|
JASSÅ?!? |
|
I forbindelse med anmeldelsen av Knut Linds bok om Muhammed, gjengir vi her Julius Schnorr von Carolsfelds oppgjør med de kristne «Billedstormerne» fra 1840... >
|
|
BARNEBOKMINNE |
Illustratør Jens Kristensen skriver om:
|
|
|
Tittel: Med kråkenebb og kråkeføter
Tekst: Per Olav Kaldestad Illustrasjon: Hilde Kramer
Dikt/bildebok
Per Olav Kaldestad (tekst)
Hilde Kramer (illustrasjon)
Med kråkenebb og kråkeføter.
Dikt om fuglar og andre skapningar
ISBN: 9788202322212
Cappelen Damm 2010
Meldt av Målfrid Mehl
GOD BILDEDIKTBOK
Alvorlege og leikande dikt som stimulerer til å bruka tid på å sansa og filosofera.
Biletboka opnar med eit dikt kalla Tidstjuven og verselinja ”Har du tid?” Dobbeltoppslaget er dekorert med ulike klokker, og ein karikatur av Per Olav Kaldestad med ei svart maske over augo. ”Du har tid, eg vil ta” står det i teksten. Er det forfattaren som er tidstjuven her? Om han stel tida mi, er eg i dette tilfellet ikkje lei meg for det.
Boka rommar 29 dikt av Per Olav Kaldestad, illustrert av Hilde Kramer. Illustrasjonar og tekstar skildrar fuglar og andre skapningar, begge med inspirasjon frå Japansk kunst. Teksten er inspirert av haikudiktinga, der naturen i dei ulike årstidene står sentralt, og ein møter livet i augeblinken. Illustrasjonane er inspirert av det japanske tresnitt, med klåre kontrastar i form og farge, i tillegg til dekorative mønster og detaljar. Dei treffande augeblinksportretta av fuglar (og andre dyr) kan utvida måten å sjå naturen på, og stimulerer til å observera og til å ta i bruk sansane. Diktet om Kva fuglane seier spelar på lydane fuglande lagar, og korleis desse lydane somme tider liknar på artsnamnet deira. ”Trur du gåsa seier GÅ?! Kva seier du?” vert det avslutta, og opnar slik for å inkludera lesaren i store og små tankar om små og store ting.
Tidsaspektet følgjer oss vidare, ved at dikt om årstider og månadar er kronologisk strukturert innimellom artsportretta: ”April”, ”Maidikt”, ”Juniregle”, ”September”, ”Desembervers”. Der skildringane av fuglane er prega av å halda fast i augeblinken, held desse dikta det forgjengelege tidsaspektet nærverande. Dette doble forholdet til tida er med å skapa ein fin, skjør stemning i boka. I diktet om haren vert det sagt slik:
(…)
men han fer
berre fram
i eit svev,
berre er
i kvar ein
rund og
blank sekund
I andre dikt, som til dømes i ”September” og ”Sidensvans”, er den forventa setningsoppbygginga broten av ei medviten strofeinndeling, og med dette følgjer ein sensitivitet og eit nærvær til situasjonen. Linje- og strofedelinga held samstundes det forgjengelege aspektet nærverande, der brota skapar tomme rom, og det ikkje er sjølvsagt at det kjem meir.
Leik med ord og bilete
Kontrasten mellom den stilleståande augeblinken og den forgjengelege tida syner seg òg i illustrasjonane, der markerte fargar og former står saman med dekorative detaljar. Ved å lesa denne boka får ein vera i dei sanselege og observerande stundene, og ro til å ta dei inn over seg. Dikta har ei sterk materialoppleving, der både det visuelle og det auditive uttrykket vekkjer sansane. Slik møter vi oteren i diktet ”Oter”:
(…)
og blir ein buktande skugge,
i lange kjappe bogar –
ledig,
smidig,
stødig,
stridig
hiv han seg inn
i straumar og stryk.
Dei ”lange kjappe bogane” til Oteren vert konkretisert og visualisert gjennom dei følgjande eittordslinjene. Den lange kroppen til haren, som strekkjer seg ut i raske hopp kjem òg fram gjennom både rytmen, grafikken, og illustrasjonen i diktet ”Hare”:
Langefyr
vill og yr
spenner frå
i gras og myr
øyro flagrar
augo brenn
heile kroppen
renn og renn
Dette diktet er grafisk utforma som eit langt dikt, og Kramer sin illustrasjon syner ein hare som tek sats frå botn av diktet og strekkjer seg utover heile dobbeltoppslaget.
Enkelte av dikta er prega av enkle ordspel, som òg kan ha noko banalt over seg:
Vaskebjørn,
maskebjørn,
er du der?
Luskebjørn,
Buskebjørn,
kom no her!
Du kan trygt
stiga fram
og helsa på meg,
eg skal ikkje laga
lue av deg!
I dette diktet sørgjer illustratøren for at diktet ikkje berre vert ståande som enkel leik med ord. Illustrasjonen syner nemleg sakser, sysaker, og luemønster, og slik skapar ho tvil til forteljarstemma og til orda! Det neste diktet handlar då òg om den fantastiske og oppdikta ”Bergskvetten”.
