Draumar

Draumar

Boktittel: Gyrid Axe Øvsteng

Forfatter: Draumar

Illustratør: Per Ragnar Møkleby

Forlag: Samlaget

Årstall: 2011

GODE DRAUMAR Fine illustrasjonar, artige assosiasjonar og ein interessant måte å skildra ein draum på.

GODE DRAUMAR

Fine illustrasjonar, artige assosiasjonar og ein interessant måte å skildra ein draum på. Men forholdet mellom karakterane er lite utfordrande.

I 2009 debuterte dramatikar Gyrid Axe Øvsteng med biletboka Finn!, illustrert av Per Ragnar Møkleby. To år seinare har Øvsteng og Møkleby eit nytt produkt saman – biletboka Draumar.

Finn! er ei skikkeleg overskotsbok der kvart ord er rett plassert både visuelt og verbalt, ho har ein sjarmerande og spanande karakter, og ei handling som er underhaldande og med djupna, for både små og store. Etter ei slik debutbok er det lett å venta mykje av bok nummer to. Og om nokon seier ”den vanskelege andreboka” – så har kanskje nokon rett. Draumar er både ei fin og underleg bok, men ikkje i nærleiken av Finn! – verken når det gjeld underhaldningsverdi, poetiske kvalitetar eller samspelet mellom tekst og bilete.

Likskap mellom logikken til born og logikken i draumane

Draumar er ei biletbok i kvadratform om ei veslesøster som ikkje får sove, fordi ho er redd for draumane. Storebroren i overkøya trøystar, og fortel at draumane kan vera ”gode, og betre enn det.” Stemma til storebroren verkar trygg og sikker: ”Vi skal på tur, og det skal vera ferie,” seier han. Tilhøvet mellom draum og røynd er underleggjort på ein fin måte. Det som vert fortalt er trass alt ikkje ein draum, men storebroren som fortel ein god draum.

Likskapen mellom barn som fortel og draumane sin logikk kjem fram med detaljar som assosiativt driv forteljinga framover, og stemma i forteljinga er slik både truverdig og spanande. Trass i at både mamma og pappa er med på bilturen, er det borna som sit framme og storebroren som køyrer. Elgen i skogen er sjølvsagt skogens konge, og vips er vi i eventyret og ”han gjer deg til prinsesse om du finn sonen hans og får han heim”. Men sidan elgprinsen er forelska i sjiraffjenta og ”fullstendig forsvunnen” må turen gå til dyrehagen. Og frå ul i ulvehagen er det kort veg til einsemd på månen.

Boka har mange flotte element som opnar opp for fleire tydingar og fleire kjensler. Eg kan nemne fleire: Både det fyrste og det siste oppslaget er heilt svart, med berre kvit tekst. På to av oppslaga er det illustrert eit vegskilt, det fyrste med påskrifta ”FERIE”, det andre ”HEIM”. Storebroren spelar fotball med jordkloden når veslesøstera er på månen. Oldemor er ”enda mindre enn før og får plass på dashbordet.” Rytmen i teksten vert meir og meir harmonisk mot slutten av forteljinga og skapar ein trygg og roleg stemning, mest som ein voggesong: ”Det er pysj og pute og eg og du. Og du er ikkje redd for å sova. Det er gode draumar. Gode, og berre det.”

Varierande kvalitetar

Illustrasjonane er både tøysete og alvorlege – og med mange små og store detaljar. Kombinasjonen av foto, tekstur og teikning skapar ei verd som er like ambivalent og samansett som draumane. Dette er både verkeleg og ikkje! Tidvis saknar eg litt meir motstand mellom tekst og bilete. Inntrykk kan lett bli påtrengjande og overflødige med ein tydeleg attforteljande funksjon. ”Eg og du smiler,” seier teksten. Og det same seier biletet! Nokre av detaljane fungerer heller dårleg fordi dei vert for små, til dømes på illustrasjonen med campingvogna som skal på ferie. Detaljane kan gjerne vera spanande å oppdaga, og dei får fram det eventyrlege med draumen, men fyrst og fremst vert dei ståande som uromoment i eit elles framifrå flott bilete.

Teksten har òg varierande kvalitetar, somme tider på ei og same side: ”Du er redningskvinne, eg samlar søppel” lyder både poetisk og artig, medan skildringa av konkylien er heller lite original: ”Legg vi øyret inntil, kan vi høyre bølgjene”. Og i teksten er det nettopp litt for mange slike keisame skildringar, som til dømes at ”bilen liksom svevar det siste stykket,” ”vi er som fisk” eller ”det er som ein skatt”. Om det er storebroren si barnlege stemme som kjem til uttrykk, eller om det er eit uttrykk for adaptasjon, er resultatet like fullt ein svakare tekst.

Tradisjonelt styrkeforhold mellom syskena

Forholdet mellom storebroren og veslesøstera er heller ikkje utfordrande eller nyskapande, med tanke på alder og kjønn. Hans autoritet er urokkeleg, og heilt konkret er han godt plassert i overkøya, der han kan sjå ned på den urolege veslesøstera. Det er han som trøystar og lærer ho om både draum og røynd.
Illustrasjonen av marsipankakefiguren byggjer òg under dette forholdet. Dersom teksten hadde stilt spørsmål ved ei tradisjonell forståing av eigenskapar knytt til kjønn og alder, slik at storebroren hadde vore den skjøre og veslesystera den sterke i dette forholdet, hadde kanskje meiningsinnhaldet fått større verdi?

Dei humoristiske innslaga, dei snodige assosiasjonane og den trygge slutten, med lovnad om berre gode draumar, vil skapa gode kjensler, og engasjera – spesielt dei minste.

Målfrid Mehl