Jørgen + Anne er sant
Vigdis Hjorth

Cappelen 1984

Barndomsminner og hukommelse

Jørgen + Anne er sant. Om å lese mykje, men hugse lite – og kva eg las når eg var sjuk.

Det som slår meg når eg skal finne eit bokminne frå barndommen, er kor lite eg hugsar. Minna er lite konkrete. Eg las mykje. Eg forsvann litt, blei borte, og blei til der, inne i boka. Minna er vage, men tydelege, meir som ei stemning frå ein draum, slik hugsar eg.

Eg hugsar at eg las under dyna, med lommelykt, at mamma eller pappa kom inn og sa at eg måtte sløkkje lyset, den lille lampa eg hadde i overkøya. Eg las vidare. Dei kom inn igjen og sa at eg måtte sløkkje. Eg sløkte lyset, og tok det på igjen når dei hadde gått ut. Eg las fort og mykje. Eg las Fem-serien, Bobsey-barna, Frøken Detektiv, Hardyguttene, Evi-Bøgenæs-bøker og mykje meir. Det var ikkje så viktig for meg kva eg las. Alt eg las forsvann eg inn i. Eg har eit minne frå barneskulen som eg har tenkt på fleire gonger dei siste åra. Klasselæraren hadde lese eit avsnitt høgt og spurte elevane om vi trudde det var ein mann eller ei dame det handla om. Alle svarte mann. Med unntak av meg. Det er i alle fall det eg hugsar. Når dette minnet har vekse i storleik dei siste åra, er det fordi det seier meg mykje om korleis eg las, og framleis les, eller ser ein film eller anna kunstverk. Det er som om avstanden er borte. Det eg ser, er det eg blir, der og då.

Sidan eg skal skrive om ei bok, og eg hugsar så lite frå boka, så må eg fylle ut med noko anna. Eg skal skrive om Jørgen + Anne er sant. Det eg hugsar er at det var yndlingsboka mi når eg var sjuk. Eg las ho om igjen kvar gong eg var sjuk. Eg var framleis heime, og måtte liggje i senga, mamma kom med Cola, og kanskje noko å ete, og eg var akkurat frisk nok til å orke å lese. Eg hugsar at Anne var tøff, men óg sårbar, trur eg. Ho gjorde alt for kjærleiken. Det likte eg. Ho klipte hestehalen av Ellen. Ho blei saman med Jørgen Ruge til slutt. Jørgen + Anne er sant. Slik kjærleik og forelsking er sant og altoppslukande når ein er ti år. Heia kjærleiken!

sek-person-scid-40040

Veronika Erstad. Foto: André Løyning / Cappelen Damm

 

Veronika Erstad, f. 1979, kjem frå Rosendal. Ho er utdanna barnevernspedagog, og har gått forfatterstudiet i Bø og i Tromsø. Erstad debuterte i 2015 med ei diktsamling og barneboka Kattejenta.

Veronika sender stafettpinnen vidare og vil utfordre Bo Gaustad til å dele sitt barnebokminne neste gong.

Les Ingrid Gjessing Linhave sitt barnebokminne om Jørgen + Anne er sant her.

 



Skrevet av:
Kommentarer