Barnebøker overalt

Barnebøker overalt

Ein rapport frå den sekstiande utgåva av barnebokmessa i Bologna, 6.–9. mars.

Barnebokmessa i Bologna var først og fremst overveldande. Eg merka det allereie då eg gjekk av toget 6. mars: ei summing som liksom hang i lufta. Så i køen inn til messeområdet, der menn i svarte dressar stod side om side med kvinner i fargerike antrekk: ei slags elektrisk forventning. Og så, plutseleg ståande i messehallen framfor den enorme veggen der unge og lovande illustratørar kan henge opp døme på illustrasjonsstilen sin i håp om å bli oppdaga av agentar eller redaktørar: ren begeistring: Det er barnebøker overalt!

For meg, som sit mesteparten av arbeidstida mi framfor ein dataskjerm i Milano, fordjupa i norske barnebokmanus, og som i sosiale samanhengar stadig slit med å finne dei rette italienske orda for å forklare kva arbeidet mitt eigentleg går ut på, kjennest det nesten som å trå inn i ein parallell røyndom. Tenk at alle desse menneska frå heile verda jobbar med det same som meg! Tenk at det finst ein slik møteplass, eit slikt enormt arrangement til ære for barne- og ungdomslitteraturen!

60-årsjubileum

I år var det 60. gang barnebokmessa i Bologna gjekk av stabelen – eit jubileum som blei feira med ein stor fest på Palazzo Re Enzo. For første gong sidan Covid-pandemien er besøkstala tilbake til det vanlege – om lag 22.000. I dei fire messehallene kan ein bevege seg mellom over 1000 standar og utstillingar frå 90 ulike land, og få eit overblikk over trendar og tendensar i barne- og ungdomslitteraturen verda over, samt kjøpe og selje rettigheiter til dei. Og for dei som ikkje er opptekne med agentmøter eller forlagspresentasjonar, kan messa by på 250 programpostar om alt frå korleis bli litterær agent, til portfolio-gjennomsyn for illustratørar til nye, italienske grafiske romanar. Ikkje minst blir det utdelt 40 internasjonale litterære prisar under messa – der Astrid Lindgren Memorial Price (ALMA-prisen) nok er den mest prestisjetunge.

Kviskring mellom bokstandane

I år retta messa merksemda særleg mot ny teknologi innanfor kunstig intelligens – om korleis biletgenereringsverktøy som Midjourney og tekstgenereringsverktøy som ChatGPT vil kunne påverke forlagsverksemda i framtida, og om dei enno uavklarte spørsmåla om rettigheitene til bileta og teksten den kunstige intelligensen bruker som grunnlag. I tillegg vart det snakka om BookTok (bokdelen av TikTok) som den nyaste og mest lovande marknadsføringskanalen for bøker retta mot unge vaksne – ein tendens som blei spegla av bransjestatistikken, der BookTok-favoritten Colleen Hoover figurerte på så å seie alle toppseljarlistene i Europa.

Blant dei franske og italienske representantane vart det snakka om den stadig aukande populariteten til teikneseriar og grafiske romanar, både for yngre lesarar og unge vaksne, og om kor vidt denne tendensen ville smitte over på andre europeiske marknader. Blant dei norske representantane vart det mumla om det lovnadsfulle året 2026, då Noreg skal vere æresgjest på messa, slik Hellas var i år. Først og fremst var det likevel eitt tema det blei kviskra om mellom bokstandane: spørsmålet om sensur og sensitivitetslesarar.

Frå debatten om sensur. Foto: Bologna Children’s Book Fair.

Sensur i skulebiblioteka

I kjølvatnet av debatten rundt revideringa av Roald Dahls barnebokklassikarar, som har heldt høg temperatur også i Noreg, vart det under barnebokmessas hovudprogram arrangert ein debatt under tittelen «Censorship of books – what is the status around the world and what is being done?» I debatten, med deltakarar frå leseorganisasjonar i Italia, Portugal, Tyskland og USA, vart det tydeleg korleis frontane er i ferd med å bygge seg opp. Men før nokon rakk å ta Roald Dahls namn i sin munn, slo den amerikanske ungdomsbokforfattaren David Levithan fast at debatten er eit sidespor. Det som verkeleg gir grunn til uro, meinte han, er bannlysing av bøker.

