Bodskapen når ikkje publikum
Boktittel: Blomsterboka
Forfatter: Rebekka Ween
Illustratør: Sine Hagestad
Forlag: Vigmostad & Bjørke
Årstall: 2025
Antall sider: 75
Sjanger: Sakprosa
Gjennom ei fargerik framside freistar «Blomsterboka» born med ei historie om livet til blomen. Undertittelen «Frø, spire, blomst!» gir von om ei morosam ferd mot naturkunnskap.
På dei første sidene blir lesaren introdusert for «Plantebarnet» gjennom ei uttrykksfull teikning av eit lite, grønt vesen som søv inne i eit skal som minner om ei varm og vernande vogge. Me får fortalt at nurket startar livet med å sova i skalet sitt under snøen, omfamna av jord til dyne, før det vaknar om våren.
For å visa at Plantebarnet treng både luft og vatn for å veksa når det vaknar, møter me ein sprudlande, gigantisk meitemakk som grev i jorda og lagar gangar slik at plantebarn-røtene kan få lettare tilgang til både vatn og luft.
Og på dette tidspunktet, tidleg i boka, gler eg meg over utsiktene til at borna kan få bli med Plantebarnet vidare på ei spanande og humørfylt forteljing gjennom livet. Eit godt pedagogisk grep i møte med fantasifulle, unge lesarar. Boka, som er skriven av botanikar Rebekka Ween og illustrert av Sine Hagestad som er utdanna marinbiolog, har funne sin raude tråd.

Mister borna av syne
Men her skal det syna seg at eg tar feil. Allereie på side 14 sporar forteljinga om Plantebarnet av. Me går rett inn i to sider med innføring i fotosyntesen. Eit stoff som kan vera utfordrande for nokon kvar. I alle fall for born som nett har byrja på skulen.
Det skal vera sagt at fotosyntesen er heilt grunnleggande for å fullt ut forstå korleis naturen fungerer, men det er verkeleg grunn til å undrast kvifor stoff som er pensum på gartnarutdanninga brått skal avbryta den fine historia om Plantebarnet som er på veg inn i livet, og som ein del bornelesarar truleg allereie har fått eit forhold til. Barnepedagogikken blir effektivt ofra på alteret for vidarekomne og bytt ut med ei skjematisk snitteikning av eit blad og omgrep som klorofyll, oksygen og karbondioksid.
Ein skal ikkje heilt avvisa at det hadde vore mogleg å forklara denne prosessen for 6–9-åringar, men her blir det i alle fall ei for komplisert tilnærming.

Plantebarnet som forsvant
Forfattarane klarer ikkje å henta seg inn etter dette, og sjølv om omgrepet ‘plantebarn’ kjem innom sidene av og til, dukkar sjølve Plantebarnet opp berre eit par gonger til, og blir ikkje elementet som kunne ført dei små fantasifullt gjennom boka. Det verkar rett og slett som om lysta til å laga ei barnebok ebbar ut, og ein står att med tips og triks om planter fortalt stykkevis og strødd litt tilfeldig utover. Ein får til dømes vita at bær er laga inne i blomar, ein får vite litt om myrer som kan bli veldig gamle, at blomar kan snu seg mot sola, at planter kan vekse på gamal tang, om frø som flyg med vinden, bjørnen som et bær og spreier frø gjennom bæsjen, om planter som veks under vatn og så vidare.
Det er mange fine og innsiktsfulle innsmett om planter, insekt og dyr, men når den raude tråden er borte, står ein att med lausrivne, litt stivt formidla fakta utan nokon klar samanheng utover at det hovudsakleg dreier seg om planter. Eit døme er «Tøffe planter beholder bladene sine. Tykke blader tåler ofte kulde bedre enn tynne blader. Tøffe planter på fjellet og på stranda kan beholde sine tykke blader gjennom vinteren. Det finnes også trær som beholder bladene sine. De har spisse blader som kalles for nåler. To slike trær heter furu og gran.»
Dette er illustrert med to tre, ei furu og ei gran samt ei detaljteikning av barnåler. Ved trea står ein tekst om at ei furu kan bli 800 år, og at nokre tøffe nåler kan bli hengande på treet i ti år. Om grana står det at ho er brukt som juletre og at greinene heng nedover, slik at snøen fell lettare av. Greie funfacts, men stivbeint og lite spanande fortalt, om målet er å halde oppe interessa.

Slappe illustrasjonar
Illustrasjonane i bøker som dette er viktige. God visuell presentasjon kan somme gonger forklare klarere og underhalde betre enn tekst. Illustrasjonane til Sine Hagestad er fine, reine og realistiske. Her ligg også utfordringa. For å fenga borna bør illustrasjonane tilføra noko meir fantasifullt enn det ein kan finna i ein flora. Illustrasjonane tidleg i boka, som viser ein overdriven stor makk og eit sovande Plantebarn med eit ansikt som søv, klarer nettopp å tilføra noko personleg.
Men som med teksten, er det som om gnisten forsvinn ved fotosyntesen på side 14, og etter dette er illustrasjonane kun det; illustrasjonar. Nærast naturtru teikningar av blomar, insekt og andre ting i naturen. På ein del av illustrasjonane har ein teikna stort sett livlause strekmunnar, auger og av og til nasar. Eit par gonger har ein påført strekarmar. Desse ansikta framstår ikkje som naturlege deler av illustrasjonane, men som påklistra for å legitimera illustrasjonane sin eksistens i ei bok for barn.

Ein dårleg utnytta sjanse
Denne boka kunne blitt så mykje meir, den kunne vore eit godt høve til å formidla den fagkunnskapen desse to forfattarane utvilsamt har. I byrjinga av boka ser ein kimen til at både tekst og illustrasjon har liv og overskot som utfyller kvarandre og gjer formidlinga god. Det som byrja som ein bra måte å fortelja ein samanhengande og forståeleg historie med innsikt i korleis livet i naturen heng saman på, blir til mange små drypp av kunnskap, som ikkje held på merksemda. Hovudsakleg fordi formidlingsevna sviktar.
