Eg sette brillene på min katt

Eg sette brillene på min katt

Boktittel: Eg sette brillene på min katt

Forfatter: Halldis Moren Vesaas og Tarjei Vesaas

Illustratør: Inger Lise Belsvik

Forlag: Samlaget

Årstall: 2007

Antall sider: 32

Attende til gleda På omslaget har ho fått namnet sitt på same linje og med

Attende til gleda

På omslaget har ho fått namnet sitt på same linje og med akkurat like store bokstavar som forfattarane Haldis Moren Vesaas og Tarjei Vesaas. Det fortel kva for plass Inger Lise Belsvik har som illustratør av barnedikt. Illustrasjonane i Eg sette brillene på min katt er ei oppvisning i illustrasjonskunst etter råda ho sjølv gir i fagartikkelen ”Hvis jeg skulle si noe om det å illustrere dikt for barn” (Møte mellom ord og bilde, LNU og Cappelen 2001). Boka er fylt av lett naive linoleumstrykk i kollasjar med fargar frå retro-paletten. Det angar av leikent bygdeliv frå tida dikta blei skrive. Hesten dreg framleis plogen og gutane er kledd i heimestrikka. Bilda fangar blikket med ein gong, dei toler at ein dveler ved dei også når ein les oppatt femte gongen – og dei hjelper teksten fram. Men korleis hjelper Belsvik dikta fram til lesaren?

”Å illustrere er å lage et rom rundt diktet for å få meningen til å vare. (…) Illustrasjonene skal ikke si det diktet sier en gang til, ikke tvære det ut, men gi det noe å sprette mot.” (ibid.)

 

Effektive grep
Ein av metodane hennar er å skape identifikasjon. Diktet ”Ein skaremorgon” av Tarjei Vesaas vender seg rett til lesaren alt i første linje: ”Du står vel ein skaremorgon/ så tidleg or di seng.” Då kjem Belsvik med ein gut som spring i snøen. Bak ein granlegg tittar haren fram og ser lesaren rett i auga. Her er fort gjort å kjenne seg att. Visst får eg hjelp til å hugse kjensla av å springe på skare.

Hjelp til å identifisere meg får eg òg i diktet til Tarjei, ”Fiske på isen”. I biletet står ein unge godt inntulla i skjerf og fiskar gjennom eit hol.

      Fiske på isen er kaldt

 

      og lite fisk er å få.

 

      Fisken svinsar i djupet

 

    og vil ikkje bite på.

Svinsinga står ei jente for, der ho går på skøyter i bakgrunnen. Det interessante her er at Belsvik dristar seg til å dikte eit optimistisk framhald. Ungen har nemleg fått ein liten fisk.

Inni egget
Best likar eg illustrasjonen som følgjer ”Det tronge huset”. Diktet til Halldis Moren Vesaas presenterer eit ”eg” som har det altfor trongt innafor dei glatte veggane. Gradvis skjøner ein at vi har med ein uklekt kylling å gjere. Teksten held fram til han set seg føre å hakke seg ut: ”Kvifor eg fekk ein nebb, skjønar eg no med eitt!” Eggeforma i illustrasjonen dannar både hovudet til kyllingen, sjølve egget og ein slags jordklode som fuglar og rev spaserer på. Attpåtil spanderer kyllingen ein skikkeleg go’blunk på lesaren. Når biletet er såpass mangfaldig opnar det for å dikte med på veg ut av skalet og inn i verda – i staden for å låse lesaren til ei særskild tolking.

Den moderlege stemma
Illustrasjonane kan jamvel føre dikta i spennande dialog med kvarandre. Som når ”Gamle, kloke fru Ugle” pussar brillene sine før ho flyg på jakt på venstre sida, medan ”Tøysevers om katten” til høgre fortel kor umogleg det er for ein katt å bruke briller på musejakt. Halldis skriv gjerne på fastare form og meir dansande verseføter enn ektemaken. Ho er sterkare til stades i dikta, til dømes der ho set brillene på katten. Og når fru Ugle flyg på jakt, sluttar diktet i den vidtfamnande morskapen som ein aner bak mange av barnedikta hennar: ”Pass dykk, småfuglane mine!” Legg ein til at ho byr barnelesaren på sterkare identifikasjon, er det ikkje så rart om dikta hennar appellerer meir direkte. Med Tarjei får ein gjerne litt meir å tenkje på.

Gleda
Sjølv om alle dikta har vore på prent før, er samanstillinga ny. Dikta glir inn i eit fint samspel. Dei fleste bidraga signert Halldis er henta frå dikta ho skreiv for lesebøkene til Thorbjørn Egner. Ho var redaktør i lag med han, med særskild ansvar for dei nynorske utgåvene. Eg blei derimot overraska over at halvparten av bidraga i denne diktsamlinga er skrive av Tarjei, for han var ingen barnediktar. Men i rolla som lesebokredaktør klarte Halldis å lokke Tarjei til å skrive nokre dikt for barn. Elles er bidraga hans henta frå vaksensamlingane og strekk seg i tid heilt frå Kjeldene i 1946 til dei etterlatne dikta i Dikt i samling frå 1972. No blir vi minna om at han iblant skreiv både enkelt, barnleg og gladlynt. Heller ingen av dei meir alvorstunge barnedikta til Halldis er med, for i denne samlinga er det gleda over livet som gjeld: «Det var ein slik klukkesundag / då verda hadde det godt.»

På det siste oppslaget møtast dei to diktarane med kvart sitt månedikt, eit møte nøye regissert av Belsvik og grafisk formgjevar Elisabeth Moseng. Det stadfestar ei sterk nostalgisk kjensle eg sit att med etter å ha lese denne boka: Gleda var større før.

Guri Fjeldberg

Født 1969. Frilanser. Utdanna journalist, norsklærer og vaktmester. Anmelder også fast for Aftenposten, tidligere 20 år for Bergens Tidende. Har skrevet anbefalingsguiden «101. De beste barnebøkene 2005-2015». Kåret til Årets litteraturkritiker i 2015.