Ungdomsroman

Tittel: 1957
Forfatter: Jon Ewo
Cappelen Damm, 2014

Ungdomsroman

Tittel: I morgen er alt mørkt - Brages historie
Forfatter: Sigbjørn Mostue
Cappelen Damm, 2014

Ungdomsroman

Tittel: Soledad
Forfatter: Tor Arve Røssland
Aschehoug, 2014

Dystopiske drama

Skal ein dømme etter årets nominasjonar til Uprisen, er uroa for framtida framleis eit tydeleg teikn i ungdomstida.

I sju av landets fylker er årets utvalde juryklasser godt i gang med å lese og vurdere dei fem bøkene som er nominerte til Uprisen 2015. Tre av dei fem kan plasserast i dystopisjangeren. Medan Tor Arve Røsslands Soledad og Sigbjørn Mostues I morgen er alt mørkt fyller denne sjangeren som hand i hanske, gjer Jon Ewo ein annleis vri på dystopien i 1957.

Kontrafaktisk

9788202449353Jon Ewo plasserer den dystopiske visjonen attende i tid, og skriv såleis ei historie om korleis det kunne ha blitt. 1957 er med andre ord ein kontrafaktisk dystopi, ei historie om Norge slik det kunne ha vore om Hitler vann krigen. Ewo er frå før kjend med sjangeren; han har skrive romanen 1920, som handlar om korleis Norge kunne ha blitt dersom unionsoppløysinga aldri fann stad. I 1957 er Norge styrt av Heinrich Himmler, og SS-statsbygginga er i godt driv når romanen opnar. Monika Kruse – kall ho «Moni» – er hovudperson i 1957. Ho er foreldrelaus, og bur på ein barneheim for unge jenter. Moni er ideologisk indoktrinert i SS-staten, og set sin lit til verda og systemet rundt henne. Men denne liten byrjar raskt å slå sprekkar.

Dramaet i forteljinga knyter seg til det komande giftarmålet hennar med Erik, ein ung SS-kadett, og møtet hennar med Hans, som er ung sosialist og som kjempar for eit anna og betre samfunn. For Moni er ikkje kjærleiken berre eit spørsmål om kven ho skal elske. Det blir også eit val om kva slags side ho står på i den storpolitiske kampen som føregår rundt henne. Det er mykje å bere for ei ungjente.

Ewo har lukkast med å lage eit drama som rullar på to spor, 1957 er både eit kjærleiksdrama og eit ideologisk og moralsk drama. Men også på ein annan måte fungerer romanen på to spor. Den skapar eit attkjenneleg bilete av 50-talet (sjølv om utviklinga altså ikkje er den same som i den historiske røynda) og samstundes tek den opp spørsmål som kling med i dagens samfunn, som rasisme, sortering og tvangsekteskap.

Etter mitt syn bikkar romanen stundom over i det melodramatiske. Men sidan Ewo skapar eit såpass truverdig univers, med tidskoloritt i både detaljar og større strukturar, fungerer det overraskande bra, og eg er slik sett ikkje overraska over at ungdomane sjølv har stemt fram boka til Uprisen-nominasjon. Ein del detaljar stussar eg rett nok på, som kvifor Himmler kallar vidareutviklinga av naziststaten for ein «neo-nazistisk» revolusjon. No ville kanskje «ny-nazistisk» sendt tankane til feil miljø, men eg har rett og slett vanskar med å sjå kvifor Himmler ser på vidareutviklinga som «ny» eller «revolusjonær» i det heile.

For min del trekk språket også ned for 1957. Ewo fortel stødig og viser at han har kontroll på språket som narrativ reiskap. Men eg saknar det uventa; fyndige formuleringar som skapar forundring, vakre skildringar som slår meg i bakken, variasjonar og reflekterande pusterom i teksten. 

Actionfylt apokalypse

9788202450953Det same opplever eg i Sigbjørn Mostues I morgen er alt mørkt. Språket lever ikkje akkurat sitt eige liv her heller, men til liks med Ewo brukar Mostue det effektivt som reiskap for å skape spenning og action. Også i denne romanen er det eit kjærleiksdrama som byggjer indre spenning i eit univers som er bombardert med ytre action. Ein parasitt har byrja å spreie seg i verda – heilt til vesle Norge. Den gjer folk rasande, galne, blodtørstige, får familiemedlemmar til å kverke kvarandre utan hemningar, og skapar undergangsstemning og apokalyptisk skrekk i verda. Midt i denne globale krisa står Brage, som er forelska i den uoppnåelege Frida.

I opninga skildrar Mostue Brage som ein vanleg norsk ungdom, ein som likar å gjere heilt vanlege ting. Det har han merka no, når han ikkje lenger kan gjere desse vanlege tinga. Her dreg Mostue lesaren inn i boka på effektivt vis: «Det er rart med disse små tingene. Du aner ikke hvor stor pris du setter på dem, før det er for sent. Jeg vet hva jeg snakker om. Først nå som alt er borte, savner jeg det – de mest dustete ting, som smaken av pizza og iskald cola, lyden av musikk, å være på nettet». Eg trur ungdom lett vil identifisere seg med hovudpersonen her, og såleis ha både intellektuelle og emosjonelle føresetnader for å leve seg inn i romanen.

Nettopp opninga er, saman med avslutninga, dei beste delane av I morgen er alt mørkt. I delar av midtpartiet er det nett som historia går på autopilot. Den eine situasjonen avløyser den andre, utan at eg tillegg dei veldig mykje relevans verken for karakteriseringa av hovudpersonen eller for det store trugsmålet som utgjer handlinga i romanen.

