Dissekerer atombombinga

Dissekerer atombombinga

Boktittel: Bombene over Hiroshima og Nagasaki

Forfatter: Anne Thelle

Illustratør: Anne Thelle

Forlag: Omnipax

Årstall: 2013

Det er ei velkjend historisk sanning at atombomba var naudsynt for å få slutt på 2. verdskrig. Er no det så sikkert, spør Anne Thelle.

Ramma for denne mangefasetterte framstillinga av Japan, USA og atombombene på slutten av andre verdskrig, er ein «aldri meir»-tankegang. Gjennom å hugse og forstå kva som hende når atombombene blei sleppte over Hiroshima og Nagasaki i august 1945, kan vi hindre at det skjer igjen. Å gjenfortelje og gjere historia levande for nye lesarar er ein del av dette, men nesten like viktig er det for forfattaren å formidle kompleksiteten i det som hende, og korleis det er relevant i dag.

«For virkelig å forstå noe, må man høre den samme historien fra så mange vinkler som mulig», skriv Thelle . Resultatet er ei solid, men oppstykka framstilling som vektlegg det analytiske over narrativet.

Grundig analyse

Thelle er oppvaksen i Japan og har ei doktorgrad i japansk litteratur, og den akademiske bakgrunnen pregar hennar innfallsvinkel til stoffet. Den førre boka hennar, Anime – hva er det? (2009), sette framfor alt handlinga i ulike animefilmar inn i ein japansk historisk og kulturell kontekst. Cecilie Estelle Wiik vurderte det som ei grundig og på mange måtar sterk utgjeving «til glede for den unge akademikerspiren som interesserer seg for japansk historie og kultur, og til hodebry for den massekonsumerende animeelskeren». Bombene over Hiroshima og Nagasaki ber òg preg av å vere lettvektarvariant av akademikarens grundige analysar.

Mange historier

Guten som ber den daude veslebroren på ryggen er ein sterk inngang til historia om atombombene (foto: Joe O’Donnell, 6).

Boka er inndelt i fire hovudkapittel: Øyeblikket, Oppløpet, Forklaringene og Etterpå. Øyeblikket tek føre seg dei ulike kjeldene vi har til kunnskap om hendingane, med fokus på dei direkte verknadane av bombenedslaga for enkeltpersonar. Korleis kan «tal og harde fakta» gjenstandar, fotografi, teikningar og augevitneskildringar hjelpe oss å forstå det som hende? Hos Thelle er kjeldene er spor som kan hjelpe oss å setje saman ei forteljing om det som skjedde – bitar av lappeteppet – sjølv om vi aldri kan vite heilt sikkert korleis alt føregjekk.

Etter dette presenterer forfattaren ulike perspektiv på opptakta til atombombene. Det finst ikkje ei forhistorie, men mange forhistorier, understrekar ho. Hennar historisk-politiske samanhengar gir oss nettopp det overblikket personlege vitneforklaringar ofte manglar.

Redda bombene liv?

Likeeins vurderer ho i tredje kapitlet ulike påstandar om kvifor amerikanarane valde å sleppe bombene: Var det nødvendig for å få slutt på krigen, for å redde menneskeliv? Kor mykje hadde maktkamp mellom USA og Sovjet å seie? Ville ein rettferdiggjere pengebruken på Manhattan-prosjektet – og teste effekten av det nye våpenet? Thelle gir ikkje heilt eintydige svar her heller, men stiller seg kritisk til avgjerda og alle forsøk på å «rettferdiggjere» den i ettertid. På individnivå vil slike forklaringar aldri gje meining.

Thelle ser med kritisk blikk både på japanske og amerikanske krigshandlingar, og går inn på politiske motiv, propaganda, sensur og bakgrunnen til forklaringsmodellar på begge sider. Her er ingen berre snille eller berre slemme.

I siste kapitlet kjem ho attende til personskjebnane, og greier ut om fysiske og psykiske skadeverknader av atombombene. Truleg er det her boka har størst relevans: Først no veit vi kva effekt atombomber får i eit langtidsperspektiv. Boka rundar av med passasjar om fredsaktivisme og kamp mot atomvåpen og litt om rolla atomvåpen spelte under den kalde krigen. Thelle dreg òg trådar til farane ved atomkraft og ulukka i Fukushima i 2011, der det radioaktive avfallet i jordsmonnet overstig det ein fann i Hiroshima nokre månader etter krigen.

Vakse og grått

Eigenproduserte foto bidreg ikkje alltid til å heve teksten – tidvis vert dei for små, grå og grumsete (foto: Anne Thelle, 43).

Det alvorlege temaet og den fagleg tunge innfallsvinkelen gjer det vanskeleg å unngå at boka får eit visst lærebokpreg, og utforminga og oppsettet er med på å forsterke dette inntrykket. Den visuelle utforminga er enkel og litt traust, og minner på mange måtar om meir omfangsrike historieverk for vaksne.

Alle foto og illustrasjonar er i svart-kvitt, og det er ganske klårt at frå forfattar og forlag si side ligg hovudvekta på teksten. Særleg fotografia tekne av Thelle sjølv er av noko varierande kvalitet. Dette er saklege foto av byar, bygningar og personar. Dei fungerer greitt som visuelle knaggar til teksten, men gjer ikkje noko spesielt for å heve eller lette inngangen for unge lesarar. Men for spesielt historieinteresserte er kanskje dei dramatiske historiske hendingane – som er gripande i seg sjølve – nok til å halde på lesaren?

Kjeldekritikk

Boka rommar forholdsvis komplekse samanhengar og vakse materiale som sexslaveri, og mishandling av krigsfangar, men inneheld ikkje for mykje fagspråk. Den er skriven i eit språk som jamt over er pedagogisk og tilgjengeleg ­– kompleksiteten og vanskegrada ligg meir i breidda og behandlinga av materialet. Målgruppa for boka vil etter alt å døme vere slutten av ungdomstrinnet eller tidleg i den vidaregåande skulen, og det er lett å sjå føre seg boka brukt i fordjupingsoppgåver om 2. verdskrig.

Ved å vurdere kva ulike kjelder kan fortelje oss – og kva dei ikkje kan fortelje oss – gjev Thelle si framstilling òg ei slags innføring i kritisk tankegang og kjeldekritikk. Viktigast er det at ho oppmodar til å stille spørsmål ved innarbeidde ‘sanningar’ – som at atombomba var nødvendig for å avslutte krigen – slik dei presenterast av politiske leiingar, media, men òg norske lærebøker og oppslagsverk (72).

Mykje av stoffet Thelle presenterer vil nok vere ny informasjon for målgruppa. Forfattaren baserer seg hovudsakleg på engelske kjelder, men det er òg ei styrke at ho har ei rekkje japanskspråklege bøker på litteraturlista. Slik sett er boka først og fremst ein grundig presentasjon av temaet og ei påminning om at kjernevåpen framleis er ein del av den militære forsvarsstrategien til stormaktene. Bøker som Bombene over Hiroshima og Nagasaki kan vere med på å auke merksemda om dei fysiske, psykiske og sosiale skadeverknadene kjernevåpen har på eit heilt samfunn.

Hanne Dale