Bullshit og superbitchar – Haustens barne- og ungdomsbokdebutantar vender tilbake til røyndommen

Bullshit og superbitchar – Haustens barne- og ungdomsbokdebutantar vender tilbake til røyndommen

Medan forlagskatalogane framleis er fulle av grøss, eventyr og fantasy for barn og unge, skriv overraskande mange av haustens debutantar om «den verkelege verda»: Om kva dei vaksne gjer på jobben. Om å bli strorebror. Om fiken og flaggermus, bullshit og superbitchar.

Kvart år presenterer fleire aviser haustens debutantar. Dessverre er det for det meste vaksenbokforfattarane som får vere med og ta gruppefoto på Operataket eller Litteraturhuset. For at du også skal få ein viss oversikt over dei nye barne- og ungdomsbokforfattarane, har vi léte tretten av haustens ferskingar presentere bøkene sine. Synnøve Borge, Liv Marit Weberg, Oda Faremo Lindholm, Elisabeth Moseng, Kaia Linnea Dahle Nyhus, Ellisiv Solskinnsbakk, Anne Audhild Solberg, Marius Molaug, Lise F. Grimnes, Birgitta Nilsson, Eli Hovdenak, Siri Thue og Wenche With har alle ulike tilnærmaringar til å skrive for barn og unge, men når dei til slutt får spørsmål om kva dei meiner om statusen til litteraturen dei skriv, er dei relativt samstemte.

banner-debutanter1

Debutantar i dette innlegget

Brunlangøre av Synnøve Borge, Gyldendal
Jeg blir heldgivis ikke lagt merke til av Liv Marit Weberg, Aschehoug
Bullshitfilteret av Oda Faremo Lindholm, Gyldendal
Når jeg blir storebror av Elisabeth Moseng, Mangschou
Vil du høre en hemmelighet? av Kaia Linnea Dahle Nyhus, Cappelen Damm
Hva gjør de dagen lang? av Ellisiv Solskinnsbakk, Cappelen Damm
Kampen mot superbitchene av Anne Audhild Solberg, Aschehoug
Verdens verste rektor av Marius Molaug, Gyldendal
Kaoshjerte av Lise F. Grimnes, Aschehoug
Fikenvulkanen av Birgitta Nilsson, Mangschou
Øya av Eli Hovdenak, Cappelen Damm
En ørkenhistorie av Siri Thue, Cappelen Damm
Monsterkokkene lager hai-te av Wenche With, Mangschou

For dei som er opptatt av trendar og tendensar, er det verd å merke seg at tolv av dei tretten er kvinner, at fleirtalet har gått på Norsk barnebokinstitutt si forfattarutdanning, og altså at mange av dei orienterer seg mot røyndommen. Dette siste betyr ikkje at sosialrealismen er tilbake. Det betyr heller ikkje at dei tretten debutantane liknar på kvarandre. Nokre er inspirerte av Jeff Kinney sin humoristiske pingleprosa. Andre pressar grensa mellom fakta og fiksjon, og snakkar om tekstane sine med omrep vi kjenner frå diskusjonar om hyperrealisme og sjølvbiografiske romar, men som sjeldan dukkar opp i samtalar om litteratur for dei yngste.

1_Borge-Synn-ve_Foto-Per-Arne-Opsahl-Synnøve Borge, Brunlangøre

Naturfaglærar Synnøve Borge (f. 1960) debuterer til dømes med Brunlangøre (Gyldendal), ei bildebok som gjennom å blande fakta med forteljing og illustrasjonar følgjer eit eksemplar av flaggermusarten gjennom eit år. Borge har som mange av meddebutantane gått på forfatterutdanninga til NBI. Der tok ho fordjupning i faglitteratur, og leverte manuset til debutboka som eksamensoppgåve.

– Hovudteksten i boka er ei forteljing, ei skildring av hendingar som inntreff slike flaggermus gjennom eit år, fortel Borge om utgivinga som er illustrert av Nemi-skapar Lise Myhre. – Samtidig har boka såkalte faktaboksar med «reine» fakta tilpassa forteljinga på oppslaget. Eg liker ikkje når faktabøker så å seie låser fakta i eit slags fasitliknande grep. Derfor blir det så romsleg med Lise Myhre sine strekar. Rommet mellom mi faktaforteljing og hennar teikneserie-illusjonar opnar for det viktigaste i utforskinga av natur: Jammen tenk? Jammen hvis? Jammen kanskje?

