Deberitz, Jan: I morgentåkedalen

Deberitz, Jan: I morgentåkedalen

I morgentåkedalen

Jan Deberitz

Illustrasjon: Ronald Jakobsen
Fabrituius 1981
Ny utgave: CappelenDamm 2007

Lars Petter Sveen, forfatter

MARERITT Av forfatter Lars Petter Sveen Eg var lenge plaga av valdsamme mareritt. Eit stort

MARERITT

Av forfatter Lars Petter Sveen

Eg var lenge plaga av valdsamme mareritt. Eit stort vesen jaga meg omkring, kvar enn eg var. Det var vanskeleg å sette ord på det heile. Det er framleis vanskeleg å sette ord på det. Ein gong vart eg så redd at eg hoppa ut av mi eiga seng og gøymte meg under mor si. Ein annan gong vakna eg med eit skrik, sittande oppreist i senga, og med store forklaringsproblem ovanfor kjæresten min.

I det siste heldt skapningen seg mest i utkantane, i dei mørke skuggane mellom loftsbodene, mellom trea i parken på veg heim ein sein kveld.

Det var først då eg sjølv fekk eit barn, at eg fann ut kva dette skrekkelege vesenet i draumane min var. Eg hadde vore på biblioteket og lånt med meg ein haug med bøker heim. I sofaen saman med sonen min opna eg ein av dei, I morgentåkedalen av Jan Deberitz og Ronald Jakobsen. Og eg fekk eit valdsamt sjokk. Der var vesenet, skapningen som har plaga med sidan eg var liten.

Monsteret heiter Grumleren og det jagar mosetussen Morkel. Over myrane i morgentåkedalen, gjennom Dypeskogen.

«Natten blir full av underlige lyder. Det knaser og knaker, det puster og peser. Kvister knekker, jorden skjelver – og så dukker et digert uhyre opp mellom trærne. Det er GRUMLEREN – den farligste i hele Morgentåkedalen.»

Ein dag i haust gjekk eg tur med sonen min i Oslomarka. Da spurte han meg om vi no gjekk i Grumlerskogen. Eg såg ned på han, sa nei, det gjer vi ikkje, det er trygt her. Han stoppa opp, klemte handa mi, og sa: Jeg er grumlerungen, jeg, han er snill, grumlerungen. Omkring oss alle trea. Eg sa: Ja, eg er grumlerpappaen, han er også snill.

Vi takker Norsk barnebokinstitutt for avbildingen av omslaget. Boka fins i deres samling.

Lars Petter Sveen