Alt det som er

Alt det som er

Boktittel: Alt det som er

Forfatter: Bjørn Sortland

Illustratør: Paul Dikker

Forlag: Aschehoug

Årstall: 2010

Antall sider: 74

BILETBOKA SOM KUNSTGALLERI Ein poetisk refleksjon om å vere mann og vente barn, og ei

BILETBOKA SOM KUNSTGALLERI

Ein poetisk refleksjon om å vere mann og vente barn, og ei smal kunstbok med full pott i offentleg stønad.

Lanseringsskrivet frå forlaget insisterer på at dette er ei biletbok for
ungdom. Eg meiner det er ei vaksenbok. Aschehoug har meldt ho opp som
tilrettelagt litteratur for barn og unge på innkjøpsordninga til Kulturrådet
fordi boka skal vere særleg eigna for såkalla «uvante» lesarar. Leser søker
bok har gitt 60 000 kroner i utviklingsstønad fordelt på forfattar og
illustratør for denne ”tilrettelegginga”. I tillegg har dei gitt Aschehoug
10 000 kroner i utgivingstilskot. Sjølv annonserer dei boka som ei «biletbok
for vaksne» på sine nettsider. Kulturrådet har derimot gitt 80 000 i
produksjonsstønad frå kvota til biletbøker for barn og unge. Dei ungdomane
som får mest ut av denne boka, er nok helst dei som gjerne les vaksenbøker.
Heldigvis kan ein i alle fall merke på Alt det som er at ein sit med noko
påkosta mellom hendene.

Eg-personen er ubåtkaptein. Han trivs best under vatten, der han har full kontroll og ein viss distanse til resten av verda. Her kjenner han seg heime. Men fullt så enkelt er det heller ikkje: ”Eg har klaustrofobi.” Oppe i den store verda går kjærasten hans gravid. ”Kvar gong vi går opp no, er det som om den friske sjølufta kveler meg. Slik har eg ikkje hatt det før.” Det handlar om å skulle ta ansvar for eit nytt lite liv i ei verd ein ikkje har full kontroll over.

Det vanskelege livet
Målaren Paul Dikker er – nett som ubåtkapteinen – oppteke av store eksistensielle spørsmål. Storparten av bileta hans er ikkje laga spesielt for denne boka. Sjølv nokre av dei som er knytt nærast opp til teksten og ubåten, er måla så store som 100×80 centimeter. Etter at nederlendaren besøkte Noreg første gong i 2006, har han konsentret seg om landskapsbilete. Han målar gjerne aude landskap med nokre få, ørsmå menneske i. Naturen ser det ut til at desse menneska ikkje rår over, like lite som ein rår over kva barn ein får. Dei store, tomme flatene gir meg ei kjensle av å vere avmektig og einsam. Individa er innkapsla mellom sjø, himmel og digre fjell. (Joda, Dikker har vore på tur med Hurtigruta.) Nokre få bygnader har fått plass som utstudert malplasserte klossar av kunstige, kapitalistiske påfunn. I friksjonen mellom natur og kultur er det ikkje lett å sjå kor desse menneska høyrer heime. Når korkje husa eller skyene ser heilt slik ut som i røynda, oppmodar dei til å sjå bakanfor realitetane. Dikker minner meg om kor vanskeleg det kan vere å finne sin naturlege plass i verda.

Det ufødde barnet
Sjølv om bileta introduserer stadig nye ansikt heller enn å fortelje ei rettlinja historie, aner eg den same verdsåskodinga bakanfor dei ulike motiva. Det er godt gjort av Sortland å fange denne personlegdomen i teksten. Ubåtkapteinen ser verda på same måte som målaren: som noko distansert og framande. Uroa frå bileta er konkretisert i mannen som ventar barn og som ikkje kjenner seg heilt moden for oppgåva. Tankane kapteinen gjer seg er formulert til det ufødde barnet i lause brokkar. Når han fortel at jobben hans går ut på å ”stå mellom livet og døden”, er det nok ikkje berre ubåtmannskapet han kjenner ansvar for, men òg det ufødde barnet. Tilveret i båten fungerer godt som bilete på svangerskapen:

– Han er som du, seier Anna. – Han lever i vatn, i mørkret, på hemmeleg oppdrag med hemmeleg namn. Han sparkar meg ofte, gjer seg klar til å slåss. For harde livet. Plutseleg kjem han til å dukka opp. Totalt torpedo. Heilt sjefadmiral.

Sortland som kunstkurator
På eit overordna plan kan ein sjå Alt det som er som eit framhald av Alle har eit sultent hjerte, ungdomsromanen frå 2008 som Sortland fekk Kritikarprisen for. Der oppdagar Ina at ho er gravid, og det store spørsmålet er kva ho skal gjere med det. No har vi med andre personar å gjere, men barnet i magen kan på sett og vis vere det same. Det ufødde barnet ser ut til å føye seg inn som eit nytt tema i forfattarskapen.

At Sortland gjerne formidlar kunst gjennom bøkene sine, er derimot ikkje noko nytt. I Det hjertet husker, kåra til ei av årets vakraste bøker i 2009, gav han og Hilde Kramer sine tolkingar av Frida Kahlo. I denne boka er den store nederlandske samtidskunstnaren Paul Dikker presentert langt meir direkte gjennom sine 48 måleri. Dei store romma som opnar seg mellom tekst og bilete er både innbydande og krevjande. Her er mye plass til å assosiere fritt, men det trengst konsentrasjon for å skape meining.

Enkelt er ikkje lett
Reint leseteknisk krev boka lite. Setningane er korte. Orda er nokså enkle. Men dette er ei bok mest for dei som veit å lese mellom linjene. Det krev både leseerfaring og livserfaring. Slik meiner eg Alt det som er har mykje til felles med Jeg elsker deg av Hilde Hagerup og Ingen ild tenner stjernene av Tor Fretheim – også dei støtta av Leser søker bok. Å formidle gjennom eit enkelt uttrykk har i desse tilfella ført til ein sjeldan kunstnarisk konsentrasjon, men òg forårsaka spørsmål om kven bøkene eigentleg er mynta på.

Kor stor del av dei såkalla uvante lesarane har føresetnad for å forstå desse bøkene? Kor mye må ein forstå for å ha glede av ei bok? Det er ein diskusjon for seg kva Leser søker bok eigentleg oppnår med støtta si. Mest å hente i denne boka har erfarne lesarar – medan ein kunstinteressert sjølvsagt vil kunne halde på lenge berre med å sjå på bileta. I alle tilfelle er dette Paul Dikker og Bjørn Sortland på noko av sitt mest poetiske og beste.

Guri Fjeldberg

Født 1969. Frilanser. Utdanna journalist, norsklærer og vaktmester. Anmelder også fast for Aftenposten, tidligere 20 år for Bergens Tidende. Har skrevet anbefalingsguiden «101. De beste barnebøkene 2005-2015». Kåret til Årets litteraturkritiker i 2015.