Basic CMYKBorge viser til Albert Einstein og peiker på at det viktigaste for vitskapen ikkje er kunnskap, men fantasi: – Mitt credo er at røyndommane alltid overgår fiksjonane når du går tett nok på. Fantasien er med og hjelper oss til å forsere nokre av dei kulturpålagde sperrene vi har ovanfor kunnskaping.

– På forlaget sine nettsider står det at du «leter etter et språk som ikke stenger for det sansbare i naturen». Korleis kjem dette konkret til uttrykk i teksten?

– Ved å ta litt av Goethe sitt naturvitskapelege blikk: å fokusere på rørslene. Eg ønsker å bringe barna så nær dyret som mogleg ved å skildre rørslene dyret gjer, slik at barna kan føle gjenkjenning – eller forskjell. Sansane vert vekte når ein kjem tett nok på det som rører seg. Samtidig har eg jobba som spespedlærar med gutar i den alderen som ikkje orkar å lese når språket blir for vanskeleg, for stivt, for dødt. Dei les når dei finn noko dei er nysgjerrige på og der språket er ope og enkelt.

2_Weberg-Liv-MaritLiv Marit Weberg, Jeg blir heldgivis ikke lagt merke til

Ei anna som går tett på røyndommen utan at det med det er snakk om eit 1:1-forhold mellom ord og verd, er Liv Marit Weberg (f. 1988). Masterstudenten i nordisk litteratur er aktuell med Jeg blir heldigvis ikke lagt merke til (Aschehoug), ein ungdomsroman som allereie var selt til Tyskland og Danmark før boka var i butikkhyllene.

Jeg blir heldigvis ikke lagt merke til er ein roman for eldre ungdom om ei jente på 19 som flyttar til Oslo for å studere, oppsummerer Weberg. – Ho finn tidleg ut at livet er best utan menneske og droppar ut av studia. Men uansett kor mykje ho prøver å gjømme seg vekk, slepp ho ikkje unna guteproblem, pengeproblem og eksistensielle kriser. Historia er fortalt av hovudpersonen sjølv, med hennar språk og pessimistiske syn på livet.

2_Weberg_coverPå spørsmål om romanen er skriven i opposisjon til litteratur som flyktar frå dei kvardagslege problema, svarar Weberg at ho skriv realistisk fordi det er realistiske romanar ho sjølv likar å lese.

– Det er derimot ikkje viktig for meg å framstille verda «riktig», legg ho til. – Eg vil framstille ho slik ho er opplevd av ein person. Eg likar best bøker som utnyttar språket aktivt for å vise kven karakterane er.

3_Lindholm-Oda-Faremo_Foto-Sebastian-Ludvigsen-TinagentOda Faremo Lindholm, Bullshitfilteret

Journalist i Dagsavisen, Oda Faremo Lindholm (f. 1988), er den einaste ungdomsbokdebutanten som har skrive ei rein sakprosabok i haust. Med Bullshitfilteret (Gyldendal) vil ho gi jenter i ungdomskule- og vidaregåandealder eit verktøy dei kan bruke i møte med kommersielle krefter som vil tene pengar på unge menneske med dårleg sjølvbilde.

– Eg tilhører den første generasjonen som vaks opp med internett, og har sett og opplevd ei utvikling innan medier, særleg på internet, som har gått i ei meir og meir seksualisert og kjønnsstereotypisk retning. Mot normalisering av det ekstreme. Det ønska eg å seie noko om, til dei som står i det sjølv, nemleg ungdom.

– I august kom årets Ungdata-rapport som viste at norske ungdommar er glade i skulen og foreldra sine, heimekjære, edru og veltilpassa, men også oftare psykisk sjuke av stress. Er boka di eit svar på denne utviklinga?

3_Bullshitfilteret– Nja, eigentleg ikkje. Da eg begynte å skrive på dette prosjektet hadde eg ikkje noko forhold til ungdata-undersøkingane, men kun mi eiga oppleving av korleis media og populærkulturen opererte. Eg har vore feminist sidan barndommen og journalist sidan slutten av tenåra. Eg var først og fremst opptatt av å fortelje jenter at dei blir utsatt for eit kommersielt press utan like og å hjelpe dei å sjå kva mekanismar som styrer reklame-, magasin- og TV-bransjen, gjennom eit såkalt bullshitfilter. Eg har veldig tru på at dersom du veit at noko er kunstig og konstruert, så er du også betre rusta i møte med desse kreftene.

