Tittel: Falturiltu
Tekst: Mari Moen Holsve (red.)
Illustratør: Camilla Kuhn
Forlag: Norske Barne- og Ungdomsforfattere
Årstall: 2016
Antall sider: 126

Ein stødig og småblyg jubilant

Falturiltu-festivalen si jubileumsbok viser godt fram kva festivalen gjer, utan å seie så mykje om kva den er.

Den nynorske barnelitteraturfestivalen Falturiltu har heldt det gåande i ti år, og gir i det høvet ut ei jubileumsbok i samarbeid med Norske Barne- og Ungdomsbokforfattere (NBU). Festivalen på Stord har kvart år vore merksame på det som føregår i litteraturen for dei unge, og særleg late forfattarane sjølve prege festivalens profil. Jubileumsboka er såleis ein tilstandsrapport for den nynorske barne- og ungdomslitteraturen gjennom det siste tiåret, skrive av dei ni festivalforfattarane, som alle er sentrale figurar i (ny)norsk litteratur.

okland

Berre ni? Jamvel om festivalen har blitt arrangert i ti år? Forklaringa ligg i at Falturiltu ikkje hadde eigen festivalforfattar i 2014, men i staden valde å samle folket til festival under temaet «fantastisk litteratur». For min del verkar det å velje anten forfattar eller tema litt pussig, og eg har grunda på om programmet kunne ha tent på å surre rundt ein årleg tematikk, gjerne ut ifrå festivalforfattarens forfattarskap. Likevel ser eg også fordelen ved å løfte tydeleg fram ein forfattarskap, i einsam majestet, så å seie, men med alle sine variasjonar og tematisk sprikjande fangarmar. Falturiltu skal i alle fall ha honnør for å ha gitt publikum høve til å bli godt kjende med ei einskild, sterk forfattarrøyst, kvart år gjennom ni heile år.

Det er også dette jubileumsboka til festivalen først og fremst gjer: Her stig røystene til Bjørn Sortland, Ragnar Hovland, Einar Økland, Maria Parr, Erna Osland, Hans Sande, Ingelin Røssland, Oskar Stein Bjørlykke og Rune Belsvik tydeleg fram, med refleksjonar over eigne forfattarskap eller – ofte endå meir interessant – om skilnadar og likskapar ved å skrive for vaksne og born, om barnelitteraturens mål og meining, og om vanskar og utfordringar ved det å skrive i det heile tatt. Mest interessant opplever eg dei tekstane som tydeleg rører ved store og tilsynelatande evigvarande problemstillingar i barnelitteraturen, og her står Maria Parr sin tekst om heltar og heltinner i ei særklasse.

parrUt ifrå J. A. Appleyard sine teoriar, men like mykje ut ifrå hennar eiga historie som lesar, skildrar ho korleis vi utviklar oss som unge lesarar, og ikkje minst: kva som står på spel i denne utviklinga. «Der går ein barndom», tenkjer Parr når ho ser eit barn, «ein barndom som for oss vaksne fyk raskt av garde medan vi stadig hyppigare stryk juledukane våre. Men for det barnet som går der, så er barndomen lang og historiene viktige. Det er viktig det vi driv med. Om nokon skulle tvile av og til. Vi treng historiene for å greie å førestelle oss kva som er mogleg.» Vi treng dei også for å lære oss at verda er komplisert, viser Parr, og for å forstå at godt og vondt ofte er innfløkt på måtar som vi må lære å leve med, om vi enn ikkje forstår dei fullt ut.

Også Hans Sande sin tekst løftar fram eit viktig emne, som kanskje har fått mindre lys kasta over seg enn det fortener. Sande skriv om barnelitteraturens «grensejegerar» – først og fremst redaktørar, men også bokmeldarar, bibliotekarar og konsulentar, som vaktar grensene rundt det som er lov å skrive i barnelitteraturen. Det er dunkelt på grensa, og mykje føregår i det løynde: i forlagslokala og i møta mellom forfattar og redaktør. Sande held fram korleis uheldig styring frå redaktørar og andre kan føre til sjølvsensur – ei usynleg og sporlaus form for innskrenking av ytringsrommet. «Kanskje bør eg bruke ytringsfridomen heilt ut, og nemne namna på redaktørane?», spør han, og svarar med det same: «Ja, ka svarten, eg gjer det!». Så fortel han om då Nina Méd og Gyldendal ikkje ville gi ut Pappa er sjørøvar (2011), som handlar om Israel og Palestina-konflikten, og om då døra blei stengd for han i Det Norske Samlaget, noko den smått legendariske barnebokredaktøren Guri Vesaas står ansvarleg for, om ein skal tru Sande.

sandeEg kan gjerne tru Sande, men eg synest samstundes at han i artikkelen reduserer kritikken til desse einskilde historiene, og at han ikkje følgjer opp med dei grundige argumenta som burde følgje. I staden kjem eit temmeleg sjølvsagt forsvar for mangfald og kreativitet, som eg har vanskar med å tru at nokon av dei omtalte redaktørane kan vere usamde i. Likeeins stiller han eit interessant og vanskeleg spørsmål når han ymtar om at Samlaget si oppgåve om å føre vidare den nynorske kulturarven kan ha vore ei hindring for mangfaldet i den nynorske barnelitteraturen. Dette er eit spørsmål eg gjerne skulle sett Sande drøfte, men helst på ein måte som strekk seg vidare enn hans eigne røynsler med Samlaget.