Dei siste åra har nemleg stadig fleire bøker som skildrar etnisk og seksuelt mangfald blitt fjerna frå skulebiblioteka i USA. Den konservative høgresida set lærarane og skulebiblioteka under press ved å organisere kampanjar for å fjerne bøker med til dømes LGBTQ-tematikk frå skulebiblioteka, hovudsakleg for eiga politisk vinning. Fram til i dag er det registrert over 2500 bannlyste bøker – bøker som kan gjere heile forskjellen for ungdomar som skil seg ut og er på jakt etter gjenkjenning og fellesskap. «Kjenn dykk ikkje trygge – denne politiseringa av barne- og ungdomslitteraturen kjem til å spreie seg!» avslutta Levithan appellen sin.

Frykta for sjølvsensur

Men den slags ting kan vel ikkje hende her i Europa? Jo, uttalte den italienske barnelitteraturprofessoren Giorgia Grilli, faktisk har det allereie hendt. Då Luigi Brugnaro blei valt til ordførar i Venezia i 2015, innleia han nemleg sin periode med å bannlyse 50 bøker som skildra ulike slags familiekonstellasjonar frå venetianske barnehagar, til stor protest frå både foreldre og bibliotekarar.

Portugisiske Dora Batalim SottoMayor frå organisasjonen Instituto Emilia fortalte på si side om uroa si for at såkalla «inkluderande språk» i staden kan føre til ekskludering, mens tyske Doris Breitmoser, direktør for Arbeitskreis für Jugendliteratur, minna oss på rolla både redaktørar, omsetjarar og prisjuryar har som portvaktarar for kva slags litteratur som kjem ut og får synlegheit. Likevel verka dei europeiske representantane mest bekymra for ein annan type press barne- og ungdomslitteraturen er i ferd med å bli utsett for.

Den største bekymringa mi handlar ikkje om sensur, men om sjølvsensur, uttalte Grilli. For når debattklimaet er så betent som det er no, og under press både frå dei som er redde for å krenke og frå dei som er redde for å utfordre tradisjonelle kjønns- eller seksualitetsnormer, risikerer vi at forfattarane og illustratørane innordnar seg etter dei dominerande haldningane i samfunnet, eller at dei rett og slett styrer unna kontroversielle tema i det heile, for å unngå å hamne i krysselden. Då gløymer barne- og ungdomslitteraturen ein av sine viktigaste oppgåver som kunst – nemleg evna til å utfordre oss og få oss til å tenkje, meinte ho. 

Heldigvis var det lite som tyda på at mangfaldet i barne- og ungdomslitteraturen er i ferd med å krympe i dei mange bokutstillingane på den sekstiande barnebokmessa i Bologna, og viktigheita av å tore å skrive om vanskelege tema blei ytterlegare stadfesta då ALMA-prisen gjekk til amerikanske Laurie Halse Anderson, ein forfattar som er kjent for å skrive om kontroversielle tema, i bøker som ofte er å finne nettopp på listene over bannlyst litteratur.

Bekymringa er likevel verdt å ha i bakhovudet. Når Noreg blir æresgjest i 2026, håper eg vi vil kunne vise fram bøker som representerer mangfald og som syner fram fryktlausheit i møte med kontroversielle tema – ein norsk barne- og ungdomslitteratur som er modig og fri.

NB: Barnebokkritikk.no har dei siste vekene vore under oppgradering, noko som har skapt forseinkingar i publiseringstakta. Derfor kjem dessverre denne kommentaren frå bokmessa i Bologna ei god stund etter at messa fann stad. Kommentatoren er heilt uskuldig i dette. 

Ingrid Senje

Født 1987. Bosatt i Milano. Master i nordisk litteratur fra Universitetet i Oslo. Årsstudium i skapande skriving ved Skrivekunstakademiet i Hordaland og nettstudium i samtidslitteratur for barn og unge ved Norsk barnebokinstitutt. Frilans anmelder, språkvasker og manuskonsulent.