– I den nemnde undersøkinga kom det også fram at ungdommar er mindre opprørske, fordi dei ikkje veit kva dei skal gjere opprør mot. Innheld boka di eit forslag til kva eit slikt opprør kan vere?

– Eg har absolutt eit håp om at fleire jenter skal bli sinte. Eg trur det finst mykje konstruktivt opprør i sinne, og dersom eg kan leie unge jenters aggresjon bort frå dei sjølve og mot kyniske marknadskrefter så er eg veldig nøgd med det.

4_mosengElisabeth Moseng, Når jeg blir storebror

Elisabeth Moseng (f. 1967) har illustrert bøker for blant andre Atle Hansen, Erna Osland og Bjørn Sortland, men er endeleg ute med det første verket som er hundre prosent hennar. Når jeg blir storebror er ifølge Moseng ei bok for dei aller minste om tankar og forventningar i tida medan ein ventar på å bli storebror.

9788282381017 ny– Forventningane spenner frå ekstatisk entusiasme, til ei gryande bekymring for framtida som storebror, utdjupar ho. – Det bygger seg opp store tankar om det store som skal skje, og i eit barnesinn ser det kanskje annleis ut enn hos oss vaksne.

– Du har frå før illustrert ei lang rekke barnebøker. Korleis er det å for første gong skrive teksten til ei bok?

– Etter å ha tenkt på å skrive noko i mange år, er det godt å endeleg ha tatt steget inn i teksten si verd. Det var både morosamt og skremmande å levere frå seg ein tekst som på det tidspunktet sto heilt aleine utan støtte frå det visuelle. I det vidare arbeidet med boka, har det gitt meg stor fridom å eige både tekst og bilde.

5_nyhusKaia Linnea Dahle Nyhus, Vil du høre en hemmelighet?

I ein alder av 24 år er Kaia Linnea Dahle Nyhus nominert til Nordisk råds barne- og ungdomslitteraturpris for illustrasjonane til Krigen (2013), men også aktuell som forfattar for første gong med bildeboka Vil du høre en hemmelighet?

– Kven er det som spør om vi vil høre ein hemmelegheit? Og kva hemmeligheit det er snakk om?

– Dette er ein tittel med to lag, der både eg som forfattar spør og der hovudpersonen spør og henvender seg til lesaren. Min hemmelegheit som forfattar går ut på å vise hemmelegheiter, og å samle hemmelegheiter. For alle menneske har hemmelegheiter, og dei er forskjellige, både i innhald og i djupne og i «farlegheit». For hemmelegheiter kan vere farlege. Det kan vere hemmelegheiter om sjukdom, hemmelegheiter om nøklar, hemmelegheiter om kjærleik og forelsking. Mens hovudpersonen sin hemmelegheit er heilt konkret og i forhold til hennar eigen alder og hennar liv og familie.

5_nyhus_cover– I meldinga på barnebokkritikk.no kallar Inger Østenstad boka di ei «begrepsbok». Er det ein merkelapp du er einig i?

Det var fantastisk å få ei slik lesing, så grundig og interessant, og tankevekkande. Det er også fantastisk at barnebokkritikk.no er ein stad der det er både plass og tid til fordjuping og lange meldingar som verkeleg opnar ei bok opp og tar bildeboka og barneboka så på alvor. Å bli lese på denne måten var ei stor gåve, og Østenstad peika på ting som eg ikkje hadde tenkt på sjølv, men som opnar mine eigne tankar og får meg til å sjå nye ting, nye moglegheiter. Og ja, det er jo absolutt ei «begrepsbok». Eg har ikkje hørt uttrykket før, men det passar perfekt! For eg undersøker jo dette eine omgrepet – «Hemmelegheiter» –  og prøver å finne ut kva omgrepet inneheld og kan bety.

Nyhus avslører at også neste prosjekt er ei «begrepsbok». Denne gongen om pappaer.

6_solskinnsbakkEllisiv Solskinnsbakk, Hva gjør de dagen lang?

Alle barn lurer på kva foreldre eller andre vaksne driv med på jobben sin.

Slik forklarar Ellsiv Solskinnsbakk (f. 1976) utgangspunktet for Hva gjør de dagen lang? (Cappelen Damm). Solskinnsbakk – kjend frå radio og Barne-TV – har nemleg skrive ei bok på rim om kva dei vaksne gjer på medan dei minste er i barnehagen eller på skulen.

