Sjukt lite lættis

Sjukt lite lættis

Boktittel: He-he! Ei bok om den livsviktige latteren

Forfatter: Erna Osland

Forlag: Samlaget

Årstall: 2016

Antall sider: 52

Må ei fagbok om latter vere morosam?

Erna Osland er ein av våre fremste forfattarar for barn og unge, og har tidlegare skrive fleire sakprosabøker for barn. Ho har mellom anna skrive ein teikneserie om Ivar Aasen (1996) og ei bok om hår, Hår i millionar av år (2000), og i seinare år synest ho å ha sikta seg inn på å skrive litt annleis faglitteratur for unge. Variasjonen kan ein i alle fall ikkje klage på: I 2013 gav ho ut ei bok om naser, i 2014 om virvellause småkryp, i 2015 ei bok om klima og vêr, og i år kjem altså fagboka He-He! Ei bok om den livsviktige latteren.

Det første eg tenkjer når eg held årets bok i handa er at den bør vere morosam. Og nettopp ved å handle om det morosame, gjer den det utvilsamt litt vanskeleg for seg sjølv. For kan ein slå gode vitsar om vitsar? Kan informasjon om latter vekkje latter?

Alt vi ikkje ler oss i hel av gjer oss sterkare

Latter kan ta liv, skriv Osland, men det er heldigvis svært, svært sjeldan at han stoppar hjartet på folk. Dessverre er det heller ikkje nødvendigvis slik at latteren forlenger livet, men han gjer oss i alle fall friskare medan vi lever, på fleire måtar, mellom anna som hjarte- og lungetrim og som bolverk mot depresjon. Sjølv om den gjer oss friskare, og ikkje sjukare, så er den altså høgst smittsam. Vi ler gjerne når andre ler, også på tvers av språk- og landegrenser, og latteren er både eit slags internasjonalt språk og eit sosialt glidemiddel. Samstundes er altså latteren høgst personleg og individuell. Vi kjenner att lusa på gangen, og kvarandre på latteren. Når vi ler, veit vi kvar vi har kvarandre – i både konkret og overført forstand.

Hehe 06

 

Erna Osland si bok er full av slike fine faktaopplysingar – informasjon som buktar og vender seg gjennom ulike spørsmål og får lesaren til å lengte seg til neste og beste latterkule. He-He handlar mykje om latteren sin relasjonsbyggjande og tryggleiksskapande funksjon, om korleis den bidreg til å knyte oss til kvarandre, korleis den skjerpar merksemda vår mot kvarandre, men også korleis den gjer oss sterkare, som individ og som fellesskap. Osland skriv vidare fint om det såre ved å hamne utanfor ein slikt latterleg fellesskap når ein blir ledd av. I tillegg får ho skrudd til den kritiske brodden når ho påpeikar at folk ler meir av sjefane sine enn av andre. Har vi verkeleg ikkje meir integritet enn det? Her må vi skjerpe oss, folkens, det finst vittigare folk enn sjefen din.

Men boka viser også at latteren kan vere ei flukt, anten frå dei andre eller frå oss sjølve. Den ikkje-spontane og tvinga latteren brukar vi til dømes for å flykte frå det vi er usikre på eller redde for. Osland skriv mellom anna om det ho kallar bøllelatter, som er måten mobbaren – og i verste fall mordaren – ler på.

Medaljens bakside

Her er vi framme ved medaljens bakside, og i denne boka har forfattar og illustratør vald å markere det svært tydeleg når det er den mørke baksida som blir presentert: Alle boksidene i He-He er kvite, sett bort ifrå fire små sider, som er kolsvarte og altså tek føre seg den mørke og vondskapsfulle latteren. Det markerte brotet får meg til å spørje på om latterens lyse og mørke sider er så lette å skilje frå kvarandre som dette lettvinte grepet ymtar om. Finst ikkje den berømte gråsona også her?

Nokre gongar ler vi av ting vi ikkje burde le av – ting som er oppriktig morosame – kanskje utan at vi sjølve er klar over at vi ikkje burde le. Andre gonger fører uskuldig latter oss avvegs, og vi endar opp på ein mørkare stad enn vi kunne førespegle oss, utan at det er lett å seie nøyaktig kvar vi gjekk over streken og kryssa den gråfarga grensa til den mørke sida. Atter andre gongar må det vere lov å påpeike at ein viss skadefrydefull latter kan vere på sin plass, på lik linje med at hemnlyst og gjengjeldingstrong i enkelte tilfelle får vere greitt. Med nokre rimelege pedagogiske grep trur eg boka kunne framstilt dei meir komplekse sidene ved latteren utan å gjere barnet som les usikker.

Lettvint klovnemotiv

Eit større problem er likevel at boka, trass i at informasjonen den byd på er lett, underhaldande og oppløftande for lesaren, ikkje er særleg morosam. Vitsen om han som blir kasta på gangen fordi han har prompa, og såleis er den einaste som slepp unna dritlukta, er for så vidt god, men ikkje akkurat levert med pønsj. «Kjenner du historia om,» innleier Osland ein av dei andre vitsane, og eg mistenkjer at det som kjem ikkje kjem til å tvinge lattermusklane i sving, «om tvillingane som låg i senga si og lo? Dei skulle bade før leggjetid, men mora hadde bada den same tvillingen to gonger.»

Må ei fagbok om latter vere morosam? Det er ikkje slik at eg keiar meg medan eg les, men når ei slik fagbok er mynta på barn, tenkjer eg at den må jobbe hardare med det humoristiske enn det denne boka gjer. For kven er eigentleg målgruppa, om ikkje latterlystne skuleungar? Vil boka nå fram til andre enn dei aller mest veslevaksne blant dei?

Hehe 04_1

 

Vi ler oss gjennom livet, heilt fram til galgenlatteren fører oss over i etterlivet, synest ein av dei første illustrasjonane i boka å seie. Illustrasjonane til Per Ragnar Møkleby er muntre, fornøyelege, men også litt sjølvtrygge i sine eigne blyantstrekar. Dei speglar ofte teksten, men byd den ikkje akkurat opp til dans. Den raude nasa – som for øvrig blir blå på dei fire mørke sidene – er den raude tråden gjennom boksidene, men illustrasjonane er aldri særleg lattervekkjande. Klovnemotivet verkar tvert imot som eit lettvint grep – eit grep som dessverre stengjer heller enn opnar for medrivande variasjonar.

He-He har med andre ord ein del tull og tøys, men eg sit likevel att med eit inntrykk av at humoren ikkje er tatt heilt på alvor – anna enn som informasjon. Det gjer at boka er både grei og god nok, men aldri særleg engasjerande utover einskilde fun facts.

Eivind Myklebust