Beckman, Kaj: Lek med Mons og Marit fra vår til vinter

Beckman, Kaj: Lek med Mons og Marit fra vår til vinter

Lek med Mons og Marit fra vår til vinter

Kaj Beckman

Den norske Bokklubben 1978

Kari Stai

Den norske Bokklubben

1978

Ei bok med god tid Også etter å ha vorte vaksen tenker eg mykje på

Ei bok med god tid

Også etter å ha vorte vaksen tenker eg mykje på denne boka, når eg er ute i naturen. Og når det er ulike merkedagar i løpet av kalenderåret, som fastelaven, advent og St. Hans. Lek med Mons og Marit (1978) tok oss med gjennom eit heilt år, tett på ”dei nære ting” i kvardagen, og gjennom dei store endringane i årstidene. Dei to barna er ilag med ei dame som heiter Maren, som bur i eit hus i utkanten av byen. (Byen ser vi vel aldri noko til). Boka fremmer velkjente søttitalsideal: kollektiv tankegang, by-og-land hand-i-hand, ikkje kjøpe det ein kan lage sjølv heime, peace and love. Utan at det blir påtrengande er boka også pedagogisk. Historia tek nokre pausar innimellom, mellom anna på soppturen om hausten, for å lære oss namn på ein del soppar. Heilt uanstrengt, eg hugsar kor godt eg likte det. Litt skole midt inni boka. Boka er rikt illustrert og lett fortalt. Det var ikkje grunna nokon dramatisk eller original spenningskurve boka fanga meg. Det er ikkje store klimaks i den. Når eg ser i boka no, merkar eg meg at menneska i bileta er lågmælte og har lite ”action” over seg. Dei har knapt nok ansiktsmimikk. Ikkje at menneska er uviktige, men dei er meir aktørar i aktivitetane dei gjer gjennom årsløpet, og i naturen. Det som fanga meg veldig med denne boka var nettopp dette – det svært så kvardagslege løpet gjennom eit kalenderår og gjennom dei fire årstidene, som eg opplevde trygt, nært, og som gav meg stadig fornya forventning. Den gjorde at eg gledde meg til neste forandring i dette løpet – som til dømes vår, fastelaven eller fargesterke høstlauv. Eg gledde meg til alt som snart skulle kome. Det var nok grunna dei mjuke og stemningsfulle illustrasjonane at eg kjente dette så sterkt. Dei har ein god detaljrikdom, ikkje for stor og ikkje for liten. Nok til å få med seg heile boka i eit behagelig tempo.

Når eg ser i boka no som vaksen, er den nesten enno meir behagelig. Den er avstressande, økologisk, den gjer at ein får lyst til å ta på seg ein ullgenser frå 70-talet (som i motsetning til ein ullgenser av i dag klør). Ein får lyst til å bli forkjøla, og til å kurere seg med heimlaga urtete eller solbærsaft. Boka formidlar kor herleg naturen er, og kor uendeleg mange ting vi kan gjere i den og med den. I ei tid der vi blir meir og meir stimulert av å kjøpe leikar som til dømes dataspel, og der ungar i mindre grad enn før brukar uteomgivnadene sine, får boka ein forsterka kvalitet. Boka fremmer det naturlige og naturskapte, og har ikkje fantasifulle vendingar. Da skulle ein jo kanskje tru den er kjedelig. Men det er kanskje det som er ein av dei viktige kvalitetane i boka – ein får plass til å kjede seg og glede seg til det neste fine som kjem.

Vi takker Norsk barnebokinstitutt for forsidebildet. Boka fins i deres samling.

Kari Stai