Coucheron, Olaf og Alf Prøysen: Mitt Skattkammer
Mitt skattkammer
Coucheron, Olaf og Alf Prøysen (forf. og red.)
Barnelitterært verk
Oversettelser og gjendiktninger ved Alf Prøysen og Olaf Coucheron og andre
10 bind, illustrert
Teknisk forlag, 1956.
Marianne Havdal, forfattar og vinnar av Kritikerprisenfor beste barne- og ungdomsbok 2005
Teknisk forlag
1956
Askepott og andre gode bøker Av Marianne Havdal, forfattar og vinnar av Kritikerprisen for beste
Askepott og andre gode bøker
Av Marianne Havdal, forfattar og vinnar av Kritikerprisen for beste barne- og ungdomsbok 2005
Nokre bøker blir lesne så mange gonger at dei rett og slett blir borte. Dei blir opp-etne! Først forsvinn bildet på framsida, så blir hjørna butte og avrunda , papirmaterialet i permen løyser seg opp og blir flisete og lagdelt og sjølve formatet mindre og mindre. Boka forsvinn bokstaveleg tala, men bokstavane inne i boka har forflytta seg frå boksidene til lesaren sitt minne og hjarte!
Dei bøkene som blei borte på slik hungrande måte i min barndom, var dei to første bøkene i Mittt Skattkammer,og ei spesiell utgåve av Askepott.
Mitt Skattkammer kom inn i huset etter at eg var blitt stor, men eg fann ein måte å forsvare mi intense lyst til å lese rim og regler. Eg las dei for brørne mine! Eg las dei så mange gonger at både dei og eg kan dei utanboks.
- «Harald og Hans var ganske små, sammen de lekte og sammen de lå.
- Så var det en kveld de kom trette fra enga, at Hansemann la seg midt i senga.
- Hans, er du gal, ropte hans mor.- Hvor skal det nå bli plass til din bror?
- Svaret skal minnes til alle tider. «Det er jo plass på begge sider»
Kven som åt Askepott, veit eg ikkje. Men borte er ho, den utgåva av eventyret vi hadde heime. Ho var den grønaste boka eg hadde sett. Og det var ei kikk- inni-bok. Du kunne spile ho ut som eit trekkspel og knyte ho saman i ryggen ved hjelp av to grøne band som var limt fast i omslaget. Og mellom arka var dei vedunderlegaste rom, ja, sjølvsagt var ballsalen på slottet finast, men sjølv kjøkenet til Askepott var spennande, sjølv om stesøstrene var slemme. Det var så innhaldsrikt, med grue og kjøkenutstyr, bord og hyller. Men best av alt hugsar eg vogna som Askepott køyrde i til slottet, trekt av kvite mus og den skinande skoen hennar som ho sprang av seg i slottstrappa da klokka slo tolv.
Eg hugsar ikkje nøyaktig kor sjølve teksten stod, men eg trur det var eit felt nedst på kvart ark.
- «Peiemestr Fettersen pipp ned fra data
- så sym det en kokebil og syrte til kjøkehuset
- der brev han et skrev og fristet på klimerke
- og konte det til sendta si!»
Takk til Norsk barnebokinstitutt for avbildningen av forsiden. Boka fins i instituttets samling.