Vi søkjer redaktør

Barnebokkritikk søkjer ein engasjert redaktør som vil vera med på å løfta fram barne- og ungdomslitteraturen og gjera kritikken meir tilgjengeleg og synleg for lesarane våre.
Som redaktør vil du ha den sentrale rolla i å forma innhaldet vårt, bygga nettverk i litteraturfeltet og vera ei tydeleg stemme for barne- og ungdomslitteraturen.
Dette er ei stilling for deg som har nase for gode narrativ, som kan formulera deg presist og engasjerande, og som ikkje er redd for å ta redaksjonelle val.
Arbeidsoppgåver:
- Bidra til redaksjonell utvikling og langsiktig profilering av Barnebokkritikk
- Halda oversikt over utgivingslanseringar og prioritera boktitlar for omtale
- Planleggja, redigera og publisera bokmeldingar og artiklar om barne- og ungdomslitteratur
- Utforma ein synleggjeringsstrategi som inkluderer nett, sosiale medium og nyheitsbrev
- Rekruttera og følgja opp kritikarar og bidragsytarar
- Byggja relasjonar med forlag, forfattarar, bibliotekarar og andre aktørar i feltet
- Søknadsskriving og rapportering
- Andre redaksjonelle og administrative oppgåver etter behov
Me søkjer deg som:
- Har journalistisk bakgrunn, eller erfaring frå redaksjonelt arbeid, kritikk eller relevant kommunikasjonsarbeid
- Er ein aktiv nettverksbyggar med evne til å skapa gode faglege relasjonar
- Har eit genuint engasjement for å synleggjera og fremja barne- og ungdomslitteraturfeltet
- Skriv klart, medrivande og med ei tydeleg stemme
- Innehar digital kompetanse, samt interesse og evne for å utvikla tidsskriftets digitale flate
- Har språkleg sjølvstende på både nynorsk og bokmål
- Kjenner barne- og ungdomslitteraturen og forlagsbransjen godt
- Er presis på fristar og god til å planleggja eigen arbeidsdag
Me kan tilby:
- Inntil 80 % fast stilling
- Ein meiningsfull og variert arbeidsdag
- Stort rom for å ta initiativ og prega di eiga rolle
- Støtte frå eit etablert kritikarkorps
- Eit aktivt styre i ryggen
- Fleksibel arbeidssituasjon med fast arbeidsstad etter ønske
- Løn og pensjonsordning etter avtale
Send søknad til styreleder Petra J. Helgesen: petrajh@gmail.com



















