Når pappa sit i fengsel

Når pappa sit i fengsel

Boktittel: Det du ikke vet om Vilde

Forfatter: Nicolai Houm

Forlag: Gyldendal

Årstall: 2018

Antall sider: 208

Nicolai Houm har skrive ein lett og underhaldande barneroman om eit alvorleg tema, som kanskje held seg litt for lojal mot sjangerforventingane.

Vilde er tolv år gammal og ny i klassa. Ho har flytta frå troppturninga og frå bestevenninna Rebekka, og no treng ho nye vennar. På første side i Det du ikke vet om Vilde står ho framfor klassa og skal halde føredrag om faren sin. Faren som jobbar som dyrepassar i Afrika, og som ho av og til drar på besøk til. Då får ho klappe tigrane, seier Vilde når ho blir spurt om kva ho gjer når ho er der. Det skal vise seg å bli ei skjebnesvanger løgn.

Den vanskelege løgna

Historia om at faren bur i Afrika er nemleg eit forsøk på å dekkje over ein løyndom Vilde er livredd for at nokon skal avsløre: at faren hennar sit i fengsel. Og allereie etter den første øvinga til skuleavslutninga, kan det verke som om marerittet er i ferd med å bli verkeleg, når Vilde finn ein lapp i jakkelomma si: «Jeg bretter ut lappen med klamme fingertupper og hjertet til en liten fugl, for det aner meg at det ikke er et kjærlighetsbrev. Med rød skrift og store bokstaver står det én enkel setning som slår pusten ut av meg: DET FINNES IKKE TIGERE I AFRIKA.»

Vilde mistenkjer at Sara, den mest populære jenta i klassa, har skrive lappen fordi ho er misnøgd med at Vilde har blitt valt til co-solist i ballettframsyninga. Ho går derfor til store lengder for å gjere Sara til lags. På vegen gløymer ho både å halde seg lojal mot venninna si Xakiima og blir forelska i Daniel, som har ein far med haldningar som bryt med alt Vilde står for.

Original forteljarstemme, velbrukt komposisjon

På mange måtar er Det du ikke vet om Vilde ein veldig klassisk barneroman, som startar med at hovudpersonen flyttar til ein ny bu og sluttar med ei framføring på skuleavslutninga. Undervegs får Vilde både utfordra vennskapane sine og kjenslene for den mest populære guten i klassa, og ho lærer også noko om kva som eigentleg er viktig i livet. Romanen inneheld litt humor, litt action og litt sårheit, slik dei fleste gode barneromanar gjer. Det er likevel to element som får boka til å skilje seg ut frå liknande bøker: det første er skriveprosjektet til hovudpersonen, som spring fram som ei parallellhistorie til dramaet på skulen. Det andre er lengselen etter faren, og dei blanda kjenslene knytt til det at han sit i fengsel.

Det er nemleg Vilde som fortel i Det du ikke vet om Vilde, og ho drøymer om å bli forfattar. Når forteljinga tek til, har ho sendt historiene sine til ein skrivekonkurranse for debutantar (for dei innvia lett attkjenneleg som antologien Signaler, utgitt av Cappelen Damm, der Houm sjølv jobbar som redaktør). Draumen om å bli utgitt forfattar blir både avblåst og gjenopplive i løpet av boka, og Vilde får også eit innblikk i dilemmaa knytt til røyndomslitteraturen når ho forstår at ho umedvite har skrive om faren sin.

Barneboka som hovudpersonens (meta)skriveprosjekt er ein struktur som er attkjenneleg frå mellom anna Nina Grøntvedt sine populære bøker om Oda, som omslaget til boka ser ut til å vere direkte inspirert av. Som hos Grøntvedt, tilfører skriveinteressa til Vilde eit snedig metanivå til Det du ikke vet om Vilde. Når Houm nyttar skeiv eller overdriven metaforikk som «Altså lukten av den skjønne rosen som en enhjørning står og holder i munnen, i en lysning i en skyggefull eikeskog, midt i en enslig strålebunt av sollys» om kjenslene for Daniel, er det ikkje hans ord, men Vilde sine. Den ville metaforbruken og blandinga av høg- og lågstil tilfører både humor og overskot til forteljarstemma, og gjer det dessutan truverdig at Vilde verkeleg er eit skrivetalent.

Ein ny start
Det krevst mot å starte på nytt på ein ny plass, slik mora og Vilde har blitt samde om å gjere, og endå vanskelegare er det når ein har noko å skjule. Løyndomen om faren veg tyngt på akslene til Vilde, og frykta for å bli avslørt gjer at ho raskt spinn seg inn i eit nett av løgner. I tillegg blir ho ståande i ein lojalitetskonflikt når mora fortel at ho vurderer å gå frå faren. For kan ein eigentleg velje sida til ein som sit i fengsel? Og kvar skal faren bu i jula viss han ikkje kan kome heim?

Å ha ein forelder i fengsel er eit av dei siste tabua i norsk barnelitteratur, og Houm skal ha honnør for måten han handsamar den viktige tematikken på: med ein lettheit som dekker over eit underliggande alvor. Det er tydeleg at Vilde lengtar etter faren og det dei har hatt saman. Samstundes finst det eit sinne i ho for at han har valt å utføre gjerningar som trekk han vekk frå dei. Houm skildrar både fengselsbesøk og stigmatisering i det gamle nabolaget, og korleis Vilde byrja å utagere då faren hamna i fengsel for andre gong, drive av angsten for å miste mora også. Men når ho på vegner av lesarane steller seg spørsmålet om kvifor faren sit i fengsel, har Vilde ein tydeleg bodskap:

«Tenk litt på hva det betyr å sitte i fengsel. Og hvorfor man setter folk i fengsel. Man beskytter samfunnet. Man vil vise tydelig at visse ting er forbudt. Man prøver å få dem som driver med skurkestreker, til å slutte med det. Men det å sitte innelåst er også en straff. Og her kommer noe viktig: Når man er ferdig med den straffen, så er man ferdig. Man går inn i fengsel som en kriminell, men man skal få komme ut som en hvilken som helst person.»

Forsonande slutt

Houm går inn eit alvor her, og refleksjonane til Vilde blir ei viktig påminning. Samstundes hoppar han ofte over skildringane av det verste sinnet og dei tristaste avskjedane, ein ambivalens eg skulle ønskje han gjekk djupare inn i. Det meste ordnar seg nemleg til slutt i Det du ikke vet om Vilde, også ønsket til mora om å skilje seg, utan at det kjem noka nærare forklaring på kvifor ho har skifta meining. Rett nok trekk Daniel tilbake skuleballinvitasjonen etter å ha forstått sanninga om Vilde, men opp av hatten trekk Houm i staden den morosame Kriss, som kanskje har vore betre heile tida.

Den forsonande slutten er eit sympatisk trekk ved Det du ikke vet om Vilde, for med Vilde sine eigne ord, vil ein jo ikkje at det skal bli «nok en sånn fortelling med åpen slutt som bare voksne liker». Likevel sit eg att meg eit ønskje om at Houm kunne frigjort seg litt frå den standardiserte komposisjonen og grave djupare i dei vanskelege kjenslene. Samstundes tyder jo denne konklusjonen på at det finst meir stoff her, og at dette kanskje ikkje er det siste vi høyrer frå Vilde.

Ingrid Senje

Født 1987. Bosatt i Milano. Master i nordisk litteratur fra Universitetet i Oslo. Årsstudium i skapande skriving ved Skrivekunstakademiet i Hordaland og nettstudium i samtidslitteratur for barn og unge ved Norsk barnebokinstitutt. Frilans anmelder, språkvasker og manuskonsulent.