Belsvik, Rune: Ingen drittunge lenger

Belsvik, Rune: Ingen drittunge lenger

Ingen drittunge lenger

Rune Belsvik

Aschehoug 1979

Ingelin Røssland, forfatter

Aschehoug

1979

Barnebokminne
Rune Belsvik
Ingen drittunge lenger

Gull frå skjitplass

Eg ligg på eit oransje saueskinn framfor radioen. ”Eg e ingen dretonge merr!”, les forfattaren og eg kryp enno nærmare høgtalaren. Øyro syg til seg denne historia som det står klart for meg at ikkje er skriven for at den skal vera bra for meg. Eg er ni eller ti år, og eg vil heller ikkje vera noko drittunge meir.

På min indre kino ser eg for meg Kim, ein vanlig 14 åring på veg inn i vaksenverda. Korleis han saman med kameratane sine smugrøyker, drikk seg full på stolen, heimelaga stikkelsbærvin og ser på jentene. Men sjølv om Kim er tøff i trynet og lyg på seg at han har vore med handa ned i trusa på ei jente utanfor ungdomshuset, så har han også ei mjuk side. Ei side som skriv dikt og som så gjerne vil vera nær desse jentene som han kjenner seg så glad i. I starten på boka er han forelska og glad i ei jente som heiter Sila, men under romantikken er han også ein kåt fjortiss: Om kvelden onanerar han. Tankane manar fram sprikande damer frå blada. Dei velter seg hysterisk i store senger, og kysser han over heile kroppen. Sveittar og ynkar seg. Å no kjem det snart! Det er like før kroppen vil sprekke av vellyst. Det er som om all verdas sterkaste og beste kjensler vil til å jage gjennom kroppen. Sjølv om Kim så gjerne vil vere nær desse jentene han stadig forelskar seg i, så er han samtidig redd for å gjera feil, redd for å tapa ansikt så det blir for det meste til at han berre ser på dei.

Det var ikkje berre temaet i boka som trefte meg, men også språket. Skifta mellom det rå og det poetiske. Det at forfattaren som les frå boka snakka sånn som meg, gjorde eit enormt inntrykk. Plutselig stod det heilt klart for meg, at folk som snakka sånn som meg og kom frå sånne små skjitplassar også kunne skrive fantastiske bøker. Sånne bøker ville eg òg skriva ein gong. Tøffe, rå, poetiske og spanande ungdomsbøker. Eg visste at det var forfattar eg måtte bli, helst ein sånn som Belsvik.

32 år gamal sit eg på bussen og les Ingen drittunge lenger. Er boka like god og magisk som då eg låg på magen framfor radioen for over 20 år sidan? Det lynar i tankane hans – og før kroppen eksploderer i ei svimlande smerte ser han mora sitt andlet i eit vindauge. Eit tynt lite, fortvila andlet som han i ein ørliten augneblink freistar å nå. Før alt svartnar. Vestlandet byr alltid på tunellar. Bussen, boka og eg blir slukt inn i mørkret. Eg er glad til, for orda grip meg kanskje sterkare no enn då eg var liten. No blir eg også minna på kva forfattar eg lovde å vera.

Dei beste bøkene vi les som barn eller ungdom festar seg i minnet resten av livet. Eg ber framleis Ingen drittunge lenger med meg. Den er ikkje berre mitt beste barnebokminne, men også eit ideal for korleis god ungdomslitteratur skal vera.

Vi takker Norsk barnebokinstitutt for avbildingen av illustrasjonen. Den fins i deres samling.

Ingelin Røssland