Biletbøker om saknet etter mor
Stein Erik Lunde (tekst)
Øyvind Torseter (illustrasjon)
Eg kan ikkje sove no
32 sider
ISBN 978-82-521-6953-9
Samlaget, 2008
Marit Kaldhol (tekst)
Justyna Nyka (illustrasjon)
Stripekalven
42 sider
ISBN 978-82-02-28127-4
Cappelen Damm, 2008
BALANSEKUNST OG EKSPERIMENT Både Eg kan ikkje sove no og Stripekalven er blant biletbøkene som
BALANSEKUNST OG EKSPERIMENT
Både Eg kan ikkje sove no og Stripekalven er blant biletbøkene som fekk gode omtalar i 2008. Så er det óg fire godt etablerte, prislønna og dyktige kunstnarar som står bak utgivingane, og den rosande omtalen kjem nærmast på autopilot. Etter mi meining er rosen fortent i det eine tilfellet, medan den andre boka er eit eksperimentelt mageplask.
Dei to biletbøkene kan sjå like ut på overflata. Begge omslaga viser ein natteskog der eit raudt dyr fangar blikket vårt, og begge bøkene handlar om saknet etter mor. Men det vi finn mellom permane, og måtane dei to bøkene handterer emnet sitt på, er svært ulike.
Eg kan ikkje sove no har inga handling i tradisjonell forstand. Den skildrar ei natt i livet til ein gut og ein far, og den omsorga dei gir kvarandre og sorga dei delar. Mor er død, eit tap som berre blir nemnd ein einaste gong i teksten.
– Søv mamma? seier eg.
¬– Mamma søv, seier han.
– Vil ho aldri vakne igjen? seier eg.
– Ikkje der ho er no.
– Skal vi gå ut og sjå på stjernene? seier han.
Lunde skriv nedtona og konkret i eit realistisk barneperspektiv. Torseter støtter opp om realismen samstundes som han gir dei enkle orda utvida meining. For medan teksten fokuserer på guten og faren, fokuserer bileta på vinterskogen utanfor. Kombinasjonen skapar ein nydeleg balanse mellom varme og sårheit. Stripekalven på si side, er ei symbolsk forteljing om ein kalv som har blitt forlaten av mor si. Skogen gir han striper, den mørke Nekut legg seg over han, han fell inn i ”Besvimelsen” og monsterkvinna Dori reddar han. Mest nærliggande er det å lese forteljinga som eit bilete på smerta ved å bli forlaten, og boka gir også ein veg ut av smerta. Dori er først skremmande, sidan ei god erstatning for mor. Til slutt vel kalven å vere saman med ho framfor mora:
Kalven og Dori ligg tett saman.
Graset er stort og stilt.
Kalven søv godt
sjølv om han kjenner
ei lita stripe i kvart auge.
Kaldhol og Nyka eksperimenterer både med dramaturgi, fargar, rytme og tabu i denne teksten. Det største problemet, slik eg ser det, er at forteljinga ikkje heng skikkeleg saman, kombinert med ei skremmande stemning. Både dramaturgisk og språkleg spriker teksten i fleire retningar, og dette gjer det vanskeleg å lese forteljinga på eit konkret nivå. Ein vaksen lesar kan nok lese teksten symbolsk, men ungane blir overlatne til den stemninga boka gir, først og fremst skapt av stakkato vers, kontrasterande fargar og figurar som er ei ambivalent blanding av menneske og dyr. Opplevinga blir forvirrande og ubehageleg. Dei to biletbøkene tilhøyrer med andre ord kvar sin ende av ein estetisk akse. Eg får ikkje sove no er ei vakker bok, Stripekalven er grotesk.
Det vakre mot det groteske
Forskjellen er kanskje mest påfallande i bileta. Øyvind Torseter og Jystyna Nyka er begge solide namn innanfor norsk illustrasjonskunst, og begge har eit stort spenn når det gjeld teknikkar og uttrykk. Denne gongen har begge nytta ein variant av kollasjen, men elles er avviket stort mellom dei. I Eg kan ikkje sove no er illustrasjonane fotografi av små tredimensjonale modellar. Dei er først og fremst lagd av kvitt papir som Torseter har teikna og måla på, men her er også innslag av andre materialer. Modellane er både realistiske og skisseprega: Tinga i huset er teikna detaljert og romma har djupne, men klippinga er ujamn, personane er todimensjonale og her er lite fargelegging.
Illustrasjonane understrekar den skjøre balansen hos eg-personen. Verda hans er laga av papir og kan lett rivast i bitar. Den skisseprega realismen og den kvite fargen medverkar også til kjensla av at verda er tom og fargelaus utan mor. Men det streifar ein raud rev rundt i skogen, det heng ei raud disse i eit tre, og det siste oppslaget – der far lovar at det ”heilt sikkert” kjem til å gå godt – er meir raudt enn kvitt. Slik viser dei raude innslaga til håpet og livet som langsamt vinn over den kvite sorga og døden.