Jamvel om nokon av ordspela og enderima kan opplevast som enkle og føreseielege, som ”Røysekatt tøysekatt” eller ”Eg er ein hai, eg fer så stilt eg kan, i dovne svingar til eg får blod på tann” er det samspelet mellom denne lystige leiken med ord og det meir alvorsprega og forgjengelege, som er ein stor del av styrken til denne diktboka. Illustrasjonane har slik sett ei stor og viktig rolle. Biletdiktbøker, der illustrasjonane har meir enn ein dekorativ funksjon, er ein interessant sjanger. I 2007 kom til dømes Eg sette brillene på min katt, av Haldis Moren og Tarjei Vesaas, og i 2008 Når tussalusi kviskrar – dikt av Olav H. Hauge. Begge illustrert av Inger Lise Belsvik. Som eit nyskrive bidrag i denne sjangeren er Med kråkenebb og kråkeføter eit godt bidrag. Illustrasjonane avgrensar ikkje forståinga av dikta, men utvidar dei, og let mykje vera ope for fantasien til lesaren. I diktet om Bergsvketten tek Kramer til dømes vare på det mystiske og fantasifulle i teksten, ved å ikkje gje skapningen tydelege og bestemte trekk.
Sanseleg og nært
Eit fint moment i boka er at det visuelle og auditive går over i, og utvidar, kvarandre. Her er brukt mykje bokstavar i illustrasjonane, i tillegg til at den grafiske utforminga på verbalteksten verkar illustrerande. Rørslene til nisa som ”veltar seg på fjorden” er illustrert gjennom at verselinjene er forma i små bogar, bokstavane ”hoppar i ein boge” og ”vinkar med ein tipp”. I diktet om Gråtrasta er det namna som vert nytta på ho som er i fokus, og som kjem i ein herleg flyt som vil fengja både born og vaksne: ” …og endå fleire skal ho få: ragletrast, spragletrast, tjaltretrast, skvatretrast, lekkertrast og smekkertrast”. Illustrasjonane på det venstre oppslaget syner silhuetten av fuglen som tydeleg skrik og passar til karakteristikkar som ”skitatrast, blånakke -rastlausfugl og tjatretrast.” Her vert det både auditivt og visuelt skapt eit bilete som er typisk for eit overflatisk fyrsteinntrykk, og tillærte karakteristikkar av trasta som ein fugl med irriterande eigenskapar. ”Men kven veit om vintersongen hennar?” heiter det i dei fyrste verselinjene på høgreoppslaget, og syner ein mildare og meir løynd karakteristikk av trasta:
Når ho på ein hemmeleg stad
finn seg eit hemmeleg tre
fullt av hemmelege bær
og set seg roleg ned
lar ho songen stiga
opp gjennom halsen
og ut gjennom nebben
stiltrande
og mjuk, om
du kjem nær
nok og er
heilt
heilt
stille
høyrer du
Og det er nett dette hemmelege denne boka syner oss, om vi er stille, og kjem nær nok.
I skildringa av den oppdikta skapningen Myrspringaren held Kramer fast i underleggjeringa og mystikken. Ho skildrar myra, og jamvel rørslene etter noko som var der, men:
(…)
du lyt følgja godt med, han
spring så fort at
han berre er som
ei stripe av vindpust
gjennom myrulla
Det er ikkje noko nytt å leika med orda sine lydar. Heller ikkje dei andre formelle eigenskapane til dikta er spesielt nyskapande. Kaldestad nyttar, som i tidlegare diktsamlingar han har gjeve ut, ei blanding av ulike poetiske verkemiddel: medviten linjedeling, inspirasjon frå naturen, meir og mindre bundne strofeinndelingar, musikalitet i rim og rytme osv. Men det leikande samspelet mellom ord og bilete er spanande og skildrar augeblikk som vil vara lenge hos lesaren. Somme tider er det dei få, men sjølvsagte orda, som presist syner det attkjennelege og karakteristiske med skapningen: ”nakken bratt, halen høg” (Ekorn), somme tider er det eit meir komplisert samspel i tekst og bilete som får fram spesielle karakteristikkar, som til dømes i Kråkestev. I Gjerdesmetten vert det vist til to ulike fablar om fuglen, og det vil nok vera viktige og gledelege referansar for spesielt den barnlege lesar/lyttar. Det vert mellom anna fortalt om når denne fuglen skal ha loge høglydt om at skogen stod i brann. Illustrasjonen syner ein liten Gjerdesmett med eit gult mønster som både kan vera snakkebobla til fuglen og ei flamme. Her vert det med andre ord stimulert til meddikting. Den vesle og presise skildringa av fuglen i fyrste og siste strofe, står i kontrast til verda – til eventyra og forteljingane som vert formidla i strofe to og tre.
Dikta handlar om både små og store ting, men kva som er dei små tinga og kva som er dei store tinga er usagt. Heldigvis.
Andre anmeldte bøker av Hilde Kramer:
Store sauen Signes lille sovebokTre nye norske billedbøker fra IKOGode grisen Gautes lille gråtebok og Raske reven Rogers lille rotebokHvor er mamma?LesehesterDet hjertet huskerRunde Rolf RøverHvordan verden ble til / Gjøken
Anmeldelser av flere titler i sjanger: Dikt.
Sanndrøymd, Adopsjonspapirene og andre dikt for unge og SolfingerHåpe, sa gåsa og Støvet, skyggen, hunden og jegJeg fant, jeg fant. Dikt for barnSølvbåt og stjernevindPling i bollen
Du kan også søke på sjanger: Dikt eller tema: Dyr.
Lagt til: 2011-02-02
Relatert link: Om Målfrid Mehl
[ Tilbake til anmeldelser | Send en kommentar til redaksjonen ] |
|
|
|
|
|
|