Å vere meir enn ein diagnose
Boktittel: Sinne
Forfatter: Ann Helen Kolås Ingebrigtsen
Forlag: Samlaget
Årstall: 2020
Antall sider: 202
Når er ein diagnose til hjelp, og når står den i vegen for at enkeltmennesket skal få utfalde seg? Ungdomsromanen Sinne stiller store spørsmål utan å ta frå lesaren rommet til å tenke vidare på eiga hand.
«Han er bare femten», minner fru Wiltersen i Harry Potter-bøkene om då dei andre står i fare for å la forventningane til «gutten som overlevde» skugge for mennesket Harry. Alt som spedbarn tok han kreftene frå han-viss-navn-ikke-skal-nevnes, og sidan har Harry blitt sett, møtt og vurdert ut frå hendinga som også gav han det særprega arret i panna.
I Ann Helen Kolås Ingebrigtsens debutroman Sinne møter vi Synne, ein 15 år gammal Harry Potter-fan, som til liks med Harry har noko ved seg som legg føringar for korleis omverda møter ho. Synne har ADHD, ho strevar med å regulere seg sjølv og med at dei rundt ho reduserer tankane og handlingane hennar til å bli forklart innan rammene av diagnosen.
Kjærleik, sjalusi og sinne
Synne har hatt nokre tøffe år, før ho på ungdomsskulen blant ukjende medelevar får ein ny sjanse til å bli sett som Synne, ikkje «Sinne». Etter kort tid sprekk det likevel opp. Ho hamnar stadig i trøbbel og blir sendt til skulerådgivaren Bøffel-Berit, som pressar på for at ho skal begynne på medisin igjen.
På heimebane er Synne også i ein vanskeleg situasjon etter at far hennar forlét familien til fordel for ei anna kvinne. Mora er deprimert og har lite kapasitet til å sjå dottera. I tillegg forsøker Kine i klassen å komme mellom Synne og det mest stabile haldepunktet ho har, bestevenninna Torunn, samtidig som ho gjer alt ho kan for å fryse ut Synne. Midt i dette forelskar Synne seg i Johan, og den intense ungdomskjærleiken fører med seg sjalusi, misforståingar, uvennskap, i tillegg til ei svært alvorleg hending Synne skal streve med følgjene av.
Å bli tolt
Sinne handlar om det uregjerlege sinnet som skapar vanskar, men også om det sunne og viktige sinnet som kjem når grenser blir overskridne. I romanen opplever Synne korleis læraren går inn for å få ho til å framstå som lita og dum, at skuleleiinga overrumplar ho med konfronterande møte, at medelevar tek og spreier eit bilde av ho, og kanskje verst av alt at Jørgen held ho fast i ei seng og tvingar seg på ho.
Det er sterkt ubehageleg å lese korleis Synnes sinne litt for ofte blir sett i samanheng med diagnosen hennar. Resultatet blir at omgivnadane verken lyttar eller trur på det ho seier: «Orda mine betyr null», tenker Synne. Sjølv om vanskane ho har med å regulere kjensler sjølvsagt også kan vere ei belastning, er det ikkje spesielt rart ho er forbanna.
Å reagere sterkt ville også vore legitimt etter valdshandlinga ho blir utsett for, men her reflekterer romanen overraskande lite rundt det som skjer, og det er påfallande korleis teksten omtrent hoppar bukk over den alvorlege hendinga. Det kjem etter kvart ein konfrontasjon, men oppgjeret handlar om bildet som blir tatt, ikkje krenkinga ho blir utsett for, og i etterkant avgrensar refleksjonen seg til frykt over at kjærasten skal sjå bildet, misforstå og tru det var frivillig frå hennar side. At det ikkje gjer større inntrykk på ei 15 år gammal jente å bli pressa ned i ei seng og halde fast er vanskeleg å tru. Fråværet av sjølvhevding kan likevel i det minste vere eit godt utgangspunkt for lesaren å tenke vidare rundt.
Det er først hos legen at Synne treffer nokon som møter kjenslene hennar fullt og heilt: «orda losnar og begynner etter kvart å renne ut av meg. Eg klarar ikkje å stenge av og auser henne full av ord. Ho blir ikkje våt eingong og ber meg roleg om å fortsetje.» Ingebrigtsen er god der ho i slike viktige møte skildrar inderleg både kor vondt det er å ikkje bli tolt, og kor frigjerande det er når ein møter nokon som endeleg vil ta imot heile deg. Etter kvart syner også foreldra til Synne at dei ser ho.
Utvidar og forstørrar
Bodskapen fru Wiltersen representerer i Harry Potter er det først broren Ulrik som får målbere i Sinne: «Ikkje tru at det er ADHD-en som definerer deg. Du er mykje meir enn det.» Med løpande referansar til Harry Potter-universet, utvidar Ingebrigtsen rommet romanen får klinge i. I tillegg til å la den alvorstunge tematikken kring spørsmål om identitet, kjensler av utanforskap og einsemd spegle av frå Harry Potter-bøkene, er parallellen til dei lune personskildringane også tydeleg.
Som i Harry Potter er mange av karakterane i Sinne i stor grad typar. Det gjeld særleg lærarane, og for dei som er i stand til å glede seg over stereotypiar finst det fleire kostelege karakteristikkar i boka. Skildringa av engelsklæraren som insisterer på å snakke engelsk sjølv når han er sint og kjeftar er ein fryd. Det same er Bøffel-Berit, den røykelsesfyrande rådgivaren med store øyredobbar og kortklipt hår med lilla stripe, som får elevane til å gjere tillitsøvingar (ein fell og ein tek imot) medan ho deler ut fredspipe på eit kontor tapetsert med kursbevis frå sjølvutviklingsseminar: «Ver feiltastisk. Omfamn din indre kritikar i dag!».
Den lett syrlege og sarkastiske tonen hos Synne sit godt frå opninga av, og det er generelt ein fornøyelse å lese den gjennomarbeida dialogen med kortskorne setningar, anglisismar og ei sjarmerande, til tider sjølvironisk, forteljarstemme.
Romanen rommar omtrent det som er av utfordrande situasjonar ein gjennomsnittleg norsk ungdom kan møte. Mykje blir utforska og let seg løyse, men det verkelege alvoret ligg i fleire av dei store spørsmåla som berre blir antyda: Er tungsinnet til Synne si mor starten på noko alvorleg? Vil faren skli meir ut av livet til barna sine? Vil medisinen gjere Synne godt, eller flate ut sterke sider? Kjem Jørgen til å sleppe unna? Boka lukkar seg ikkje på siste side, men let det heldigvis vere att nok for lesaren å ta tak i.