Nykas kollasjar er laga elektronisk. Ho har leika seg med strukturar og mønster i dei ulike flatene, og ho klipper inn til dømes blonder, fotografi eller gamle tresnitt som bakgrunn eller detaljar på figurane sine. Fargekombinasjonane er i store delar av boka valdsame og disharmoniske. Slik Torseter framhever den skjøre sorga til guten, framhever Nyka den vonde fortvilinga til kalven. Fargane er smerteleg grelle og universet ho skapar er framandt og skremmande. Der Kaldhols tekst berre indirekte teiknar eit bilete av personane og kjenslene deira, konkretiserer Nyka desse. Sjølv om blandinga av dyr og menneske til ei viss grad tek vare på det symbolske nivået i teksten, blir kalven eit konkret dyr og Dori ei konkret kvinne for lesaren. Kalven til Kaldhol har ”striper i auga”, medan Nyka sitt bilete viser desse stripene som tårar ned frå auga. Torseter sine illustrasjonar er ekspanderande. Dei gir eit symbolsk lag til ein konkret tekst, og dei opnar for fleire tydingar. Nyka sine bilete konkretiserer ei abstrakt og symbolsk forteljing, og dermed sett ho grenser for korleis Kaldhol sin tekst skal kunne forståast.
Tabu før og nå
For ei tid tilbake sa Kaldhol i eit intervju med Dagbladet at kvinnelege forfattarar eksperimenterer meir enn dei mannlege. Når det gjeld desse to biletbøkene må eg gi ho rett. Eg kan ikkje sove no er kjenneteikna av kontroll og balanse. Dei to mannlege kunstnarane har ein trygg realisme i botn og dei har fjerna all unødvendig staffasje. Kaldhol og Nyka er valdsame og overskridande i sine uttrykk. I tillegg er dei mykje meir risikovillige i temaval.
Det er lenge sidan døden var eit tabu i den norske barneboka. Marit Kaldhol var ein av dei første som tematiserte dette tabuet på 80-tallet med biletboka Farvel Rune. Boka er ein klassikar i den norske barnelitteraturen og framleis verd å lese. På slutten av 90-tallet og no på 2000-tallet har det kome ut ei rekke bøker for barn og unge som tematiserer døden. I fjor kom det ut i alle fall fem nye norske titlar: Himmelen bak huset, Tror du pappa gråter?, Ingen dager uten regn og Roy, i tillegg til Eg kan ikkje sove no. Alle bøkene har sin eigen innfallsvinkel og kanskje er det nødvendig med ein mengde bøker om dette temaet. Den naturlege døden er noko nifst og fjernt i vår del av verda. Dei få ungane som blir ramma, treng forteljingar og bøker som kan hjelpe dei å sette ord på deira eiga oppleving. Eg kan ikkje sove no handlar nettopp om kor vanskeleg det kan vere å finne ord for sorga, og boka viser kor viktig det er å vere nær kvarandre, og saman om dei vonde kjenslene.
Stripekalven går derimot laus på to notidige tabu. Det første er portrettet av den slemme mora. Mora til Stripekalven er meir interessert i nye sko enn i kalven sin, og ho vil heller sitte på restaurant med eit framandt barn enn å gå heim til sitt eige. I Noreg er det framleis mange som har problem med å godta at også kvinner kan vere dårlege omsorgspersonar. Men Stripekalven bryt likevel ikkje nytt land. Den slemme mora kom inn i den norske barneboka på byrjinga av 2000-talet, like etter at dei sinte og slemme jentene entra scena på slutten av 90-talet.
Kaldhol og Nyka stiller seg på lag med kalven, mot den egoistiske mora hans. Korkje tekst eller bilete gir noka orsak til mora sine val, og kalven konfronterer aldri mor si. Slik blir Stripekalven ei nokså tom og tam framsyning av tabuet. Det blir ikkje stilt spørjeteikn eller reflektert, det einaste vi blir kjend med er kalven sitt vonde sakn. Det kan vere viktig nok, men det provoserer ikkje.
Det andre tabuet i Stripekalven er seksuelt, og det bør etter mi meining provosere dei fleste. Mest av alt fordi det ikkje ser ut til å vere ein nødvendig del av forteljinga, men noko som berre er der for å skape ubehag. Når Dori ikkje lenger er skremmande, viser illustrasjonen at ho kjem naken mot barnekalven med struttande kvinnebryst:
– Kom, seier Dori til Kalven.
– Kom, skal du få mjølk.
Ho legg seg i graset. Opnar labbane.
Held fram brysta sine.
Kalven går nærare.
Brysta er store.
Fulle av kvit, søt, varm mjølk.
Han legg seg inntil.
Lukkar auga. Opnar munnen.
