Ei bok for skeptiske storesøsken

Coverbilde "Alle dyr er bæ"

Boktittel: Alle dyr er bæ

Forfatter: Ruth Lillegraven

Illustratør: Victoria Sandøy

Forlag: Samlaget

Årstall: 2026

Antall sider: 40

Sjanger: Bildebok

Kor morosamt er det eigentleg å få eit nytt familiemedlem som korkje kan snakke eller leike? Denne boka gir eit ærleg svar: sånn passe.

Å få eit nytt søsken er ikkje alltid enkelt, men det treng heller ikkje vere så dramatisk. Ruth Lillegravens Alle dyr er bæ handlar om kvardagslivet som storebror, og ikkje om store kjensler som sjalusi. Eg har lese boka saman med ein representant for målgruppa, og medmeldaren og eg er ikkje alltid samde om styrkar og veikskapar.

Illustrasjon av sauer som kjem ut av fjøset.

Kjedeleg veslesyster

Handlinga i Alle dyr er bæ er lagt til eit småbruk med sauebønder og utspelar seg frå våren til jula same år. Vi møter ein typisk kjernefamilie med mamma, pappa, Bror og Søss, og perspektivet ligg hos Bror. Han er ikkje ein nøytral observatør av veslesystera si, men ein som gir uttrykk for motstridande kjensler i kvardagen. Storebror framstår som ein grei og hjelpsam gut, og han er lett å kjenne seg att i for ein treåring.

Søss sitt fyrste ord er «bæ», noko ho seier om alt mogleg. Det som gjev boka nerve og gneist, er håpet om at ordforrådet vil bli større, og frustrasjonen over at det ikkje skjer før på slutten.

Medmeldaren min på tre år var samd med Bror, som sa at veslesystera var kjedeleg. Eg er ikkje like kritisk som ho. Det monotone «bæ» fungerer som eit spenningsskapande element som gir historia ei tydeleg retning.

Familien er sauebønder, og boka gir eit realistisk bilete av korleis moderne sauehald artar seg i praksis. Lamma slepp ut om våren, flokken et seg feite på sommarbeite, og dei aller fleste blir slakta om hausten og blir til pinnekjøt til jul. Eg meiner det blir for mykje skildring av tralten i kvardagen, og at skildringane går ut over tempo og framdrift. Medmeldaren følgde derimot merksamt med frå byrjing til slutt.

Illustrasjon av far og Søss som går ute med lamma, og Søss seier berre "bæ".

Kva gjer hunden der?

Eg er vaksen opp med barnebøker der dyr både kan prate og elles te seg som menneske, og eg saknar fleire menneskelege eigenskapar hos eit vårlam som Søss knyt seg til. Rett nok får lammet eigennamnet Lammy, men elles er det lite som liknar på dei menneskelege dyra vi møter i tradisjonelle barnebøker.

Samstundes er det liten tvil om at Lillegraven har gjort eit medvite val med å la dyr få vere dyr, og ikkje menneske i dyreforkledning. Det heng godt saman med kvardagsrealismen i boka.

Medmeldaren er mindre prega av slike forventningar. Likevel var ho ikkje spesielt oppteken av Lammy. Ho registrerte at det var eit lam der, men var meir nysgjerrig på ein namnlaus hund som dukkar opp i fleire illustrasjonar.

Den manglande interessa hennar for lammet kan skuldast at ho har eit forhold til hundar frå før. Det kan òg skuldast at lammet blir for lite personleg, eller at det har ein funksjon som liknar dei meir flate dyrekarakterane i pedagogiske barnebøker.

Illustrasjon av mor, Bror, hunden og lamma på veg til beite. Bror engstar seg for om lamma kjem att.

Heilskapleg uttrykk

Victoria Sandøy sine illustrasjonar er i ulike format, og fleire går over oppslag. Det gir biletboka eit luftig og ope uttrykk. Fargebruken vekslar i takt med årstidene og skapar fin variasjon gjennom heile boka, samstundes som det bidreg til eit heilskapleg uttrykk. Sandøy har illustrert fleire barnebøker tidlegare, mellom anna Barnas verdshistorie saman med Erna Osland, som vann Brageprisen for beste sakprosabok i 2025.

Illustrasjonane har duse overgangar mellom folk, gjenstandar og omgjevnader. Dei svake, nærmast fråverande konturane får bileta til å likne på akvarellar.

Andletsuttrykka til mamma, pappa og Søss er til tider noko statiske, medan andletet til Bror speglar kjensler på ein enkel, men effektiv måte. Sandøy nyttar typiske teikneserietriks, som å rynke augebryna når ein er sint, og ulike munnformar for å uttrykke kjensler. For ein treåring som kommuniserer med liknande mimikk, er det lett å kjenne seg att.

Etter endt lesing spurde eg medmeldaren, som sjølv blei storesyster for eit halvt år sidan, kva ho likte best.

–Eg likte Bror best, sa ho.

At ho oppfatta han som ein åndsfrende, heng truleg saman med at Alle dyr er bæ ikkje problematiserer dei motstridande kjenslene hos storesøsken. Nokre gongar blir det for mykje kvardag og for lite eventyr for ein vaksen bokmeldar. Det einaste medmeldaren lot til å sakne var namnet til hunden.

Gro Jørstad Nilsen

Født 1967. Utdannet litteraturviter, forfatter og litteraturkritiker. Hun skriver bokanmeldelser for blant annet Bergens Tidende, tidsskriftet Prosa og barnebokkritikk.no, og anmelder både sakprosa og skjønnlitteratur.