Tittel: Dette snakker man bare med kaniner om
Tekst: Anna Høglund
Oversetter: Gunstein Bakke
Forlag: Magikon
Årstall: 2015
Antall sider: 56

Tankevekkande og sårt om einsemd

Ei perle av ei bok, kanskje ikkje for dei aller minste.

Anna Høglund er ein av Sveriges mest omtykte barnebokforfattarar, og ho har skrive eit utal barnebøker. Ho har også fått ei rekke prisar for bøkene sine, blant anna Elsa Beskow-plaketten, Deutscher Jugendliteraturpreis, Augustprisen og Emil-prisen, for å nemne nokre. Bildeboka Dette snakker man bare med kaniner om er allereie ein stor suksess i Sverige, og er trykt i sitt fjerde opplag. Den norske utgjevaren, forlaget Magikon, skriv at «Boka fanger kanskje en tidsånd, og en allmenn følelse av fortvilelse som deles av mange tenåringer».

Kaninen som høyrde for godt

Hovudpersonen er ein kanin som ikkje har det særleg bra, verken med seg sjølv eller omverda. Han er tretten år, og usikker på det meste. Ved å skildre hovudpersonen som kanin markerer Høglund at hovudpersonen er annleis enn dei andre personane vi møter, og skapar slik ein distanse mellom hovudpersonen og omverda. Visualiseringa av det mjuke og vare i utsjånaden understrekar samsvaret mellom den sårbare sjela og det usikre ytre. Så kan ein kanskje tenkje seg at dette er ein typisk tenåringstilstand, men det er det ikkje:

Jeg kom til verden
en vårdag for tretten år siden.
Jeg angret nesten øyeblikkelig.

Allerede som liten hadde jeg ekstremt god hørsel.

Det hjalp ikke
å stappe bomull i ørene.
Jeg hørte rett og slett for bra.
Ikke bare med ørene,

men med hele meg.

Med andre ord: Dette er ein tilstand som har vart lenge. I nokre karakteristikkar eg har lese av boka vert hovudpersonen omtala som introvert eller høgsensitiv. Dersom det er nødvendig å setje ei form for diagnose på han, så kan ein kanskje bruke desse orda, men samstundes er han ikkje særleg spesiell, slik eg les teksten. Kaninen er typisk for mange tenåringar, og han er typisk for mange andre menneske som i periodar av livet er sårbare og inneslutta, eller er plaga av angst og depresjonar.

Teksten er skriven i første persons synsvinkel. Det kan det vere fleire grunnar til. For det første vert vi kjend med hovudpersonen, og tankane hans om eige liv. For det andre vert isolasjonen han kjenner på tydelegare, teksten viser korleis han ser seg sjølv i møte med andre. Slik kjem også prosjektet om å finne identiteten klart fram, og har samanheng med angsten han kjenner på. I tillegg kan eg-sentreringa også lesast som ein tenåringstilstand, eller som uttrykk for at ein kan verte sjølvsentrert fordi ein kjenner på problema over lang tid, og ikkje får hjelp.

Hovudpersonen vurderer seg sjølv hardt og nådelaust, til dømes når han skriv at han ikkje kan tenke, og at han er ei forstyrring i spegelen. Men han er også klok: Utsegner undervegs som «Samhørighet er noe man kanskje må finne i seg selv» viser ei innsikt, samstundes synleggjer utsegna ei sår kjensle av å vere utanfor. Han brukar mykje tid på å leite etter eit ord som kan skildre den tilstanden han meiner karakteriserer tilveret hans, og ein dag finn han det. Møtet med dette ordet vert skildra som ei openberring for han: «Jeg stod og så ned i en grøft. Da jeg så opp, stod det skrevet over hele verdensaltet: Meningsløst. Alt er meningsløst». Verdensaltet vert i denne samanhengen noko nærmast religiøst, og ein kan lett tenkje seg at denne openberringa berre er negativ, men det er den ikkje: «andre kaniner før meg hadde følt det samme og gitt det et ord». Ordet ’meiningslaust’ vert ei form for fellesskapsord, som gjev trøyst for alle kaninar.

