Tittel: Dronningen av Myrion
Tekst: Bjørg Øygarden
Forlag: Cappelen Damm
Årstall: 2012
Antall sider: 254

ISBN: 978-82-02-36950-7

Dronningen av Myrion

FANTASTISK MAGEPLASK

Det startar superbra, ein blir heilt oppslukt. Eg skrattar høgt og smiler. Øygarden er ein herleg fortellar. Eg tenker: for ei fantastisk bok! Ein ny favoritt! Men så skjer det noko. Plottet raknar. Det skjer omtrent når våre tre heltar når slottstrappa i Myrion. Deretter måkar det utføre. Øygarden har ikkje kontroll over historia ho ønsker å fortelle oss.

Tre barn frå jorda og ei bestemor
Klassisk oppstilling: Ein og ein av dei tre hovudpersonane Berit, Jakob og Johan Olav blir introdusert i kvart sitt kapittel. Alle dei tre barna er til dels outsiders. Ein er halt, ei har store øyre og ein er grenselaust upopulær. Alle et forgifta sjokolade slik at dei hamnar på same sjukehusrom. Etterpå forflyttar rommet seg til ei anna verd. Denne verda skal dei tre barna redde. Det gir flashbacks til Løven, heksa og klesskapet, men der stoppar også all likskap.

Ein må stå saman
I 2008 gav Bjørg Øygarden ut barneboka Askeladden og de nye hjelperne. For denne vart ho nominert til Sørlandets litteraturpris i 2009. Øygarden har også skrive tre romanar for vaksne, deriblant krim. I eit nyleg intervju med Aust-Agder blad, seier ho at Dronningen av Myrion har ein bodskap som er klassisk og viktig: ein må samarbeide. Dette er ein bodskap som er vanskeleg å få auge på i boka. Bodskapen verkar snarare vere: Om du føler deg mislukka, har du likevel verdi.

Dette blir diverre ikkje transformert til litterær verdi. Ein blir oppgitt. Litt som når middagen som lukta så godt, smakar vondt.

Rart valg av tittel
For Dronningen av Myrion er lekker. Omslaget er til å ete opp, men kvifor heiter boka Dronningen av Myrion? Dronninga er ein biperson. Men kva skulle boka elles heitt? Den har ikkje noko klart plott, gitt at heile historia er bygd på at lesaren skal godta ei rekke påstandar. Handlinga er ikkje grunngitt, den er påstått, og når vi blir presentert for løysinga, kjem den rasande i eit slikt tempo at ein må lese den fleire gonger for å forstå kva som har skjedd. Og ein kjøper det ikkje. Skurkane tilstår alt fortløpande og hovudpersonane får dermed løysinga servert på eit fat. Snipp, snapp, historiekollaps.

Bestemor taper krutet
I dei første kapitela vert karakterane presentert med tydelege karaktertrekk, men etterkvart forsvinn trekka og dei tre personane verkar like. Eigenskapane har inga betydning for plottet, og i den grad dei er av betydning, er det påstått betydning. Det er forfattaren som påstår at eigenskapane er viktige (tell). Ho viser det oss aldri (show). Påstand følger påstand, men å bygge påstand på påstand gir verken plott eller handling. Det gir oss ei rekke påstandar.

Bestemora til Jakob er også med. Kva ho har der å gjere er vanskeleg å vite. Ho har ingen funksjon utover å vere sur som ein kveps. I starten er ho ravande artig, men ho taper både konsistens og krut ettersom historia utviklar seg. På slutten deltar bestemora i ein boksekamp, men då har alt plottet rakna så fullstendig at alt berre haugar seg opp i eit avsluttande kaos av påstandar om ting som skjer, og difor skjer. Ein sit att med ein emmen smak i munnen.

Meiningslause eigenskapar
Berit sin eigenskap er at ho er god i matte. Men denne eigenskapen får ho aldri bruk for anna enn til småting unyttig for både historie og framdrift. Ein gong forstår ho at fugletypen kakkerhakker ikkje er store, men små. Og kvifor er kakkerhakker med i boka? Dei har ingen funksjon utover å vere ein tom trussel. Korleis kan Berit rekne ut at kakkerhakker kan vere ein halv kilometer lange når ho ikkje kjenner størrelsen til Myrion? Det går ikkje an. Kvifor? Fordi Berit har ingen magiske eigenskapar og fordi reknestykka ikkje er mulig å utføre utan å vere synsk.

Boka har snudd show don’t tell på hovudet. Vi blir fortalt kva som har skjedd eller kan skje, medan våre tre heltar sit på biblioteket og les, sjekkar opp grevinner eller trenar på å skyte med pil og boge. Gjennom tilfeldigheter kjem dei fram til ulike forklaringar på kva som skjer. Etterpå ramsar ei rekke bipersonar opp løysing og forklaringar.

Heltar møter liten motstand
Lite av det som skjer er nødvendig for handlinga, og det er det som er så underleg med Dronningen av Myrion.

At folket i Myrion er dumme som brød, trur på myter og ikkje kan lese alvorlege bøker, gir våre tre «heltar» eit konkurransefortrinn, men det fører også til at ingenting står på spel anna enn påståtte problem som i realiteten berre kjem av at folk i Myrion er tette i pappen. Det held ikkje. Heltane avheng av påstått flaks og kunne vore kven som helst. Dei vekker aldri sympati. Til det er dei for flate og inkonsistente.

Forfattaren lener seg fullt og heilt på at lesaren aksepterer det som skjer, utan at det verken er underbygd eller av betydning. Det er riski bissniss å undervurdere lesaren på denne måten. Det kan likevel hende det fungerer for barn. Fortellarstemma er såpass god at den til ein viss grad kan dekke over manglande struktur og handling. Det lekre omslaget kunne ha fungert som ein appetittvekkar, men også der bommer boka. På utsida er ingen av hovudkarakterane avbilda, men to bipersonar. Den eine berre til stades på nokre få sider mot slutten.

Les gjerne meir
Eg håper Øygarden vil skrive fleire barnebøker. Ho har eit fabelaktig språk og er særdeles morosam når ho først slår til, men ho må tenke betre gjennom plottet neste gong. Å kaste vekk ei så god fortellarstemme på eit slikt plott er berre trist.



Skrevet av:
Kommentarer