Om Pippi hadde vorte gamal…

Om Pippi hadde vorte gamal…

Boktittel: Alt om Oldemor. Fire heilt ville forteljingar i ei nokså tjukk bok

Forfatter: Ingvar Moe

Illustratør: Fam Ekman

Forlag: Det Norske Samlaget

Årstall: 2003

Antall sider: 365

Astrid Lindgren let aldri Pippi Langstrømpe få vekse opp, verte vaksen og få familie og

Astrid Lindgren let aldri Pippi Langstrømpe få vekse opp, verte vaksen og få familie og eigne ungar. Godt er vel det, det kunne vore mykje opprør å halde greie på då. Men ein som oppdaga rebellen i andre enden av aldersskalaen, var Ingvar Moe (1936-1993). I åra 1984 til 1993 gav han ut fire sprelske lygesoger om ei oldemor som gjekk Pippi ein høg gang når det gjeld viltre påfunn og opportunistisk framferd. Ja, ikkje berre gjekk ho Pippi ein høg gang, det er truleg fleire likskapstrekk enn skilnader i dei to bokseriane. Det vil ein lett sjå, no når Samlaget har gjeve dei fire Oldemor-bøkene ut på ny, samla i ei nokså tjukk bok.

Alt om Oldemor, som boka heiter, og med ein treffande undertittel Fire heilt ville forteljingar i ei nokså tjukk bok, inneheld bøkene Heia Oldemor! Ei heilt vill forteljing frå 1984, Oldemor Rock! Ei nokså vill forteljing frå 1985, Oldemor og skurken. Ei endå villare forteljing frå 1989 og til sist Oldemor gifter seg. Ei heilt vill bryllaupsbok frå 1993. Dei tre fyrste er gjennomgåande illustrerte, med teikningar av Fam Ekman, sjølv barnebokforfattar og markant illustratør gjennom fleire tiår.

Dei fire bøkene er som ein kan sjå, skrivne over ein niårsperiode. Men på same måten som hos Astrid Lindgren og mange andre serieforteljarar, så veks eller utviklar ikkje hovudpersonane seg i særleg grad. Dei vert ikkje eldre, dei bur på same plassen og omgjevnadene er dei same. Rett nok er det ikkje sagt noko presist om Oldemor sin alder, ho kan vere 80, 90, 100 eller 110, det er ikkje godt å seie, så for den saks skuld så har ho kanskje vorte eldre. Men eg-forteljaren i bøkene, guten med det sære namnet Eide Plipp, han går heile tida i småskulen, og systera hans, som kallar seg Håkon Jarl, går i barnehagen. Mor og far til Eide Plipp og Håkon Jarl er begge i jobb, og Oldemor bur hjå denne familien som sentrum i eit evig konfliktfelt. Mellom dei to borna, som elskar den uortodokse kvinna over alt på jord, og dei vaksne, som helst ser at gamla får seg ein plass på aldersheimen, så mykje bråk og spetakkel som det er med henne. Andre gjennomgåande figurar er grashoppa Hoppi, lensmannen og lensmannsmora, og i dei to siste bøkene også den litle skurken, som Oldemor gifter seg med. Plassen dei bur på, er ikkje nemnd med namn, men den har både lensmann, ordførar, prest, apotek, kino, supermarknaden RIMAX 37400 og bussamband med Bergen, så det kan minne om eit typisk vestnorsk kommunesenter.

Slik mange foreldre og høgtlesarar irriterte seg over Pippi-bøkene då dei kom ut fyrste gong på femtitalet, og rynka på nasen over alle dei viltre påfunna og den lite høvelege framferda til jentungen med dei illraude flettene, på same vis trur eg mange vaksne held ein armlengds avstand til Ingvar Moe sin oldemorfigur. For ho gjer ikkje slik oldemødrer skal, ho kjenner ingen grenser, ho bryt alle konvensjonar når det gjeld god oppførsel og er ein superegoist med velutvikla trong til merksemd om eigen person. Ho nektar å sitje i gyngestolen å strikke slik ein forventar av oldemødrer (om ho ikkje gjer det for å innynde seg, då), ho eig ikkje bordskikk og ho er frekk i kjeften som ein full sjømann. Slik Pippi forferda mora til Tommy og Annika då ho hadde fint damebesøk, gjer Oldemor skam på mor då ho har syklubb. Pippi dreiv politifolka til vanvit med sine apestrekar, Oldemor plagar lensmannen i bygda jamt og trutt. Pippi hadde ein kiste med gullpengar, Oldemor skaffar seg uventa ein bråte med tusenlappar då ho mislykkast i å rane ein bank (!). Pippi dreg til Sørhavet, Oldemor reiser til Ålesund og Haugesund. Pippi har herr Nilsson, Tommy og Annika, Oldemor har Hoppi, Eide Plipp og Håkon Jarl. Slik kan ein halde fram, og at dei to er i slekt, er eg ikkje i tvil om.

Og: Slik Pippi alltid har vore for ungane – ein fantasifigur som representerer den gamle ønskjedraumen å kunne gjere det ein vil i same augneblink som det fell ein inn, med andre ord leike heile dagen utan å bry seg med vaksne sine reglar og påbod, slik blir Oldemor ein motsvarande ønskjedraum, at besteforeldre kan kaste seg rundt og gjere galne sprell og vere med i leiken på ungane sine premissar. Men slik gjer dei jo ikkje. Då er det godt å lese om ein som gjer nettopp dét.

Det er flott at Samlaget no gjer Ingvar Moe den æra å gje ut desse fire bøkene på ny. Dei har tolt 10-20 års lagring, og for ein vaksen lesar ser ein og tydeleg at bøkene fell godt innafor det prosjektet Ingvar Moe vigde heile forfattarskapen sin til: Å gje ei røyst til alle dei som fell utanfor normalen i (bygde)samfunnet. Men det er ei anna historie.

Lars Helge Nilsen