Tittel: Tim Brentloffs eventyr
Tekst: Sylvelin Vatle
Forlag: Cappelen
Årstall: 2003
Antall sider: 183

Ei reise i underverda.

Kva kan hende når hurtigbåten kantrar og passasjerane vert slengde ut i bylgjene? Dette kan høyrast ut som ei tragisk forteljing om ulukker frå den kysten vi har så mykje av i vårt land. Tragisk er denne boka minst av alt! Det er ei glede å lese ei norsk forteljing for barn som kokar av vanvituge påfunn, som er fantasifull langt inn i det groteske, og som ikkje nektar seg noko.

Tradisjonen er kjend – boka kan knyttast til ei grein av fantasy-tradisjonen, der barn forsvinn inn i ei anna verd, med andre skapningar og naturlover enn dei me kjenner frå før. Hovudpersonane i desse forteljingane er oftast utan store helteeigenskapar, slik at lesaren lett identifiserer seg med dei. Gjennom prøvingar og ulike krevjande oppdrag må dei overskride eigne grenser, våge noko, og blir verkelege heltar. Slik er det og i Sylvelin Vatles tredje barnebok.

Hovudpersonen Tim Brentloff er ein pinglete, men fantasifull gut. Det særmerkte etternamnet har sin eigen pussige årsak. Vi møter han om bord på hurtigbåten, på veg til ferieopphald hos tanta nordpå. Passasjerbåten søkk, men Tim vert redda opp frå vannet av ei svært underleg kvinne. Snart forstår me at på den staden ho har redda han til, lurer overraskingar og farar av ulikt slag. Redningskvinna gjer Tim eit oppdrag, det er å oppfatte som ein ordre – han skal køyre daude menn med hest og kjerre til ein stad han ikkje kjenner. Hesten veit vegen, og reisa kan ta til. Her blir både Tim og lesaren utsett for skrekkelege og underlege hendingar. Spenninga når store høgder i møte med groteske uhyrer med namn somme lesarar vil kjenne att frå norrøn mytologi. Ferda går langs stamma på asken Yggdrasil, til dødsriket Nivlheim, der vi m.a. møter gudinna Hel. Den norrøne gudelæra blir aldri presentert som noko som skal lærast, men inngår som fantastiske og overraskande element som skaper spenning og gjer forteljinga uforutseieleg.

Er dette ’berre’ underhaldning? God underhaldning er godt nok, men her finst og spor av noko anna. Som eit resultat av dei prøvingane Tim må gjennom, får han innsikt i seg sjølv, og lærer seg å hanskast med si eiga redsle og dårlege sjølvkjensle. Med gode hjelparar greier han å fullføre reisa gjennom underverda, og kjem ut att på andre sida. Utruleg kan det verke, men det går altså bra for Tim Brentloff til sist! Slik boka endar, kan ein få ei kjensle av at det vil kome fleire forteljingar om Tim. Det er å håpe, for alle som likar gode grøss og ville påfunn!



Ingen kommentarer.

Legg igjen en kommentar

Legg inn din meaning her. Vær hyggelig. Din e-post vil holdt anonym.