Ei spire til hageglede
Boktittel: Hageboka for små gartnere
Forfatter: Kirsten Bradley
Illustratør: Aitch
Forlag: Mangschou
Årstall: 2020
Antall sider: 49
Hageboka for små gartnere er ei vakker og morosam inspirasjonskjelde for føresette og born som har lyst til å kjenne gleda av å skitne til fingrane og samstundes lære meir om naturens kretslaup.
I glaskarmen heime hjå oss står ei lita appelsinplante. Av og til er ho skranten og står og sturer. Men så klipper og steller eg henne, gjev henne vatn og litt næring. Så struttar ho av livsglede att.
Appelsinplanta mi og eg har halde saman lenge. Heilt sidan eg putta ein appelsinstein i ei blomepotte på studenthybelen min for over tretti år sidan og ei lita spire pressa seg fram, opp i ljoset og vekte gartnaren i meg.
Respekten for det naturlege
Hageboka for små gartnere er ei hjelp til å opne hageporten for små born slik at dei òg kan oppdage og erfare magien i det som skjer når eit frø blir lagt i jorda. Saman med illustratøren Aitch gir forfattar Kirsten Bradley lesaren tips til korleis ein kan lage hage nesten kor som helst, i ein trong glaskarm like gjerne som i den frodigaste hage.
Gjennom 20 korte kapittel hoppar dei to mellom artige idear og aktivitetar som å lage avispapirpotter og insekthotell, til informative mellomspel der dei prøver å formidle korleis naturen fungerer og kor viktig det er at me brukar og tar vare på han. Dei gir oss innblikk i naturens kretslaup, viktigheten av kompostering og lærer oss kva pollinering og bestøvarar eigentleg er.
Forfattaren Kirsten Bradley bur i Tasmania i Australia med familien sin. Saman driv dei Milkwood permakulturgard, der dei tilbyr kurs i å leve meir bærekraftig og produktivt ved å lære av naturen, såkalla permakultur. Permakultur-metoden vart skapt av Bill Mollison og David Holmgren i Australia på syttitalet og får ein stadig større tilhengarskare rundt om i verda, også her i landet.
Hageboka for små gartnere er ikkje ei bok om permakultur, men respekten for det naturlege ligg til grunn både i tekst og bilete.
Noko av det som fungerer best med boka er når me i fire små bolkar – Hagestell, Blomstens indre liv, Dyreliv i hagen og Blomstervenner – får sett korleis alt heng saman i naturen. Her får me små, enkle forklaringar på jordtypar, kompost, pollinering, insekta sin plass i systemet og plantetips.
Forfattaren forklarar til dømes jord på denne måten: «Jorda er plantenes hjem – stedet der de bor. De liker seg best hvis dette hjemmet er sunt og inneholder det som plantene trenger for å vokse og trives. Alle jordtyper er glad i det samme – i liv!».
Flotte illustrasjonar
Det er blitt ei usedvanleg vakker bok. Der språkdrakta av og til kan bli litt vaksen og tørr, mjuker Aitch sine fargesprakande og morosame illustrasjonar opp, som når mamma har sett seg ned i godstolen for å lesa avisa og oppdagar at junior har gjennomhola avisa i jakta etter papir som skal bli til blomepotter. Bileta er naivistiske, barnlege og melankolske, med ein let der kunstnaren sitt ungarske, aust-europeiske opphav skin gjennom. For mange kan nok illustrasjonane minne om teiknefilmane til den tsjekkiske animatøren Zdenêk Miler, om Moldvarpen og venene hans.
Nokre av aktivitetane frå boka er gamle travarar som mange med born har vore borti. Insekthotell og blomepressing er døme på dette, mens andre aktivitetar som å lage vindmålar eller fargerike pollineringspotter framstår som meir nyskapande.
Kunne fått gjere fleire oppdagingar sjølv
Sjølv om boka ved første augekast framstår som leiken og fri, gir forfattaren kanskje litt vel ferdigtygde oppskrifter på korleis dei forskjellige aktivitetane skal utførast og kva som blir resultatet. Til dømes er det i utgangspunktet ein artig og annleis aktivitet å lage det som vert kalla ei frøbombe. Kort fortalt er ei frøbombe harde, tørka kuler av leire, kompost og blomefrø, som vert lagt ute i regnet for oppløysing. Her fortel forfattaren kva som vil skje når regnet kjem: Frøa forsvinn ned i jorda og seinare kjem det ein blomeeksplosjon. Slik er det berre, liksom. Eg trur boka hadde stått seg betre med å la resultatet vere ope, ei eventuell overrasking: «Kva trur du kjem til å skje?» Det blir ikkje like gøy når svaret er gitt.
Boka rettar seg inn mot aldersgruppa 4–8 år, opplyser forlaget. Mon ikkje det er eit litt stort sprang? Det kan bli vanskeleg for fireåringen å føre ei naturdagbok, eller lage eit terrarium (eit slags lite økosystem i ei glaskrukke for innebruk) slik forfattaren føreslår. Eg trur boka hadde tent på å rette seg mot born i skulealder, til dømes 6–9 år. I alle høve dersom ein skal leggje opp til at boka skal lesast av borna sjølve.
Det er nok mange foreldre og andre vaksne som ynskjer å hjelpa borna sine til å oppdage gleda ved å få jord under neglene og meistringskjensla det gir når frøet dei sådde tittar fram som ei irrgrønn lita spire full av liv. Denne boka kan då vere god å ha.