Carla, min Carla
Boktittel: Carla, min Carla
Forfatter: Ingeborg Arvola
Forlag: Cappelen Damm
Årstall: 2012
Antall sider: 220
NYDELEG HESTEBOK Dette er ei hestebok i beste hestebokstil med eit klassisk hestebokplott. Plottet er
NYDELEG HESTEBOK
Dette er ei hestebok i beste hestebokstil med eit klassisk hestebokplott. Plottet er som venta, og konfliktane dei same som i alle rideskulebøker. Det som kvalifiserer boka til nydeleg, er dei rørande realistiske skildringane av unghesten Carla, og Inghill sin relasjon til henne.
Draumen er sjølvsagt eigen hest
Inghill er elleve år og går på rideskulen ein gong i veka. Resten av tida tenker ho på hestar, leikar hest og drøymer om hestar. Ho er enda ikkje gamal nok til og vere med i stallgjengen med dei eldre hestejentene. Jentene i stallgjengen har fylt tolv år, er overlegne og får stelle kvar sin rideskulehest. Av og til ler dei av Inghill som trur ho er så flink til å ri, men Inghill er flink, og hennar største draum er eigen ponni.
Heste- og ponniboksjangeren
Underteikna sine favoritthestebøker var Sølvhingsten av australske Elyne Mitchell. Til skilnad frå tradisjonelle heste- og ponnibøker lever sølvhestane ville i den australske audemarka i stadig flukt frå menneske, men som alle hestebokseriar fenger bøkene med sine sterke skildringar av vakre hestar og ei djup innsikt i dyret. Du må lese neste bok.
Black Beauty av Anna Sewell blei gitt ut i 1877 og vert rekna som forgjengaren til heste- og ponnibøker for barn. Ponnibøkene kom for fullt på markedet på 1920-talet då stadig fleire barn hadde eigen ponni, og vart etterkvart ein eigen sjanger innanfor barnelitteraturen. Bøkene handlar om barn, tenåringar, ponniar og hestar, og om korleis ungar og ungdomar lærer seg å handtere hestar på rideskule.
Ein viktig milepæl i sjangeren er The Black Stallion-serien av amerikanske Walter Farley som handlar om ein ung gut og den svarte hingsten hans. Den første boka vart publisert i 1941, og serien vart ein stor suksess i USA, etterkvart også filmatisert. Felles for mange heste- og ponnibøker er at dei inngår i lange seriar, ofte på over ti bøker. Alle hestebøker har det til felles at dei ønsker å lære lesaren noko om å handtere dyr pent, og at dyr har eigenverdi og følelsar. Det er haldningsmetta bøker som teiknar vakre portrett av hesten i samspel med menneske.
Same plott som i Klara- og Sigge-bøkene
Plottet i Carla, min Carla er som henta ut av serien om hestegale Klara av svenske Pia Hagmar. Klara flyttar til Bringebærdalen med mora, og startar på rideskulen der dei eldre jentene sjefar og veit best. Det er berre dei eldste som får stelle eigen rideskulehest, men til slutt får Klara eigen ponni, nett som Inghill, og bestevenninna blir så misunneleg at ho blir uven med Klara. Misunnelse er det mykje av i hestemiljøet.
Omtrent same plott gjentek seg også, med små variasjonar, i den svenske serien om Sigge av Lin Hallberg. Begge seriane er omsett til norsk. Sigge er ein liten rideskuleponni som Elina elskar over alt i verda. Men heller ikkje Elina er gamal nok til å ha eigen stellehest når serien startar, og ho må kjempe ein konstant kamp mot dei eldre hestejentene som meiner Elina er lita og pysete. Dessutan må ho dele Sigge med ei anna jente. Det blir mykje tårer og frustrasjon. Hest er trass alt det beste Elina veit.
Autentisk bymiljø
Ingeborg Arvola debuterte i 1999 med romanen Korallhuset, og har seinare gitt ut både barnebøker, romanar, noveller og skodespel. Ho er oppvaksen i Tromsø der forfattaren også har lagt handlinga i Carla, min Carla. Arvola nyttar gatenamn og skildringar frå byen som underteikna antar er i tråd med kartet. Det er artig at ho i så stor grad plasserer handlinga i eit verkeleg bymiljø. Dette blir verken gjort i Klara- eller Sigge-bøkene der miljøet er fiktivt.
Hardt hierarki på rideskulen
Ein gjengangar i hestebøkene er at handlinga er lagt til ein rideskule. Det strenge hierarkiet mellom hestejentene i stallen bidreg til stadige konfliktar. Hovudpersonen blir latterleggjort eller lei seg, men der Elina og Klara kan vere redde og tilbakehaldne småjenter som tørr likevel, er Inghill tvers gjennom tøff og pågåande. Elina kan sette seg til å gråte i stallen, medan Inghill står på sitt og køyrer rått løp.
Inghill har på mange måtar temperamentet og pågangsmotet til journalisten Engel Winge i Ingelin Røsslands ungdsomsbokserie, og Carla, min Carla held også litt av den høge farten og intensiteten som Røsslands bøker. Dette gjer at boka skil seg ganske sterkt, reint stilmessig, frå Klara- og Sigge-bøkene som held eit langt meir bedageleg tempo med færre konfliktlinjer og mindre komplekst persongalleri. Både Klara- og Sigge-bøkene er ganske enkle feel good-bøker, og det er difor vi liker dei.
Det er ein kamp å få ponni
Både i bøkene om Inghill, Klara og Elina spelar foreldra og familielivet ei stor rolle. Foreldra har klare syn på hestar. Far til Elina er lei av at Elina alltid snakkar om hestar. Det er også far til Inghill. Pengar er alltid eit problem, hest er dyrt, men dei ordnar det på eit vis likevel. Klara har hesten heime på garden, Inghill sine foreldre sel hytta. Det er ein kamp å skaffe seg ein hest. Ein kjempar for det meste mot foreldre og eldre hestejenter. Hestane kan også vere ei utfordring. Sigge vil ikkje gå dit Elina vil, Klara ramlar av Star og Carla spring ut med Inghill og krasjar nesten i ein buss. Alle jentene går gjennom periodar der dei er redde for å ri sin eigen favoritthest.
Autentiske samtidsskildringar
Hestebøkene har samtidsskildringar av foreldre med moderne haldningar. Dei skil seg, giftar seg på nytt, stikk av på ferie og er tilhengarar av økologisk mat eller fred og rettferd i verda. Det er av ulike typar familiar med hovedhandling i hestemiljøet, men først og fremst er det hestejentebøker og lette pageturners med ein sympatisk underhaldningsverdi. Du veit cirka kva som skjer, du kjenner til konfliktane som vil kome, og du veit det vil ende bra til slutt. Plottet er såpass klassisk, og slik er også livet som hestejente. Historia er realistisk og tett på røynda. Difor kjem også hestebøkene i stadig nye opplag. Dei angår oss, rett og slett.
Hestebok med ekstra trøkk
Carla, min Carla går unna i ein fykande fei. Parallellhistorier om mobbing, og om å stå opp for seg sjølv, gir autentisitet og fleire dimensjonar til Inghill og miljøet utanfor rideskulen. Arvola har skapt ei ny hestebok. Plottet er det same gamle, men trøkket er nytt. Carla, min Carla er ei bok for tøffe hestejenter.