– Eg hugsar at eg også lurte på det. Det var berre nokre få vi følte vi hadde oversikt over. For eksempel han som jobba i kiosken og lærarane på skulen. Ellers var det litt ute i tåka kva dei egigentleg dreiv på med. Hva gjør de dagen lang? løyser på ingen måte desse spørsmåla, men den set i gang noko ved å presentere moglegheiter.

6_solskinnsbakk_coverSolskinnsbakk fortel at inspirasjonen til boka kom då ho var i sin første fødselspermisjon og gjekk og trilla vogn i timevis kvar dag: – Då går ein litt på utsida av A4-livet og betraktar folk til og frå, eller ser folk som er i sving med utandørsjobbar. Byen boblar av små og store arbeidsoppgåver.

Om det realistiske utgangspunktet til historiene i Hva gjør de dagen lang? lurar Solskinnsbakk på om også det har med småbarnsfasen å gjere: – Det realistiske språket har kanskje å gjere med at eg er på ein stad i livet med mykje realisme? Som småbarnsforeldre er vi tett på detaljane i kvardagen. Men eg har alltid likt å skrive eit uhøgtideleg språk. Eg drar også med meg arven frå radiojobbinga. Der er det veldig cut the crap! Ellers får ikkje folk med seg poenget. Det ligg noko utolmodig i det å vere realistisk.

7_Solberg-Audhild_author_fullAnne Audhild Solberg, Kampen mot superbitchene

Ei anna som satsar på humor og realisme er Anne Audhild Solberg (f. 1975). Etter å ha jobba mange år med litteratur i forlag som Aschehoug og Pax, og meldt bøker for Dag og Tid, debuterer ho med Kampen mot superbitchene (Aschehoug). Ho kallar debutboka si om tolv år gamle Anne Bea som tek opp kampen mot dei mest populære jentene på skulen «ein feelgood-roman for barn mellom 9 og 12 år, ein krysning av Anne fra Bjørkely og Dustedagboka».

– Det har vore viktig for meg å skrive ein morosam og spennande roman som barn får skikkeleg lyst til å lese. Samtidig ønsker eg å gjere meir enn å underhalde. Eit sentralt tema i boka er det å vere annleis og å våge å stole på seg sjølv når ein møter motstand.

– Har forlagsbakgrunnen din påverka skrivearbeidet på nokon måte?

7_solberg_cover– Ja, det har den nok. Eg har alltid likt å skrive, men bakgrunnen min som forlagsredaktør og manuskonsulent har jo gitt meg innsikt i korleis ein bør bygge opp eit manus. Eg har forsøkt å bruke den kunnskapen i arbeidet med mitt eige manus, men det er lettare sagt enn gjort. Å jobbe med andre sine manus er noko heilt anna enn å skrive sjølv. Når ein set seg på andre sida av bordet, bokstaveleg talt i mitt tilfelle, blir ein automatisk mindre objektiv og meir sårbar.

– Forlagskatalogane er fulle av eventyr, grøss og fantasy for barn og ungdom, men du debuterer med ei bok om «hvor brutal skolehverdagen kan være». Er det snakk om eit bevisst forsøk på å få barnelitteraturen tilbake på det realistiske sporet? 

– Sjølv styrte eg langt unna dei sosialrealistiske barne- og ungdomsbøkene som florerte da eg var barn på 1980-talet, så dette er absolutt ikkje eit forsøk på å vekke den trenden til live igjen. Eg har rett og slett forsøkt å skrive den barneboka eg sjølv ville ha elska da eg var 10–12 år. Handlinga kunne like gjerne vore lagt til fantasy-sjangeren. Kjærleik, vennskap og kampen mellom det gode og det vonde er universelle tema som høyrer like naturleg heime i eit klasserom som i ei fantasiverd.

Solberg er nominert til Arks barnebokpris for debuten sin, og avslører at ho jobbar hardt med ein oppfølgar. Ho har også andre prosjekt for unge lesarar på gang: Eg fekk ein idé midt under ei teaterframsyning i New York i sommar, av alle stader. Her bevegar eg meg inn i fantasy-sjangeren, og eg gler meg stort til å dukke ned i det universet neste år.


