Som ein roper i skogen, får ein svar
Boktittel: Vi roper i skogen
Forfatter: Trude Tjensvold
Illustratør: Trude Tjensvold
Forlag: Samlaget
Årstall: 2023
Antall sider: 41
Sjanger: Sakprosa
I villniset av sakprosabøker for barn som er komme ut dei siste åra, er «Vi roper i skogen» ei lita perle. Men den kunne med fordel kutta siste sida.
Påstand: Sakprosa for barn og unge er inne i ein gullalder. For tredje året på rad er genren ein eigen kategori i Brageprisen. Så godt som alle forlag som gjev ut barnebøker, gjev også ut sakprosa for barn og unge. Og ikkje minst: Bøkene gjer det godt kommersielt.
Skogens uro
Det er ikkje gull alt som glitrar, og det er ikkje alle sakprosabøker som treffer blink. Men treffer blink gjer heldigvis Vi roper i skogen av Trude Tjensvold. I skogen (!) av alle utgjevingane i nemnte genre er denne boka ei lita perle.
Undertittelen fortel at dette er «Ei faktabok om skogens språk». Men det er ikkje heilt sant. I alle fall ikkje om du då ventar ein barnebok-versjon av Peter Wohllebens Trærnes hemmelige liv (Cappelen Damm 2018). Det gjorde nemleg eg. Riktig nok står Wohlleben oppgitt som kjelde bakarst i boka, men Vi roper i skogen handlar om mykje meir enn trær. Faktisk handlar han mest om dyra som bur i skogen, og lydane dei lagar.
Boka startar med eit oppslag frå travelt byliv, der naboar ropar til kvarandre, bilane tutar og krasjar. Kattane mjauar og bikkjene bjeffar. Sidene er dekka av ein sterk rosa farge ein kan tolke som «skrikande». Ikkje rart vi «søkjer skogens ro». Men er det no eigentleg så roleg i skogen?
Fakta som fenger
I eit nytt oppslag syner Tjensvold på ein effektiv måte er at det er det slett ikkje. Sidene er fylt med lydar og skrift som konkurrerer om merksemda: ko-ko ko-ko, kra-kra-kraaa, plask!, kvakk, kvekk-kvekk, piip-piip, kakk, kakk, kakk, brumm, brumm, bzz-zumm-zumm, piiiiiip… Forfattaren maktar å formidle ei kjensle av kakofoni og myldrande dyreliv gjennom lydmalande ord i handskrivne bokstavar i ulike storleikar på kryss og tvers i boka. Det skapar både ein likskap og ein kontrast til bylivet.
Vidare zoomar forfattaren inn på ulike område og dyreliv i skogen. Lesaren får lære korleis dei ulike dyra snakkar saman, og kva dei seier. Tjensvold har vore god til å velje artige fakta og opplysningar. Visste du til dømes at ramnefuglane gjev kvarandre namn? Eller at ekorn kan peike med halen? Eg har lese ei rekkje faktabøker for barn, men kan ikkje hugse å ha lese om nokon av desse fenomena tidlegare. Det tyder på eit godt og grundig forarbeid frå forfattarens side, samt ein teft for fakta som fenger.
Poetiske linjebrot
Målgruppa for boka er tre til seks år, og den eignar seg godt for høgtlesing. Teksten er knapp og effektiv, plassert på ei side per oppslag. Linjebrota følgjer ikkje alltid teiknsettinga, og slik får teksten ein eim av poesi over seg. Lesaren stoppar opp og legg tyngd til orda ho nett har lese: «Dag har blitt natt/ og fuglane søv fredfullt i trea./ Summinga frå insekt har stilna, og / dei andre dyra kviler i mjuke hi.»
Teksten står på eit oppslag med ein blå-svart skog om natta med ein diger, gul måne. På illustrasjonen er det teikna inn eit lite telt i lys tusjpenn. Som om den svarte skogen er for mørk til at vi kan sjå det eigentlege teltet, og forfattaren derfor må hjelpe oss. Eller kanskje er skogen så svart og skremmande om natta at menneske ikkje høyrer heime der. Slike metagrep frå illustratøren vekker undring, og er ein god samtalestartar for barn og vaksne.
Skogens konge losar lesaren
Boka har ein raud tråd i form av ein elg. Han losar lesaren gjennom boka. Det gir jo meining: Elgen er skogens konge. Og i boka er han ein slags allvitande forteljar som skapar ei bru mellom teksten og lesaren. Han veit vi er der, og talar direkte til oss med ekstra opplysningar eller forklaringar. Om teksten fortel: «Visste du at biene snakkar forskjellige/ språk i forskjellige verdsdelar? Dei kan faktisk ikkje forstå kvarandre.» – så stikk elgen hovudet fram og legg til: «Men er biene lenge nok saman, kan dei lære seg kvarandre sitt språk.»
I ei faktabok kan det lett bli mykje, ja… fakta. Då er slike skift i modus og forteljarteknikk smarte grep for å skape variasjon og halde på motivasjonen til lesaren. I denne boka sørgjer det òg for ein heilskap i ein tekst som skiftar fokus frå maur under bakken til fuglar høgt oppe i trea. Men sett bort frå vår venn elgen, er ein av dei største kvalitetane ved Vi roper i skogen korleis fakta og tekst verkar nøye utvald og avgrensa. Den blir aldri langdryg eller komplisert, men er freistande å lese i eit stort jafs utan pause. Slik bøker helst skal konsumerast i lag med dei yngste barna.
Trude Tjensvold er både illustratør og forfattar av boka. Som illustratør er ho lett å kjenne att frå tidlegare utgjevingar som Bålet og Bo flyttar ut. Det er ein naiv og enkel stil malt med brei pensel. Det gjev teikningane eit leikent uttrykk som sender tankane til illustratørar som Anna Fiske eller Gry Moursund.
Riv ut siste sida!
Om ein skulle innvende noko, måtte det bli korleis boka sluttar. Etter ei artig lesestund om korleis naturen og skogen er full av overraskingar og merkelege fenomen, opplever eg følgjande som eit antiklimaks: «Skogen er full av lydar./ Her blir det snakka mange slags språk./ Stille språk vi ikkje høyrer,/ og språk vi kan høyre langt unna.// Kanskje kan vi menneske bli flinkare til å lytte?»
Personleg får eg ein flau smak i munnen og kjensle av «moralen samanfatta» av denne passasjen. Dersom forlaget skal trykkja boka opp på nytt, foreslår eg å rive ut denne siste sida, og stole på at ei fengande faktabok om dyra i skogen er ei oppfordring i seg sjølv til å vere meir merksam på verda rundt oss. Vi treng det ikkje svart på kvitt. Verken vaksne eller barn.