Men her er sjølvsagt situasjonar som engasjerer, og som opplevast som relevante. Dei beste er etter mitt syn dei som viser korleis moralske grenser nærast som ei sjølvfølgje flyttar på seg under slike kriser. Brage hamnar nemleg i fleire situasjonar der det står mykje meir på spel enn i ungdomsromanar av det meir skånsame slaget.

Tomrom

Der I morgen er alt mørkt skildrar ein apokalypse medan den føregår, så er mesteparten av handlinga lagt til det post-apokalyptiske i Tor Arve Røsslands Soledad. Som den spanske tittelen tilseier, handlar den mellom anna om einsemd. Soledad er også namnet på hovudpersonen, som har spansk far. Han er kunstnar, har fått stipend til å bu i ein kunstnarbustad på Utsira, og Soledad blir med for å feriere. Ein dag vaknar ho, og både faren og resten av folkesetnaden på Utsira er mystisk forsvunne. Ho må klare seg sjølv.

soledadTittelen inviterer til ei allegorisk lesing av romanen, men det er samstundes ei styrkje ved den at det allegoriske og det heilt konkrete glid over i kvarandre. Den handlar om eksistensiell einsemd, men samstundes verkar ikkje naturkatastrofen som pågår mindre reell eller sannsynleg. Eg vil ikkje seie at landskapet speglar det indre i Soledad, men heller at indre og ytre natur glid over i kvarandre, og kommenterer kvarandre på stundom uuttalte måtar. Viktigare er det at naturen synest å leve sitt eige liv; den hemner seg på menneskeleg teknologi, og Soledad må prøve å få grep om korleis naturen «tenkjer».

Det sentrale grepet til Røssland, er å utelate store delar av handlinga. Etter å ha skildra dag 1, 2, 3 og 5 etter apokalypsen, hoppar han brått til dag 100, og gir såleis lesaren ei verknadsfull og forvirrande uvisse. Slike hopp – med ulike mellomrom – gjer han også gjennom resten av romanen. Med hjelp av slike narrative ellipsar tvingar Røssland lesaren til å orientere seg på nytt i kvart kapittel. Det er eit effektivt spenningsmoment i seg sjølv, og hindrar at forteljinga endar opp som ei langtekkeleg og keisam ørkenvandring, slik nokre post-apokalyptiske visjonar har ein tendens til å gjere.

Romanen skriv seg også opp i mot robinsonaden; den handlar om evna til å halde seg sjølv i drift, og om korleis nye samfunn veks fram. Samstundes bryt forteljinga ut ifrå robinsonaden når Soledad reiser frå Utsira til Karmøy og møter andre overlevande som ho ikkje veit om ho kan lite på eller ikkje. Eg synest Røssland er god på å stille spørsmål og opne for engasjerande og samfunnskritiske tankar og scenario i denne romanen. Romanen gir få klåre og eintydige svar, men held meg i uvisse og undring, og tvingar meg såleis til å spekulere og fylle inn tomroma i teksten. Slik sett speglar forma innhaldet på ein svært god måte.

Barnelitteraturen og det vonde

Nyleg publiserte periskop.no eit intervju med Kjersti Lersbryggen Mørk, gjort av barnebokkritikk.no sin skribent Eirik Høyer Leivestad. Lersbryggen Mørk har forska på vondskap og barnelitteratur, og kome fram til at barnelitteraturen i dag eksponerer og konfronterer lesarane meir enn det tidlegare barnelitteratur har gjort.

Ho dreg mellom anna fram dystopisjangeren som eit klårt og talande døme på dette. Det er nettopp måten det vonde er framstilt på som er det slåande ved alle dei tre dystopiske nominasjonane til årets Uprisen. I 1957 går Jon Ewo rett til kjerna på det som i vesten nærast er sett på som ein politisk inkarnasjon av vondskap, nemleg nazismen. Slik får han framstilt vondskapens mange problem, gjennom skildringa av kvardagslivet under eit slik regime. I Mostues I morgen er alt mørkt konfronterer lesarane med valdelege episodar og skrekkelege hendingar, og ikkje minst med dei vanskelege, for ikkje å seie umoglege vala Brage må ta – til dømes når han må skyte sin eigen far. Også slutten er open på ein måte som gjer meir vondt enn godt, og eg ser for meg at ungdom som har lese romanen ventar desperat på oppfølgjaren som kjem i 2015. Røssland skyr heller ikkje det vonde i Soledad, og det er mykje som er vondt å lese i romanen. Her gjer også sjølve uvissa vondt, idet Røssland stiller opne spørsmål og overlèt til lesaren å spekulere i kvifor naturen hemnar seg og korleis ein skal stoppe det.

Ungdom har alltid vore dregne mot bøker og filmar med meir «vakse» innhald enn dei er tillatne. Det er fint å sjå at ein kultur som lèt ungdommen lese og sjå meir vald og vondskap, blir møtt av ein ungdom som omfamnar det store alvoret som kan ligge i dystre visjonar, valdeleg materiale og etiske problemstillingar. Det gode sigrar ikkje over det vonde i denne litteraturen, men å møte det vonde i litteraturen, kan likevel gjere lesarane godt.

 

Både Soledad og I morgen er alt mørkt er også tidligare omtalt på Barnebokkritikk. I neste veke kan du lese meir om dei to siste nominerte til Uprisen: Simon Strangers De som ikke finnes og Johan B. Mjønes’ Blodspor i Klondike.

Du kan lese meir om dystopiar i artikkelen «Dystre dystopier – en skildring av virkeligheten?«, publisert i mai i fjor.



Skrevet av:

, , ,

Legg igjen en kommentar

Legg inn din meaning her. Vær hyggelig. Din e-post vil holdt anonym.