IMG_2846.JPGMarius Molaug,
Verdens verste rektor

Marius Molaug (f. 1976) er Donald-redaktør og tilknytta Dongery – eit kreativt fellesskap som blant anna har gitt ut ein teikneseriefanzinesamleboks omtala som «en av de suverent mest betydningsfulle norske tegneserieutgivelsene noensinne» av Klassekampen. Molaug entrar barnebokverda med ein 104 sider lang roman som ifølge han sjølv er for «alle som er eller har vore litt redde for ein rektor», og handlar om å unngå svømmedagen. Verdas verste rektor har nemleg bestemt at det ikkje berre gjeld å svømme 25 meter for å få svømmeknappen, ein må også redde rektor frå å drukne.

Medan Anne Audhild Solberg nemner Dustedagbøkene som ei av inspirasjonskjeldene for Kampen mot Superbitchene, har Molaug sansen for pingleprosaen til Jeff Kinney.

8_Verdens-verste-rektor– Ja, dei bøkene er morosame! Eg har stor respekt for forteljargrepet og humoren. Verdens verste rektor er sjølvsagt eit heilt eige verk som står trygt på eigne vaklevorne rektorbein, men eg ser jo nokre likheiter med pingle-humoren. Eg er også opptatt av å ikkje overlesse lesaren med for mykje tekst, men heller fortelje mykje av historia gjennom visuelt morosame teikningar. Eg føretrekker fantasi fremfor fantasy! Det er veldig naturleg for meg å skrive om dei litt meir nære ting på ein humoristisk måte. Livredde barn, rasande rektorar og sjuke svømmeopplevingar kan eg litt om. Magiske hekser som flyr gjennom magiske portalar frå ein annan dimensjon kan eg ikkje så mykje om.

– Du er redaktør for det norske Donald-bladet. Har teikneserieinteressa påverka stilen i boka?

– Ja, heilt klart. Eg er veldig opptatt av visuelle historier og ser historier helst knytt opp mot bilde. Eg trur kombinasjonen tekst og teikning verker mykje kraftigare på lesaren enn kun tekst. Særleg for barn. Mange teikningar gjer dessutan historia meir tilgjengeleg for dei som ikkje les så mykje og ikkje orkar å gyve laus på lange tekstbolkar. Eg trur det generelt er smart å senke terskelen for lesing. Det viktigaste er at barn les og får leseglede!

9_grimnesLise F. Grimnes, Kaoshjerte

Ein av debutantane som rører seg i retning heksene Molaug held seg unna, er Lise Forfang Grimnes; ein debutant mange nok kjenner frå før etter å ha lese bokbloggen Knirk. Grimnes har også i ei årrekke turnert som forteljar og foredragshaldar for ungdom, lærarar og bibliotektilsette som vil lære meir om formidling. Debutromanen oppsummerer ho slik: – Kaoshjerte handlar om Minja som oppsøker familiehemmelegheiter ho kanskje burde ha halde seg langt unna. Minja er ikkje ei heilt vanleg jente, og det ho ber i seg har ho brukt eit heilt liv på å skjule. Ho har ein bestekompis som heiter Josef – han er 20 år og har ein butikk på Stovner som heiter Peris Shop. Når Josef forsvinn, fell Minjas verd saman.

Grimnes fortel at arbeidet med boka på mange måtar starta allereie då ho var 18 år og sommarjobba som budeie i Valdres: Der lærte eg både å mjølke kuer og å passe meg for huldra. Eg vart der i fire somrar, og mykje av stemninga derfra er med inn i Kaoshjerte. Eit anna utgangspunkt er gamle segn om overnaturlege hendingar og vesen frå norsk folketru. Dette er historier eg har fortalt i profesjonell samanheng i årevis. Ungdommane elsker dei. Det er den mørke sida av folkeeventyra våre. Samtidig ville eg skrive ei heilt moderne forteljing frå Oslo aust i våre dagar.

9_kaoshjerte– Ja, ut frå katalogteksten er det nettopp litt vanskeleg å lese kva bok «Kaoshjerte» er – ei realistisk skildring av ei seksten år gamal jente som vaknar opp forslått på sitt eige rom, eller fantasy basert på ei blanding av norsk og persisk mytologi?

