Predikantar og «djevelungar» i Kardemommeland

Predikantar og «djevelungar» i Kardemommeland

Boktittel: Fra ungdommen

Forfatter: Paragon Features

Forlag: Cappelen Damm

Årstall: 2014

Historiene i appen Fra ungdommen gjer så sterkt inntrykk at det berre er å krysse fingrane for at dei kan lese ipad-appar også om hundre år.

Hausten 2011 og våren 2012 fortalde 25 ungdommar om seg sjølv og livet sitt til tre journalistar frå produksjonselskapet Paragon Features. Dei 25 historiene vart seinare til både fotobok og dokumentarfilm, og no har Cappelen Damm samla materialet i det som med litt omgrepsakrobatikk kan kallast den første norske «ungdomsbokappen». Fra ungdommen er sett saman av 25 featureintervju, 25 korte dokumentarfilmar og 25 fotogaleri som kvar for seg tek for seg livet til ein ung nordmann, og samla framstår som eit viktig samtidsdokument.

skjermdump_fraungdommen1 (1)

Hovudårsaka til at Fra ungdommen er så verdifull, er dei fine folka journalistane Lyngstad, Andersen og Øverli har funne fram til. Dei 25 ungdommane har svært varierte interessefelt og livssyn. Isak Anders Utsi (22) frå Karasjok vil for eksempel satse på reindrift. Simon Stisen (22) er predikant. Arva Syed (13) fra Hadsel drøymer om å bli dansar. Renate Tårnes (22) frå Trondheim mista kjærasten på Utøya og satsar på ei framtid i Arbeiderpartiet. Det desse tre og dei 21 andre ungdomane har til felles, er at dei framstår som svært ærlege. Noko  ikkje berre ungdommane skal ha ros for, men også redaksjonen bak tekstane, minidokumentarane og bileta. «Castinga» er perfekt, regien svært solid. Appen framstår svært heilheitleg visuelt, med svarte bakgrunnar og bruk av svart-kvitt-fotografi i menyane som speglar alvoret til dei unge intervjuobjekta på ein god måte.

 

«De har nok fantasi. De gidder bare ikke å bruke den.»

Det er i utgangsunktet fire måtar å navigere i appen på: Ved å trykke på eit av ansikta til ungdommane på oppslaget der alle er samla, ved å trykke på eit kart over Norge og vidare på ungdommane frå dei aktuelle byane, eller ved å bla gjennom korte presentasjonar av kvart intervjuobjekt. Når ein er inne på kvar enkelt ungdom kan ein også bla vidare til neste historie ved å sveipe til høgre eller venstre. Lesaren står med andre ord fritt til å hoppe rundt slik han eller ho vil, men eg starta med den første historia, det første ansiktet på det første oppslaget, og eg trur nok også appmakarane har tenkt at dei fleste vil gjere nettopp det: Forteljinga om Hans Edvard Nistad (15) frå Odda er i alle fall ei av dei som gjer størst inntrykk, og derfor gjer det vanskeleg å legge frå seg ipaden. Etter å ha «møtt» Nistad får du lyst til å sjekke ut om neste person er like facinerande, og det er nettopp det han eller ho er. I alle fall nesten. Alle 25 har noko å fortelje og fortel det på måtar som gjer inntrykk.

skjermdump_fraungdommen (1)

Nistad må forresten vere alle dokumentarfilmskaparars draumeobjekt. Framfor kamera fyrer han av kinaputtar, køyrer moped utan lappen og er heilt ærleg om at politiet er etter han på grunn av nettopp det. Han er rett og slett det vi i Nordhordland kallar «ein liten djevelunge», men samstundes ein svært reflektert ungdom: «Før i tida stakk folk til naboen og hadde snøballkrig. I dag har alle PlayStation eller X-box og tenker ‘Hvorfor skal jeg være ute når jeg kan være inne?’ De har nok fantasi. De gidder bare ikke å bruke den.»

 

Korthogd med patos

Tekstane i appen er klassiske featureintervju. Journalistikk, ikkje sakprosa med stor literær verdi. Språket er korthogd og på førenamn med intervjuobjekta: «Men i bunn og grunn er de vanlig norsk ungdom som spiller TV-spill, krangler med kjærestene, vasker badet for sjelden og gruer seg til matterprøver. Skjønt, Jonas gjør det bra på skolen også. Firere og femmere.»

Eit gjennomgåande trekk er at journalistane fokuserer på kontrastar. Den siterte teksten om «Jonas» – Rosenborg-spelaren Jonas Svensson – fokuserer til dømes på forskjellen mellom Svensson og dei tidlegare klassekameratane heime i Verdal. Medan Rosenborgspelaren førebur seg til 16. mai-kamp mot Hønefoss, er klassekameratane midt inne i russetida. Dei drikk seg fulle, lagar revy og rånar rundt i Verdal. Svensson må forsake det vi vanlegvis tenker på med ungdomstid, men har stor leilegheit i Trondheim sentrum og snart ny Audi.

