på skulesekkane dei har gøymt i buskane der. Kvifor er det ingen av gutane som skjøner at det er far til Sigurd. Eller gjer dei det?

Som vanleg skriv Erna Osland godt, ja, mange av dei små historiene er framifrå døme på kor mykje dramatikk ein kan få fram med enkle midlar.

Andre anmeldte bøker av Erna Osland:

  • Nær nok. Noveller
  • Skarpe tenner
  • Vellykkete og fascinerende noveller
  • Fint å ha far
  • Den farlege reisa
  • Rekneprinsen
  • Godnattboka. Nynorske forteljingar
  • Dyrebare venner
  • Anmeldelser av flere titler i sjanger: Novelle.

  • Kulens side. Islandske noveller for barn og ungdom
  • Passord: Spøkelse
  • Den blanke bjølla
  • Vellykkete og fascinerende noveller
  • Salto
  • Du kan også søke på sjanger: Novelle.

    Lagt til: 2003-10-02

    Relatert link: Om Lars Helge Nilsen   

    [ Tilbake til anmeldelser | Send en kommentar til redaksjonen ]


      Web site engine's code is Copyright © 2002 by PHP-Nuke. All Rights Reserved. PHP-Nuke is Free Software released under the GNU/GPL license.
    Sidegenerering: 0.052 Sekunder