– Jamen, det er nettopp det. Boka er begge delar. Den er midt mellom. Det er i kontrastane eg rører meg. Kontrastane mellom røyndom og mystikk. Mellom lys og skugge. Mellom norsk granskau og persiske visdomsord. Mellom det ein trudde på i gamle dagar, og Groruddalen 2014. Boka har nokre episke linjer, men også kvardagshistorier med kleine relasjonar og vanlege folk. Sjangermessig burde boka kanskje kallast «fantasy light»? Eller «paranormalt drama»? Eller «moderne eventyr»? Det finst etter kvart mange av desse bøkene og filmane som ligg ein stad mellom røyndom og fantasi, og som er inspirert av gamal folketru. Alt skjer i vår verd, men mykje av det er uforklarleg. Det er ting som luskar i skuggane, luggar i draumane, aldri lar deg vere i fred. Det er illusjonane si verd, der du trur du er trygg er du det ikkje, og der du minst ventar det, finn du tryggheit. Noko slikt…

Birgitta NilssonBirgitta Nilsson, Fikenvulkanen

Også Birgitta Nilsson (f. 1966) sjonglerer harde fakta med dikting, og har skrive ein eventyrroman for barn «podet med fagkunnskap om fiken og vulkaner». Utgangspunktet i Fikenvulkanen (Mangschou) er ei reise til vulkanøya Fogo.

10_nilsson_cover– Hovedpersonen Bea får brått moglegheita til å dra på langtur til ein stad som liknar på ein fiken, berre tusen gonger større: Fogo, ein kjempevulkan midt ute i Atlanterhavet. Ein fikenforskar, Gustav, har invitert henne og mammaen for å vise noko viktig. Niåringen Bea får nye vener og ny kunnskap på ein påskeferie utanom det vanlege saman med fikenforskaren, kreolguten José og familien hans. Hun blir også kjent med bitte små insekt, firfirsler, høner, geiter og sjøhestar, oppsummerer Nilsson som tidlegare har arbeida med litteraturformidling og gått på forfatterutdanninga i barne- og ungdomslitteratur ved Linnéuniversitetet i Kalmar.

– Dette er ei bok som viser korleis liva våre heng saman på same måte som naturen. Vi er avhengig av kvarandre slik dei ulike fikentreartane er avhengige av kvarandre, av passatvinden og av insekta, legg ho til, og fortel at vegen fram til utgjeving har vore «lang og humpete»: – Da eg var sju ønska eg å bli forfattar, men det var først for nokre år sidan da eg gjekk på skrivekurs at eg begynte å skrive meir dedikert. Eg visste jo ikkje om eg kunne skrive langt, berre at eg hadde lyst til å skrive.

11_eli-hovdenak_Foto_Geir-Vestad
Foto: Geir Vestad

Eli Hovdenak, Øya

Med bildeboka Øya tek Eli Hovdenak steget frå bildekunstnar og illustratør til tekstprodusent, og debuterer med eit verk forlaget karakteriserer som historia om «to søte og rufsete fugler av litt usikker opprinnelse, med store nebb og caps».

Hovdenak utdjupar: – Bertil og Bettina skal ut på fisketur i kanoen sin, men dei får ikkje fisk. Dei finn derimot ei bru, eit flyterusk og til slutt ei hyggeleg øy. Lesaren ser at brua er snabelen på ein sjøelefant, at flyterusket har auge som kikkar på dei to, og at den hyggelege øya har eit tannrikt gap.

Slik Liv Marit Weberg med Jeg blir heldgivis ikke lagt merke til ønska å skrive fram ei forståing av røyndommen gjennom eg-personen sitt blikk, er Eli Hovdenak opptatt av korleis Bertil og Bettina ser verda: – Eg synest det er morosamt at vi som lever i same røyndom, opplever og ser heilt forskjellige ting. For eigen del synes eg det er mykje lettare å sjå små ting som rører seg fort; fuglar og mus og sånt, enn for eksempel ein buss eller ein spekkhoggar som nærmar seg veldig sakte. Det kunne eg heilt sikkert ha oversett.

11_Hovdenak– Du har tidlegare bl.a. illustrert Margrethe Munte. Korleis var det å skrive tekst sjølv?

– Eg tenkte at eg sikkert kunne skrive like bra eller bedre tekst enn Margrethe Munthe. Noko som passa til den bildeverda eg allereie har som bildekunstnar. Det var ikkje lett. Eg har jo klart meg med mykje bilde og få ord i mange år. Kva kunne teksten seie som bilda ikkje fekk sagt? Heldigvis er dialog veldig moro. Eg likar godt samtalar. Vi snakkar om vårt og trur vi forstår kvarandre, men tolkar jo alt ut frå vår eiga avgrensa erfaring.


