Ein akademisk smågodtpose

Boktittel: Med blikk for humor. Studiar i barnelitteratur
Forfatter: Ingrid Nestås Mathisen og Anne-Stefi Teigland (red.)
Forlag: Cappelen Damm Akademisk
Årstall: 2024
Antall sider: 248
Sjanger: Faglitteratur
Det er skrive lite om humor i norske barnebøker. Antologien Med blikk for humor fyller med andre ord eit hol, og boka gir oss eit mangfald av ulike innfallsvinklar til emnet.
Forskargruppa Litteraturdidaktikk ved Høgskulen på Vestlandet har forska på humor i barnelitteraturen sidan 2020. Kanskje blei dei inspirerte av Barnebokkritikk sitt seminar om temaet i 2019? Den gongen blei i alle fall både fleire humoristiske barnebøker og forsking på feltet etterlyst. Med blikk for humor gir oss artiklar frå tretten av deltakarane i forskingsprosjektet. Det har sjølvsagt kome fleire enkelttekstar og foredrag undervegs i desse fire åra, men sannsynlegvis har redaktørane Ingrid Nestås Mathisen og Anne-Stefi Teigland samla dei beste bidraga i denne avsluttande utgivinga.
Didaktikk?
Det er svært ulike innfallsvinklar til humor som er representert mellom dei to permane. Eg tenkjer at ikkje alle vil ha utbytte av å lese alle, men at kvar artikkel tener sitt formål. Redaktørane har delt tekstane inn i fem ulike delar, der dei to første er delt inn etter sjanger – ein del om lyrikk og ein om lettlesne barneromanar – medan del tre handlar om ironiske eg-forteljarar. Del fire inneheld tematisk fokuserte tekstar – Malin Jenssen Bakken tar for seg fedme i barnelitteraturen, Inga Henriette Undheim har eksempel på plutseleg rikdom, og Åse Høyvoll Kaldestad skriv om mobbehistorier. I del fem finn vi berre ein tekst. Den einaste av dei tolv tekstane som tar for seg korleis dei unge lesarane reagerer på humoren i barnelitteraturen.
Forskargruppa skriv sjølv at dei forskar i skjeringspunktet mellom teoretisk litteraturvitskap på den eine sida og praktisk-teoretisk norskfagsdidaktikk på den andre, men i denne antologien er det berre Ingrid Nestås Mathisen og Gro Ulland som har ei praktisk tilnærming. Dei har presentert sju utdrag av Ingeborg Arvolas Buffy By for tjue sjuandeklassingar, og fått dei til å rangere utdraga frå minst morosamt til mest morosamt. Gjennom erfaringa frå klasserommet viser dei to forfattarane at «humor er ein fruktbar inngang for å få elevane i dialog om teksten». Humor er noko subjektivt, det er ikkje mogleg å lage ein fasit for kva som er morosamt og kvifor, og dermed kunne elevane meine fritt.

Litteraturvitskap!
Det er didaktiske refleksjonar i antologien elles også, men dei held seg på det teoretiske planet. Særleg Ragnhild Rieber-Mohn har dei didaktiske brillene på når ho skriv om korleis den svenske bokserien om Billie skaper livsmeistring gjennom humor, og alle dei tematiske artiklane har tankar om kva tekstane kan lære lesarane sine. Elin Stengrundet og Marianne Røskeland, som opnar samlinga, skriv begge om humoristisk barnelyrikk og om det kritiske potensialet i språkleiken. Dei er opptatte av motsetnadsparet kritisk og konservativ humor, og Røskeland viser også forskjellen på dei kritiske innsiktene vi får intuitivt, og dei kritiske refleksjonane vi gjer oss i etterkant.
Fleirtalet av artiklane er likevel meir for meg som litteraturvitar enn for norsklæraren i meg. Stengrundet skriv om Prøysen, og er mest av alt opptatt av forfattarskapen hans. Berit Westergaard Bjørlos fine nærlesing av Rim det har rablet for av Christian Løchstøer gir innsikt i korleis humor speler saman med alvor og undring i den litterære teksten. Anne-Stefi Teiglands studie av nerdete førstepersonsforteljarar, Kristoffer Jul-Larsens tekst om intertekstuell humor og Per Arne Michelsens analyse av Da Bo satt fast i do av Arne Svingen er tre skarpe analyser som har overføringsverdi til andre tekster, men i liten grad til klasserommet.

Humor på alvor
Frå min ståstad er det eit gode i seg sjølv at Cappelen Akademisk gir ut fagbøker der fagspråket i all hovudsak er nynorsk. Samstundes skulle eg ønske at desse tekstane hadde vore hakket meir underhaldande. Om ein først skal skrive ei bok om humor kunne det gjerne ha vore meir morosamt formidla, men det ser ikkje ut til å ha vore ambisjonen til ein einaste av desse forskarane. Det er i grunnen typisk at når ein skal undersøkje kvifor noko er morosamt, så blir det smått kjedeleg å lese. Dei to redaktørane av Med blikk for humor er fullt klar over problemet og kjem kritikken i forkjøpet. I eit leseverdig forord skriv dei om korleis vitsar blir øydelagde når du forklarar dei, og at forskargruppa «tar humor på alvor».
Den teksten som engasjerte meg mest, kanskje nettopp fordi den var skrive med eit glimt i auget, var «Pakk dem inn i bobleplast» av Lykke Guanio-Uluru. Ho skriv om den australske serien Gutta i trehuset av Andy Griffiths og Terry Denton. Guanio-Uluru er ikkje først og fremst opptatt av slap-stick-humoren som Griffith og Denton tar i bruk, sjølv om ho synleggjer denne med underhaldande eksempel. Artikkelen hennar viser korleis bokserien gjennom verbal og visuell humor diskuterer notidas gjennomregulerte barndom og oppfordrar til fri, kreativ og risikabel leik.

Bruksverdi
Det verste med slike antologiar er at uansett kva ein puttar i denne akademiske godteposen, vil ein ikkje kome djupt ned i det emnet ein skriv om. Kvar forfattar har fått sine tjue sider og alle må dei skrive seg gjennom den akademiske artikkeloppskrifta der problemstillinga, teorien og primærlitteraturen blir presentert. Dei fleste kan ikkje kome i gang med noko substansielt før dei er på side ti.
Det beste med oppskrifta er sjølvsagt at ein får smakebitar av mykje forskjellig og ulike perspektiv på same emnet – berre så synd at det kjennes litt overflatisk. Eg får meir lyst til å lese Mikhail Bakthin eller Henri Bergson på nytt, for desse blir flittig sitert gjennom heile samlinga, og eg blir nysgjerrig på filosofen Simon Critchley og litteraturvitaren Julie Cross, som begge har skrive heile bøker om humor, og som blir nemnde i nesten annankvar artikkel. Slik sett kan en seie at Med blikk for humor har inspirert meg til å lese meir om kva som gjer barnebøker morosame.
At eg kjeda meg medan eg las Med blikk for humor, er slett ikkje eit teikn på at redaktørar eller artikkelforfattarar har gjort noko feil. Det er berre ikkje ei tekstsamling som eignar seg for gjennomlesing. Om ein les forordet og eit utval av artiklane – alt etter kven ein er og kva ein har bruk for – vil denne samlinga kunne gi utbytte til mange ulike lesarar.