Kalven drikk
og drikk
og drikk
Eg vil tru at Kaldhol og Nyka har tenkt seg dette som ei slags mytologisk forteljing og at scena skal lesast symbolsk, men teikningane er ikkje abstrakte nok og teksten har for mange seksuelle referansar til at ein unngår den meir realistiske lesinga. Dette er heller ikkje det einaste eksemplet på at boka tippar over frå det mytologiske til det klamme.
På vranga
Stripekalven er eit uhandterleg eksperiment på fleire måtar. Det verste er kanskje at lesaren ikkje har nokon plattform å stå på. Ukjente opplevingar kan vere spennande viss ein får oppleve dei frå eit kjent punkt. I Stripekalven er dei realistiske elementa for spinkle til å utgjere eit slikt punkt. Kjenslene og relasjonane er alle litt skakke og rare, dei har element av noko kjent, men dei treff ikkje. Kalven har ingen skikkeleg individualitet og fungerer ikkje som identifikasjonsobjekt. I tillegg er dramaturgien merkeleg sprikande og framtung, og teksten passar ikkje inn i kjente sjangermønster.
Reint språkleg ser det også ut til at Kaldhol vil prøve noko nytt. Kaldhold er først og fremst lyrikar. Sjølv om ho har skrive mange ulike sjangrar, og for ulike målgrupper, er hennar varemerke dei korte, poetiske setningane, lada med meining. I Stripekalven er det som om ho parodierer seg sjølv. Det er Kaldhol på vranga. Setningane har spinkle meiningar og rytmen er stakkato.
DÅ
spring Dori
i rasande fart
rundt og rundt i skogen.
Dei sterkaste labbane i verda knekk striper:
KNEKK-KNEKK
DÅ
hoppar Dori
opp på fjellet og ned igjen.
Dei sterkaste labbane i verda kastar steinar
KAST-KAST
DÅ
stuper Dori
ut i elva. Sym mot straumen. Fell med fossen.
Dei sterkaste labbane i verda piskar vatn:
PISK-PISK-PISK
Marit Kaldhol likar å eksperimentere, og nokre gonger gir det svært gode resultat. Eg har allereie nemnd Farvel Rune, og novellesamlinga Kino frå 2006 er eit anna døme på slik vellykka eksperimentering. Derfor håpar eg at Kaldhol og Justyna Nyka vil halde fram å leike med dei mulegheitene biletboka gir. Samstundes meiner eg at eit sølete eksperiment som Stripekalven aldri burde ha blitt sleppt ut av laboratoriet.
Tryggare, betre
Da er det betre å satse trygt, slik spesielt Lunde gjer. For sjølv om Eg får ikkje sove no er hans første biletbok og hans første bok på nynorsk, er døden eit kjent tema og han resirkulerer element frå eigne bøker. I ungdomsromanen En far gir hovudpersonen Eirik brød til nokre raudskjorter like etter at han har fått vite at faren er død, og han husker eit sakn som fortalde at fuglane romma sjela til dei døde. I Eg får ikkje sove no finn Lunde fram raudskjortene igjen:
Dei raude fuglane kjem stilt gjennom lufta.
Dei sit på den kvite steinen og ser på meg med eit auge.
Så tar dei brødbiten i nebbet og flyg av stad med den,
gøymer den oppi eit tre.
Så kjem dei tilbake.
Fram og tilbake flyg dei, heilt til det ikkje finst meir brød på steinen.
Farmor fortalte at dei raude fuglane er døde menneske.
Fuglane får eit heilt anna fokus i biletboka. I En far understrekar dei Eirik si sorg, men dei speler ikkje ein rolle vidare i boka. Dei druknar i den litt pratsame stilen Lunde har i ungdomsbøkene sine. Denne biletboka liknar meir på songtekstane til Lunde, i det at kvart ord får dobbel vekt.
Eg ser opp i stjernene.
Eg ser månen som er ein båt.
Armane til pappa er òg ein båt som siglar meg ut på tunet. Båten stansar. Stjernene er langt borte og like ved.
– Om du ser eit stjerneskot, kan du ønskje deg noko, seier han.
– Eg veit det, seier eg.
– Men du må ikkje seie det til nokon.
– Eg veit det, seier eg.
I kombinasjon med Torseter sin vinterskog er det lett å gripe at orda vil meir enn berre å skildre ein far og son som ser på stjernene. Båten og faren står for det trygge, men dei er små mot den store himmelen. Stjernene og den døde mora lokkar, men dei er fjerne og uoppnåelege. Det er ikkje vanskeleg å tenke seg kva guten ønskjer, sjølv om Lunde ikkje skriv det direkte.
Eg kan ikkje sove no er ei trygg og god bok. Den gir oss inga forteljing, men eit varsamt og vakkert stemningsbilete av sorga til far og son. Mest av alt er det ei bok om å finne trøst. Det er sant at teksten ikkje tek nokre sjansar. Men Lunde har tatt sjansar før, han treng ikkje gjere det kvar gong.