12_siri thueSiri Thue,
En ørkenhistorie

Siri Thue (f. 1972) debuterte med diktsamlinga Alt annet er uvesentlig for en tiger i 2011, og er no klar med si første barnebok: En ørkenhistorie (Cappelen Damm).

En ørkenhistorie handlar om brørne Pedro og Victor. Ein dag fell eit papirfly ned frå himmelen. Det er ein invitasjon til ein sandslottkonkurranse. Den som vinn vil få førstepremien tilsendt i posten. Gutane bestemmer seg for å delta i konkurransen, og saman med ørkenreven Pep og flamingoen Mingo går dei i gang med planlegging og bygging. Alle fire arbeider lenge og iherdig, og dei er innstilt på at denne konkurransen skal dei vinne!

12_thueThue avslører at alt ikkje går vegen for hovudpersonane, og at boka «handlar om å sjå moglegheiter når utfordringar og uforutsette hendingar oppstår».

– Universet i En ørkenhistorie har eg henta frå Atacama-ørkenen i Chile. Eg har sjølv besøkt Atacama, og det vart ei reise med sterke naturopplevingar. Eg vart berørt av ørkenlandskapet, flamingoflokkar, saltsjøar, varme kjelder og ørkenblomstring i sanden.

13_withWenche With, Monsterkokkene lager hai-te

Har du lengta etter ei bok om å koke suppe på di eiga frykt? I så fall serverer manusforfattar Wenche With (f. 1975) deg teksten du har savna. With, som ni til fire jobbar med å pusse dialogane til Hotel Cæsar, har nemleg skrive om å leike seg ut av frykta.

Unknown– Bakgrunnen for boka er at sambuaren min alltid har tatt frykta til ungane for troll og skumle monster på alvor.  I staden for å fortelje ungane at monster ikkje fins, som jo kanskje er den «vaksne» måten å angripe dette på, har han tatt dei på ordet og saman har dei dratt på monsterjakt når skumlingane har meldt sin ankomst på kveldstid. Har dei vore redde for tjuvar, har vi satt opp ei felle for tjuvar. Har det vore troll, har vi fanga det, kasta det i bakken, hogd det i bitar, kokt suppe på det og spist det med skjei på sengekanten. Monsterkokkene lager hai-te handlar med andre ord om å koke suppe på si eiga frykt, eller te da, i dette tilfellet. Ein leiker seg ut av frykten eller marerittet, og dikter ein god slutt.

I boka er det ein hai som er problemet. With forklarar at Monsterkokkene lager hai-te går inn i problemstillinga på barna sine premiss.

– Boka seier: «Jeg ser også den haien som gjemmer seg der borte i hjørnet. Men den kan bare glemme å spise oss, for vi skal nemlig spise den først. Så nå fanger vi den dottehaien som tror den er så skummel, og lager oss litt deilig hai-te.»

– Monsterkokkene lager hai-te er illustrert av Jens Kristensen. Kan du fortelje litt om samarbeidet med illustratøren?

– Eg er veldig svak for blandinga av det litt groteske, men likevel varme i Jens sitt uttrykk. Ungar likar ofte ting som er litt skumle og som er litt på kanten av deira eigen fantasi, så når du skal lage ei bok om ungar som trekker te på ein hai, kjem dei mørke og underfundige illustrasjonane unekteleg ganske godt med. Humor bidreg til å ufarleggjere det skumle, og Jens sine illustrasjonar har både humor og grusomt skumle haiar med skarpe tenner.

Låg status

Dei fleste debutantane har også klare meiningar om statusen til feltet dei har kome inn på. På spørsmål om dei føler at barne- og ungdomsbøkene har lågare status enn vaksenlitteraturen svarar dei fleste «ja». Kaia Linnea Dahle Nyhus meiner «mange nok ser på barnebøker som mindre kunstnarisk, og som bruksbøker», medan Lise F. Grimnes kan fortelje at ho etter å ha jobba med å formidle litteratur til barn og unge i over ti år, veit at mange ser på kunst for barn «som ei nødvendig kilde til inntekt eller ein veg til det dei eigentleg vil halde på med, altså å produsere kunst og kultur for vaksne.»

– Men for meg er det motsatt, legg ho til. – Eg har primært lyst til å lage kunst og kultur for barn og unge. Dei er ofte morosamare å jobbe med og vere saman med enn trøtte vaksne som ikkje byr på seg sjølv.