Kaninen har ikkje tydelege kjønnskjenneteikn. På alle ikonotekstane (eit samleomgrep for bilde og tekst, som kommuniserer samtidig til lesaren) vert kaninen teikna med kvit pels og raude sko. Dette er eit viktig signal om at problematikken er like aktuell for gutar som for jenter. Og det som tidlegare kanskje vart sett på som typiske jenteproblem, er like viktige for gutar. Kaninen tenkjer på utsjånad, og på at han ikkje er populær nok: «Av og til når jeg er med andre, føler jeg meg utkledd som en annen». Kjensla av å vere usikker på sin eigen identitet er ein sentral tematikk, som vert understreka gang på gang: «Egentlig liker jeg andre mennesker. Men jeg trenger å være alene for ikke å forsvinne litt, eller begynne å mene det samme som den som akkurat da er i samme rom».

Dei støttande vaksne?

Det er ikkje eit enkelt forhold mellom mor og barn i denne teksten. Allereie den første ikonoteksten viser dette, faren klemmer barnet sitt og smiler, mora er fråverande og verkar nesten uinteressert.

Bestefaren fortel til kaninen då kaninen er liten at i gamle dagar hadde vi «mange fiender, som vi måtte være redde for». Bestefaren meiner at i vår tid har redsla mista «sin egentlige funksjon». Men det gjer ikkje redsla mindre verkeleg for kaninen som opplever henne. Utsegna til bestefaren går rett inn i debatten om angst og depresjonar i den vestlege verda: Kva er grunnen til at vi har store utfordringar med desse problema, vi i vår velstand?

Trass i ein disharmoni i forholdet mellom mora og barnet er der likevel også samanhengar mellom generasjonane. Både mor og bestefar vert skildra med hengande kaninøyrer på fleire av ikonotekstane, og kaninen får ei erkjenning av at bestefaren har dei same erfaringane som han: «Da vi var på vei ut, skjedde det noe rart (…) Jeg så meg selv da jeg møtte bestefars blikk. Eller rettere sagt: Vi var den samme». Slik vert det på nytt påpeika at alle dei tre generasjonane ber på dei same erfaringane, alle har kjent på redsel, men kanskje dei har takla den på ulik måte, og problematikken løfter seg slik ut frå tenåringsperspektivet og inn i dei allmennmenneskelege erfaringane.

Denne bildeboka tek opp eit alvorleg tema, og vender seg først og fremst til unge vaksne og vaksne. Dei fleste illustrasjonane er mørke, og tekstane får fram isolasjonen og angsten til hovudpersonen. Likevel, det er ikkje ei bok utan håp. Kaninen tek med seg visdomsorda til bestefaren og grublar seg fram til ein slags konklusjon: «Jeg er enig i at man er sin egen verste fiende. Men hvis alt også er sin egen motsetning, kan man jo samtidig være sin egen beste venn».

Eit anna poeng i boka er at kaninen finn ut at mange kan ha det slik. Dette er med andre ord ikkje ei eineståande erfaring, men ei erfaring som mange har før og etter tenåra, og som dei lever med. Innleiingsvis var det å høyre eit problem for kaninen, til slutt har verbet vorte endra til det «å høre sammen med alt som fins».

Det er ei perle av ei bok som gjer stort inntrykk nettopp fordi den evnar å formidle ei sår livserfaring, men likevel skape rom for håp og livsmot.

 

Artikkelen er laget med midler fra prosjektet Periskop, som handler om å utvikle og styrke kritikk av kunst for barn og unge. Scenekunst, Kunstkritikk, Barnebokkritikk og Ballade er eiere av prosjektet og nettsiden Periskop.no, som har finansiering fra Norsk kulturråd.



Skrevet av:
Kommentarer

Oppdatert: .