Den såre stamminga
Boktittel: Eg er V-Vida
Forfatter: Tone E. Solheim
Forlag: Samlaget
Årstall: 2024
Antall sider: 221
Sjanger: Ungdomsroman
I sin andre ungdomsroman skildrar Tone E. Solheim stamming med stor litterær kraft.
I ein artikkel i Periskop går Ingeborg S. Landfald gjennom det ho meiner er ein liten revolusjon i barne- og ungdomslitteraturen. Revolusjonen handlar om at karakterar med funksjonsvariasjonar ikkje berre opptrer som sidekarakterar, men er komplekse hovudkarakterar. Trettenårige Vida i Eg er V-Vida stammar, og Tone E. Solheim skriv ho med det inn i ei slik orientering.
Å ville vere usynleg
Det komplekse ved karakterskildringa er kopla til identitetsarbeidet Vida utfører i romanen. Men arbeidet er nært knytt til språket og til det som talevanskane gjer umogleg:
«V-vida, seier eg prøvande. «V… V-v…»
Stemma mi er eit ospelauv. Skjelvande, skjør.
Heilt hundre prosent ubrukeleg.
Forstår godt at dei andre i klassen ikkje likar meg. Eg likar ikkje meg sjølv, eg heller.
Starten på romanen teiknar eit ganske dystert bilete av livssituasjonen. Bestevenninna Siri er flytta frå bygda, på skulen vert Vida mobba, mora er ofte fråverande, og det er ikkje annan familie i biletet.
Det kan gå dagar utan at Vida seier noko. Ho har ei sone som ho oppsøkjer mykje. Eg veit ikkje om det er ei komfortsone eller om det er ein overlevingsstrategi. Det går i japansk manga, ho ser om igjen gamle tv-seriar, og ho går turar på kjente stiar. Kvardagane går med til å vere og å gjere seg usynleg for ikkje å gi nokon moglegheit til å ta ho for noko. I friminutta på skulen gøymer ho seg derfor ofte bort. Kontaktlæraren er ein alliert, men legg han i for stor grad til rette for at Vida ikkje torer å bryte ut av mønsteret?
Den trassige stemma
Ein handlingstråd i romanen handlar om korleis Vida prøver å stå opp for seg sjølv. Ho insisterer på at ho er «Vida, ikkje V-vida», og når vikarlærarinna ber ho lese høgt, så går det ikkje, men ho gir ikkje opp. Det gjer ho heller ikkje når det skal vere gruppearbeid med munnleg presentasjon. Felles for desse hendingane er at det er læraren og medelevane som ikkje gir ho tida ho treng til å formulere seg, og dei er derfor også ansvarlege for å ta frå ho moglegheita til å meistre den sosiale situasjonen.
Solheim demonstrerer korleis kommunikasjon og samhandling skapar sosiale strukturar som det er mogleg, men ikkje enkelt, å endre. Særleg utfordrande er det når det er manglande stemmekontroll du balar med, og du møter lite substansiell støtte på skulen.
Dagboka, som Vida motvillig skriv på streng oppfordring frå bestevenninna som er flytta, understrekar identitetsarbeidet Vida gjer. I romanen gjer dagboksinnslaga det mogleg for ungdomslesaren å oppleve ei form for direkte tilkomst til Vida sine tankar.
Formuleringar som «Eg er middels høg, middels pen, og middels flink på skulen. Er middels [sic] det aller meste, eigentleg. Middels, middels, middels» viser at det ikkje berre er talevanskane som påverkar sjølvforståinga til Vida – faktisk er ikkje dei eit tema i det heile i presentasjonen ho skriv av seg sjølv her. Når ho prøver å posisjonere seg som ein usynleg gjennomsnittsungdom så er det både ein ønske- og ein maredraum: Ikkje vil ho at nokon skal legge merke til ho, samstundes lengtar ho etter menneskeleg kontakt og sosial tilhøyrsle.
Endring utanfrå?
Trass det vanskelege utgangspunktet, skildrar romanen fleire lyspunkt for Vida. Dei er knytt til Siri, venninna som er flytta vekk, men som ho stadig har kontakt med på telefon, og Viktor, den nye guten i klassen. Begge utmerker seg som stødige og sikre språkbrukarar som også fungerer som sosiale kompass for Vida. Det er ikkje få gode oppmaningar og livsvisdomar dei meldar i retning Vida gjennom romanen.
Det er ikkje alle samtalane med Siri eller Viktor som er truverdige. Der Solheim skriv godt om tydinga språk har for personlege relasjonar og for korleis ein forstår seg sjølv, er dialogane i romanen mindre overtydande. Det heng, trur eg, saman med at forteljarposisjonen er svært tett på Vida og på korleis ho tolkar og forstår omverda. Dialogane er ikkje truverdige fordi Vida tviler på dei. Eit døme på det er når Vida opplever at Viktor blir inkludert i den sosiale varmen i klassen fordi han er så morosam, men kva han gjer eller seier som er så morosamt, er ikkje tydeleg framstilt i romanen.
Gjennom møta med Viktor opplever Vida korleis funksjonsvariasjonar ikkje treng å påverke alle delar av livet. Set romanen fysiske funksjonsvariasjonar opp mot verbale? Ja, på eit vis gjer han det, for Viktor har Cerebral Parese og haltar. Det stoppar han ikkje frå å vere språkleg og fysisk modig. Karakteren hans er ein stereotyp som Landfald refererer til er omtalt som «a saintly invalid» i forskinga.
Ikkje tenk, berre ver, berre flyt
Eg er V-vida er ein god ungdomsroman som utforskar språk og identitet, og den inneheld klassiske element som forelskingar, venskap og misforståingar. Det er noko utprega ungdomslitterært ved den sterke kjensla Solheim skriv fram av å vere middelmåtig, som blir kontrastert ved at andre karakterar blir portrettert som eineståande på ulike vis. Dei sjablongaktige karakterframstillingane og dei overtydelege dialogane inviterer til kritiske lesingar. Kan vi tru heilt på forteljaren?
I avslutninga på romanen er Vida del av den sosiale fellesskapen, mykje grunna Viktor. Det som var problematisk i starten av romanen er derfor løyst, ikkje berre fordi Vida har endra seg, men som følgje av god sosial støtte frå andre.
Kanskje kan vi lese romanen som ei oppfordring til ikkje å overvake seg sjølv for mykje, om å finne ei balanse mellom å tru på seg sjølv, og å tru på andre.