Synnøve Borge har erfart at spesielt sakprosa for barn og ungdom har låg status, ja, rett og slett er å finne på botn av rangstigen: – Under prosa for barn og ungdom.

– Eg blir litt oppgitt over den manglande forståinga for kor viktig barnelitteratur er, legg ho til. – Som når eit portrettintervju med Erlend Loe på NRK vert avslutta med ein oversikt over bøkene han har skrive, utan å vise fram barnebøkene …

– Teksten er graset illustratøren beiter på

Eli Hovdenak nemner Facebook-utfordringa der ein blir oppfordra til å liste opp dei ti bøkene som har gjort mest inntrykk: – Da trur eg mange tenker på bøker dei las som unge eller som barn, for eksempel eventyr og bildebøker og serier av ymse slag. Men Fem på Kirrinøya havna ikkje på lista mi likevel. Det vart Hamsun og slikt … Barnelitteraturen har stor og langvarig påverkningskraft, men statusen er beskjeden. Ikkje er det mykje pengar i det heller. Det har jo også med status å gjere.

– Kva med statusen til illustratøren v.s. forfattaren?

– Det er nok høgare kompetanse på tekst enn på bilete hos journalistar og i media generelt. Og i bokbransjen. Så teksten får ofte meir merksemd fordi fleire har kompetanse på tekst, gjerne mykje tekst, og gjerne for vaksne. Men vi har høgt nivå på illustratørane her i landet, så eg er usikker på om ikkje illustratørane sin status er oppunder forfattaren sin hattebrem nå om dagen. Om den snasne boka Bukkene Bruse i badeland, tenkte eg først at her er jo bilda 85 % av greia. Snakk om å vekse forfattaren over hovudet. Men så hørte eg boka som hørespel, og da var bilda erstatta med lydkulisser. Teksten flaut utover til minst 87 % av heilheita. I gode bildebøker veks både tekst og bilde. Ein kan også sjå det slik at teksten er graset illustratøren beiter på. Tjukt av næring i kvar setning. Kanskje forfattaren framleis vert rekna som åndsarbeidar og illustratøren som handverkar?

– Klasseskillet har blitt mindre

Eit par av debutantane svarar likevel ja med atterhald: Statusen er framleis låg, meiner dei, men mykje positivt har skjedd dei siste åra. Liv Marit Weberg peiker til dømes på at sjølv om ungdomslitteraturen får mindre spalteplass i avisene, har bøkene og forfattarane fått mange gode hjelparar i bibliotekarar og bokbloggarar.

Anne Audhild Solberg meiner klasseskillet har blitt mindre: – Men, ja, eg opplever likevel at barne- og ungdomslitteraturen generelt har lågare status enn vaksenlitteraturen. Den får mindre plass i media, og ein barnebokforfattar blir knapt rekna som ein «ordentleg» forfattar. Barnebøker er ofte kortare og enklare oppbygd enn vaksenbøkene, men det treng ikkje bety at dei er lettare å skrive. Dei beste barnebøkene tar opp kompleks tematikk på ein tilsynelatande enkel måte, og kan forme deg for livet – slik Astrid Lindgrens bøker er eksempel på. Det bør vere kvalitet som avgjer om ei bok fortener merksemd i media og bokhandlane. Men vi veit jo at det ikkje alltid er slik det fungerer, verken for barne- eller vaksenbøkene.

Wenche With snur status-spørsmålet på hovudet, og får her avslutte med å minne oss om kven dei tretten debutantane trass alt har skrive bøkene sine for.

Spør heller om kvifor vaksenlittereraturen har så lav status blant ungar? Fordi dei ikkje er i målgruppa. Eg skriv for ungar, og ungar bryr seg fint lite om vaksenlitteratur, men barnelitteratur har derimot ei høg stjerne. Ungar les heller ikkje kritikkar, og er langt meir sjølvstendige, ærlege, uhøflege og brutale i vurderinga av bøker enn kva vaksne kan vere. Om ungar ikkje liker ei bok reiser dei seg midt i ei setning og går og leiker med lego eller noko anna gøysig. Eller som min minste sønn av og til seier når eg les ei bok for han på sengekanten som ikkje heilt fell i smak: «Kan vi vere ferdige nå?» Ungar må vere det beste og mest krevande publikumet du få.

Alle bilda er henta på forlagas sider. 

Atle Berge