Teksten om Svensson er også eit døme på at det til tider kan bli litt mykje patos i tekstversjonane av intervjua. Journalistane er blant anna inne i hovudet til fotballspelaren når han sit i salen og ser den ferdige russerevyen til barndomsvennene: «Han har kommet langt på kort tid og er liksom ikke en av gjengen lenger. Men han vet at sammen er de fremtiden.» At dette er journalistane sitt språk blir tydeleg når vi høyrer Svensson sin voiceover i dokumentarfilmen etterpå. «Det var litt rart å dra hjem til Verdal og se russerevyen til gamlekompisene», seier Svensson over opptaka frå revykvelden. «Jeg må innrømme at jeg i et sekund tenkte at jeg hadde lyst til å være med der jeg og.» Når ungdommane sjølv kjem direkte til orde med stemmene sine i videoane, er uttrykket rett og slett meir jordnært, noko som gjer større inntrykk og skapar reell intensitet framfor kunstig patos.

 

Filmane best

Det er derfor ikkje til å kome utanom at det er dei korte dokumentarfilmane som er det minneverdige ved Fra ungdommen. Dei er rett og slett gjennomgåande av høgare kvalitet enn tekstane. Visuelt er dei prega av «speilrefleksestetikk». Her er blant anna mange detaljerte nærbilete – t.d. av eit stykke reinsdyrkjøtt – der bakgrunn er ute av fokus. Fotoarbeidet tek dessutan godt vare på landskapet ungdommane lever i – frå den snøkledde vidda til utsiktbilete over Odda-sentrum. Musikken til blant anna Fleur de Lis, Einar Stray og Moddi er dessutan svært stemningskapande.

Opptaka er gjort i året etter terrorsommaren, og er prega av mykje alvor, men sjølv på det mørkaste er det latter. I den sju minutt lange filmen der Renate Tårnes fortel om helvetet på Utøya er det blant anna ei scene der ho og to venniner vitsar om korleis dei reagerte då Delta endeleg kom for å redde dei.

Filmane er også varierte nok i forteljarstruktur til at det ikkje blir uuthaldeleg å sjå 25 portrett etterkvarandre. Medan vi i dei fleste videoane følgjer den aktuelle ungdommen gjennom eit lengre tidsrom, er til dømes det einaste vi får sjå av Elise Bergum Sveinall (15) at ho står og syng i regnet. Grepet er oei svært gledeleg overrasking for den som blar gjennom appen frå person til person, og det gjer teksten om henne viktigare enn i dei andre tilfella. For det er ikkje til å kome utanom at tekstane og filmane i for stor grad fortel den same historia. Appkonsumenten får sjeldan noko ekstra ut av å både lese det innleiande intervjuet og å sjå filmen, og mange vil nok etterkvart derfor hoppe rett til filmklippet, utan at dei går glipp av noko viktig.

 

Detaljfokus

Når det gjeld fotografia i appen er dei prega av den same estetikken som filmklippa. Dei viser med andre ord kvardagen til ungdommane, nokre gonger på svært nært hald gjennom detaljar som ein lasso på ryggen til Isak Anders Utsi. Ikkje alle bileta er like spennande, men dei fortel alltid noko om den potretterte ungdommen. Det seier seg sjølv at fotografia manglar forteljarstemmene til ungdomanne, men det er likevel verd å understreke det banle. Der er nemleg dei ærlege forteljarstemmene til ungdommane som gjer Fra ungdommen unik. På dette punktet har nok appmediet større potensiale enn det som er utnytta: T.d. kunne kanskje ungdommane kommentert kvart fotografi?

 

«I det partikulære finst det universelle»

I forordet til appen fortel dei tre journalistane at fleire av ungdommane var redde for at det dei snakka om, altså sine eigne liv, skulle vere for smått. «Hvorfor lage dokumentar om meg? Jeg har så lite å gjøre at jeg setter fyr på en plastpose?» skal Hans Edvard Nistad ha spurt. Svaret er sjølvsagt det same som James Joyce gav då han skulle forklare kvifor han skreiv så mykje om Dublin: Ved å nå inn til hjarte av Dublin meinte han å kunne nå inn til hjarte av alle byar i heile verda. Det er dette prinsippet som er årsaka til at Fra Ungdommen gjer inntrykk. Går ein berre tett nok på ungdomar frå Odda, Mandal og Karasjok dukkar dei store spørsmåla opp: Døden, konformiteten og ekstremismen til dømes. Appen må med andre ord vere ei gåve til lærarar som ønskjer å snakke med elevane sine om slik universelle tema. Gjengen i Paragon Features har fått dei 25 intervjuobjekta sine til å fortelje med eit alvor som lett vil smitte over på andre på samme alder. Prisen i Appstore er 175 kr. Det ser dyrt ut i appverda der ein app ofte er gratis, men dette samtidsdokumentet er absolutt verd det. Forteljingane i Fra ungdomen vil stå seg lenge, så får vi berre håpe dei har maskiner som kan lese ipad-appar i framtida.

screen480x480 (1)

 

Atle Berge