Actionfilm frå vestkanten

Actionfilm frå vestkanten

Boktittel: Eg skal rive deg i filler

Forfatter: Therese Garshol Syversen

Forlag: Samlaget

Årstall: 2024

Antall sider: 185

Sjanger: Roman

«Eg skal rive deg i filler» er ein psykologisk thriller med usympatiske karakterar og fleire ubehagelege scenar. Men som litteratur kjem boka til kort.

Omslaget til Therese Garshol Syversen sin nye ungdomsroman Eg skal rive deg i filler er pryda av eit fotografi av ei ung jente og ein ung gut. Han held kring ho og ser på ho, medan jenta har blikket retta mot oss. Det kunne ha vore eit stillbilete frå ein TV-serie. Baksideteksten seier meg òg at handlinga i boka fint kunne vore utgangpunkt for ein slik serie. Kapitteloverskriftene er dessutan ulike nemningar frå film- og TV-bransjen, som «Opptak», «Still» og «Off-screen». Men dette er jo litteratur, og det i ein sjanger det vert skrive mykje av for unge lesarar om dagen, nemleg spenningssjangeren. Ei bok som legg seg tett opptil skjermtilbodet for dei unge, kan kanskje vekkje leselyst. Men i dette tilfellet går noko av den litterære kjensla tapt på vegen i jakta på å skrive ei fengande historie.

Ei uføreseieleg forteljing

Ein video som viser overgrep på ei ung, rusa jente ligg ute på Internett. Jenta døyr etter overgrepa, som har skjedd på ein fest på Oslo vest. Politiet har lagt vekk saka, og ingen vert straffa for det som har skjedd. Det overgriparane ikkje veit, er at jenta har ei syster, og ho vil ha hemn. Systera heiter Iben Maria Løvenskiold, ho er atten år, er sjølv oppvaksen i ein pengesterk heim på vestkanten og kjenner både miljøet og kulturen der. Iben er vår hovudperson. Med hjelp av kvite løgner, svart sinne og hemningslaus forføring skal ho få ein av dei unge overgriparane, Henrik Wiik, til å smake sin eigen medisin. Men kven lurer eigentleg kven?

Eg skal rive deg i filler er ein psykologisk thriller for lesarar i alderen 12 til 16 år. Det kan vere greitt å informere om at boka vekkjer mykje ubehag, òg hjå ein vaksen lesar, med fleire skildringar av vald og valdeleg sex. Dessverre kan nok delar av handlinga vekkje gjenkjenning hjå lesarar i den aktuelle målgruppa, òg dei som ikkje kjem frå vestkanten i Oslo.

Historia er uføreseieleg, buktar seg att og fram mange gongar før ho verkeleg skyt fart mot slutten. Det går lang tid frå Iben bestemmer seg for å få Henrik på kroken til ho for alvor får satt i gang hemnplanen sin. Sidan forteljinga har ei så seig spenningskurve, kunne den psykologiske spenninga med hell vore meir intens. Når det er att 40-50 sider av boka, skjer det brått altfor mykje på ein gong, og alle brikkene skal raskt ramle på plass. Då dukkar det til og med opp brikker ein ikkje ante var ein del av spelet. Alt er heller ikkje like truverdig, som når far til Iben dukkar opp med ein pistol som ein annan Liam Neeson for å redde dottera frå Henrik.

Thriller utan truverd

Spenningslitteratur for unge er ikkje ein enkel sjanger å skrive, særleg ikkje når hovudpersonane i boka er skuleelevar mellom seksten og atten år. Dei har avgrensa livserfaring og ikkje like mange verkemiddel til hands som eldre aktørar. Når ein skal skrive spenningsbøker for unge, må ein jobbe med mindre komplekse saker og strukturar enn når ein skriv for vaksne. Samstundes må ein ha med element som gir temperatur til forteljinga. Akkurat der er ikkje balansen god i denne boka. På den eine sida er det fleire element som verkar truverdige, som skildringa av ungdomslivet på Oslo vest, med festing, dop og dyre båtar. Den actionfilm-aktige sistedelen er det derimot vanskeleg å tru på, til og med som fiksjon.

Manglar nokre litterære kvalitetar

Eg har nok hatt nokre ekstra forventningar til ein forfattar som vart heidra for debutromanen Sting med både debutantprisen Trollkrittet og ein nominasjon til Kulturdepartementets barne- og ungdomsbokpris i 2022. Men nye bøker skal sjølvsagt lesast på eigne premiss. Det står likevel fast at skal dei unge verkeleg få smaken på litteratur, bør dei òg få lese tekstar som kjennest genuint litterære. Akkurat det gjer ikkje denne romanen. Det skuldast ikkje berre at sjølve forteljinga ikkje er overtydande, men òg at forfattaren ikkje har nytta språket og det enorme tilfanget av litterære verkemiddel som finst, godt nok. Teksten er forteljande og funksjonell, men ikkje stemningsskapande eller fantasieggande. Forfattaren grev ikkje særleg djupt i karakterane. Den emosjonelle framstillinga av Iben og dei andre karakterane vert for einsidig og overflatisk. Meir levande ville forteljinga òg vore om forfattaren hadde skildra dei ulike miljøa der ting skjer. Vi les at ungdommane er på Frogner, på Gimle kino, hjå Norli i Universitetsgata, men korleis det ser eller høyrast ut der, får vi ikkje vite.

Norske nyheiter trekker som oftast fram austkanten i Oslo som staden der unge kriminelle held til. Sjølv om Eg skal rive deg i filler ikkje er ei heilt truverdig bok, er det i det minste bra at ho sett søkjelyset på at ting skjer i dei rikaste familiane på vestkanten óg. For det veit vi at det gjer.

Inger Marie Kjølstadmyr

Født 1979. Har to mastergrader fra UiO: en i nordisk litteratur og en i kunsthistorie. Teaterkritiker i Dagsavisen, bildebokkritiker og skribent for tidsskriftet Numer. Jobber som forlagskonsulent. Har skrevet to bøker for barn/unge.