Når først Guri Vesaas er nemnd, må eg også seie at ho luskar i bakgrunnen av fleire andre tekstar her, som ei jordmor for den gode barnelitteraturen. Både Ragnar Hovland og Einar Økland fortel om korleis barnebokredaktøren arbeidde for å få forfattarar som skreiv for vaksne til å også skrive for born. Om Sande sin kritikk ein augneblink får meg til å lure på kva anna som kan ha falle utanfor hennar smak, så blir eg også sitjande å tenkje på all den kvalitetslitteraturen som kunne ha gått tapt om det ikkje var for henne.

Rune Belsvik og Ingelin Røssland skriv personlege tekstar om skrivevanskar og skrivetrong, medan Erna Osland ikkje skriv meir enn ein e-post til redaktørane av jubileumsboka, men lèt dei til gjengjeld setje på trykk eit nydeleg, lite eventyr om å lære seg å lese. Bjørn Sortland – årets festivalforfattar på Falturiltu – slår på si side eit slag for barnebokkritikken, og for at den øvrige litterære offentlegheita må slutte å nedvurdere barnebøker og barnebokforfattarar. Sortland har gode poeng, som han formulerer med eksistensiell iver, og det einaste eg stussar på er at redaktørane har valt å setje denne teksten først i boka. For meg er i alle fall dette vesle forsvarsskriftet for barnebokfeltet eit litt defensivt anslag for ei jubileumsbok for den nynorske barnelitteraturen.

I teksten «Å skrive for born» meiner Oskar Stein Bjørlykke at barne- og vaksenlitteratur er to innfallsvinklar til det same litterære feltet: «Skjønnlitteratur for barn og skjønnlitteratur for vaksne er i sitt innarste vesen og sin eigenart det same». Eg lèt meg først irritere over at Bjørlykke likevel skil dei to innfallsvinklane så tydeleg frå kvarandre, til dømes når han karakteriserer det å skrive for vaksne som å gå «den litt tunge vegen, som inneber noko symbolmetta, kanskje i eit språk som er litt abstrahert», medan det å skrive for barn «inneber noko naivistisk og enkelt, gjerne med hjelp av språket i sine munnlege variantar».

bjorlykkeMen Bjørlykke skriv også om korleis sansing og fantasi flyt over i kvarandre i barnepoesien. Når han fortel at sansinga er det viktigaste utgangspunktet for poesien hans, tek han òg atterhald om at det ikkje er den einaste impulsen, men den første: «Om sansebileta er sterke nok, kan det setje i gong fantasien. Om sansingane er sterke nok, kan dei også få ein førstegongskarakter». Her teiknar Bjørlykke eit poetisk sjølvportrett så godt som noko – eit portrett som står godt til den treffande varme illustrasjonen Camilla Kuhn har laga av Bjørlykke.

Kuhn har også elles laga kledelege, smålåtne illustrasjonar til boka, og spennet mellom forfattarportrett og meir fristilte illustrasjonar, passar godt til blandinga av forfattarrøynsler og dei meir vidfarande faglege refleksjonane.

I det heile viser Falturiltu-boka godt kva festivalen gjer, meir enn kva den er. Sjølv om eg verdset ei slik bok med både praktiske og meir eller mindre teoretiske refleksjonar rundt barnebokfeltet sine særeigne spørsmål, saknar eg også ein artikkel som reflekterer over nettopp kva festivalen er og har vore, og kva den kan bli. Litt meir Falturiltu, med andre ord, og litt meir raltura. Først og fremst er boka frigjerande lite sjølvsentrert, idet den held blikket festa på saka – den nynorske barnelitteraturen – heller enn å rette det mot festivalen sjølv. Men som andre jubilantar, burde også festivalen tole litt merksemd, for at lesaren skal kunne delta i refleksjonen om kva festivalen har oppnådd, om korleis den eventuelt har endra eller prega den barnelitterære offentlegheita, og om kva slags målsetjingar som er realistiske for dei neste ti åra.



Skrevet av:
Ingen kommentarer.

Legg igjen en kommentar

Legg inn din meaning her. Vær hyggelig. Din e-post vil holdt anonym.