Tittel: Hippie
Tekst: Arne Ruset
Forlag: Det norske samlaget
Årstall: 2002
Antall sider: 207

Då far var ung…

Arne Ruset har skrive fleire diktsamlingar sidan debuten i 1972, i tillegg til barnebøker og ei novellesamling. Han jobbar i dag som overlege i psykiatri og er busett i Molde. I 1987 fekk han Kritikarprisen for barneboka Aldri åleine, ei forteljing om guten Rulle, einaste barn på garden Glivre, høgt over fjorden ein plass på Vestlandet. Det er den same Rulle han no lét lesaren møte igjen, meir enn 15 år etter at han skreiv første boka.

Hippie er historia om korleis det gjekk vidare med Rulle, då han omsider kom ut i den store verda. Først går han på realskule, Skogen Interkommunale Realskule, sidan vert det Voll Landsgymnas. Mogningsår for guten frå Glivre. Han møter den nye tida, det er sex og drugs og rock’n’roll. Nei, ikkje så mykje drugs, han held seg unna slik etter ein prøvesmak på Voll. Men øl og heimebrygg er det rikeleg med, seinare står både vin og brennevin på programmet. Og sex: Han Rulle oppdagar sjølvsagt kvinnekroppen! Forelskinga, famlinga og hjartebanken, og den plagsame vetlekaren som girar seg opp så guten vert både raud og brydd. Men kjekke jenter viser veg i det nye og ukjende, og på gymnaset vert det fast følgje med banksjefdottera Signe. Og så er det musikken, den er det berande elementet i forteljinga. Det er heile ti-på-topp-lista frå åra 1965-1969 omtrent, mest brit-pop’en frå den tida, med Beatles, Stones, Small Faces, Kinks, Troggs , Who og heile pakka. Litt frå andre sidan av dammen også, Dylan og Beach Boys, og sjølvsagt Hep Stars frå nabolandet i øst. Det er musikk på kassettspelaren gjennom heile boka – kvart kapittel har tittel frå ein gamal hit. Fleire av klassekameratane spelar i band, men Rulle eig ikkje evner i den retninga, det får bli poesien med han. Han kler seg i dåtidas hippie-bunad, let håret vekse og får seg runde briller, vert litt poetisk-mystisk for å få drag på jentene. Med andre ord, han lever bra opp til tittelen på boka.

Men det er ei bok det ikkje skjer så mykje i. Rulle får seg kameratar, Rulle går på fest, Rulle høyrer på musikk og Rulle tenkjer på damene. Skulen høyrer vi ikkje så mykje om, endå han klarer seg bra der, og eit par gongar er litt nervøs før eksamen. Heime er han berre i feriane og knapt nok då. Eit monotont liv som skuleungdomar flest vil kjenne seg att i, åra går som ein røyk og etter artiumen har Rulle fått seg sumarjobb på ein pølsefabrikk. Men då er han klar til å erobre verda med nyskriven poesi!

Det er ikkje så mykje så bryt mønstret i denne forteljinga, og i lengda kan ho virke ordinær og heller keisam. For kor interessant er det eigentleg å høyre korleis det var då far var ung og gjekk på skulen og høyrde på musikk og festa i helgene og forelska seg? Livet som ein pop-song? Jo, jo, men pop-songar skal vere frykteleg gode om dei skal ha hit-potensiale, og i mine øyre er denne songen litt for ordinær, litt for velprøvd. Men innimellom er der glimt av ljos. Det er i dei partia då Rulle tek seg tid til å filosofere, til dømes om julehøgtida eller meininga med livet då kameraten frå barndommens Glivre, Martin, brått døyr i ei motorsykkelulykke. Eller når Rulle er i lag med den sinnssjuke Bispen, onkelen til Signe, som vasar rundt i Voll sentrum og ser konspirasjonar alle vegar. Slike innslag, som det kunne vore fleire av, har meir gnist i seg og gjev meir å bite i enn dei mange episodane frå festlivet. Og sjølvsagt må nemnast brotet med Signe. Det er skriven med ei kjensle og innleving som kjennest rett, og som fint styrar utanom det patetiske og klisjéfylde.

Ein ting skal Arne Ruset ha, han skriv eit rikt og godt nynorsk. Språkleg mangfald, tett og fin setningsbygnad, gode replikkar og eit jamt og fint driv over forteljinga gjer ho lett å lese. På mange måtar ei kjekk forteljing om ein kjekk gut som ein gong for tretti år sidan om lag gjorde akkurat passe motstand mot samfunnet i val av klede og politiske meiningar og som elles var som skuleungdommar flest. Men og ei forteljing som manglar dette ekstra, den indre spenninga som grip lesaren og gjer boka eit lyft. Det er ein tekst som ikkje sett merke etter seg på same måte som forgjengaren Aldri åleine.



Skrevet av:
Ingen kommentarer.

Legg igjen en kommentar

Legg inn din meaning her. Vær hyggelig. Din e-post vil holdt anonym.