Dahl, Roald: Dustene

Dahl, Roald: Dustene

Dustene

Roald Dahl

Quentin Blake (illustrasjoner)
Originaltittel The Twits [1980]
77 sider
Gyldendal 1991

Agnes Ravatn, forfatter

Gyldendal

1991

DESTRUKTIVT EKTEPAR Av forfatter Agnes Ravatn Herr og fru Dust er nok litteraturhistorias verste ektepar.

DESTRUKTIVT EKTEPAR

Av forfatter Agnes Ravatn

Herr og fru Dust er nok litteraturhistorias verste ektepar. Dei er eit sadistisk ektepar som lever av å fange og ete fuglar, og dei har lite og ingenting i ei barnebok å gjere. Og Dustene er definitivt heller ikkje av Roald Dahls beste bøker. Kor og korleis herr og fru Dust fann kvarandre er og forblir ei gåte, men dei passar perfekt saman. Som alle etter kvart veit er uttrykket «motsetnader tiltrekker kvarandre» berre sprøyt. All forsking viser, ikkje overraskande, at likskap er det viktigaste av alt for at eit ekteskap skal fungere. Og herr og fru Dust deler både humor og utsjånad. Heile dagen går dei rundt kvar for seg og pønsker ut motbydelege peik. Dei lever fullstendig fordervelege liv, og den einaste gleda dei har er å skade kvarandre.

Men forteljinga om herr og fru Dust er på mange måtar ei ganske gripande forteljing. Kvifor må dei heile tida vere så vonde mot kvarande? Alt dei har er jo kvarandre. Når herr Dust sender fru Dust opp mot månen ved hjelp av ei stor mengd heliumsballongar, trur ein ikkje heilt på at det var dette han verkeleg ønska. Jubelen hans verkar litt forsert. Og det var nok ikkje dette Roald Dahl ønska heller, så han lar fru Dust ta seg ned til jorda att ved å bite over trådane.

Eg vil nok ikkje gå så langt som å kåre herr og fru Dust til det 20. hundreårets kjærleikspar, men dei kjem høgt opp på lista over det 20. hundreårets mest destruktive ektepar, i tett konkurranse med mellom andre Marta og George i Who’s Afraid of Virginia Woolf. Herr og fru Dusts vanlagnad mot slutten av boka skal eg ikkje gå inn på i detalj her, men dei møter døden ilag, livredde, forvirra, og heilt åleine i verda. Og i følgje forteljaren var det ingen som var spesielt leie seg for dette. Bortsett frå meg.

Agnes Ravatn