Den nye normalen

Den nye normalen

Boktittel: Tarjei, 13 år

Forfatter: Anja Dahle Øverbye

Illustratør: Anja Dahle Øverbye

Forlag: Samlaget

Årstall: 2023

Antall sider: 128

Sjanger: Tegneserieroman

Anja Dahle Øverbye har laga ei vakker historie om skilsmisse og ung forelsking.

Foreldra til Tarjei er nyskilde. Dermed må han og veslebroren veksle mellom å bu hos faren, og hos mora og den nye kjærasten hennar, Leif. Mange små ting er annleis for Tarjei. Ikkje minst denne Leif som no har komme ubeden inn i livet hans. Det gjer kvardagen utfordrande. Heldigvis har han den gryande forelskinga i Aisha i klassen å bruke energien sin på.

I løpet av nokre veker blir vi kjende med Tarjei gjennom ei rekkje små scener: Hos mora og Leif, hos faren, med venner og på skulen. Det er lett, tydeleg og godt fortalt, og det er lett å ha medkjensle for Tarjeis veksande raseri og ønske om at alt berre skal gå tilbake til slik det var før.

Bilde av Tarjei som gret og seier at mor "berre bryr seg om Leif".

Tarjei er ein gjennomsnittleg og normal hovudperson. Han er ikkje spesielt tjukk eller spinkel. Han blir ikkje mobba. Han utmerker seg verken positivt eller negativt i skuletimane. Han har ikkje eit rikt indre liv, eller ein heilsprø bestevenn. Han har litt normalt agg mot den føyelege veslebroren («han er fornøgd med alt, han»), men det er det nye livet som tærer mest på Tarjei, og som fører til eskalerande utbrot gjennom boka («Eg dreg til pappa og kjem aldri tilbake!»). Tarjei er framfor alt ein heilt vanleg 13-åring. I alle fall slik Anja Dahle Øverbye ser han føre seg.

Geitastir

Anja Dahle Øverbye har ein stil som er svært gjenkjenneleg, og som har gått gjennom få endringar sidan Hundedagar i 2015. Sidene er i svart-kvitt, ansikta er store og opne, omrissa er tynne, og djupna blir skapt av skraveringar og utsmussa gråtonar.

Øverbyes sider er med andre ord lette å kjenne igjen, sjølv på lang avstand. Men ho har også blitt ein dyktigare teiknar, bok for bok. Og i Tarjei, 13 år er spesielt detaljane frå skogen og trea stemningsskapande og i ein eigen klasse (ei skogsscene utan karakterar er då også bokas einaste fargeoppslag).

Illustrasjon frå boka der Tarjei ser forelska på Aisha og seier: "Hei, Aisha". Ho svarer "Hei".

Rutene følgjer karakterane på ein naturleg måte, men nokre gonger er det likevel som om blikket i rutene søkjer etter noko anna – ei midje, ei hand som held eit glas vatn – «geitastir» som dei kallar det på Vestlandet. Det bidrar til ein visuell variasjon på sidene, men nokre gonger lurer eg også på om det er den einaste grunnen til at rutene viser nettopp desse detaljane.

Kanskje den største forskjellen mellom Tarjei, 13 år og dei førre bøkene er at det no er jamne, kvite rammer mellom rutene heller enn at dei ligg tett inntil kvarandre. Mens Bergen (Jippi, 2019) var mørk og tung i uttrykket – passande for ei bok om depresjon – er Tarjei, 13 år lysare og lettare. Det er framleis sterke kjensler som blir formidla, men alle problem kjennest enklare å løyse i boka om Tarjei. Den vender seg då også til ei yngre målgruppe.

80-talet anno 2023

Eg reknar med at historia utspeler seg i notida, men det einaste eg har å lene meg på er at Tarjei har ein mobiltelefon som han finn fram og scroller på når han vil ut av augneblinken. Som lesarar veit vi aldri heilt kva han eigentleg ser på der.

Illustrasjon frå boka der Sindre seier til Tarjei at Aisha og Linn er med på epleslang.

Elles er det mykje i teikneserien som minner om min eigen oppvekst på 1980-talet (Øverbye og eg høyrer til same generasjon): ouija-brett, trening, kjellarstover, trehytter, epleslang, samlingar i skulegarden, Donald-lesing. Eg tar meg i å tenkje «finst det framleis tenåringar som lever på denne måten?» Det ville ikkje overraska meg om nokon i boka leigde ein moviebox for å ha Politiskolen-maraton.

Andre aspekt ved boka er meir tidlause. Som måten Tarjeis bestevenn kjenner seg sviken på, og tar hemn ved å prøve å forpurre forholdet mellom Tarjei og Aisha. Søskenkjeklinga. Morskjærleiken. Stolne blikk.

Prinsippa ryk

Som kritikar liker eg ikkje å blande meg inn på området til litteraturformidlaren. Det er ikkje opp til meg å seie om boka passar best til åtte- eller fjortenåringar, eller kva som er eigna tema for ei gitt aldersgruppe. Som med dei fleste av prinsippa mine går det sånn omtrent halvvegs å halde meg til dette.

Eg liker boka. Eg synest til og med ho er vakker. Men eg tar meg sjølv i å lure på om forma vil appellere til trettenåringane som ikkje nødvendigvis går på epleslang og som let seg fascinere av at Langbein heiter Fedtmule på dansk.

Walter Wehus

Født 1980. Redaktør for Empirix.no, et tidsskrift for tegneseriekritikk. BA i kunsthistorie fra Universitetet i Bergen. Har to barn og to katter, hvorav et mindretall fortsatt setter pris på høytlesning.